Sjekkliste for kulturkontakten

Sjekkliste

Kulturkontakten er eit viktig bindeledd mellom skulane, DKS og utøvarane.

Kulturkontaktane vert oppfordra til:

- å halde DKS Vestland oppdatert på timeplanar, elevtal, elevfrie dagar og kontaktinformasjon til kulturkontakt og skulen. Dette gjerast i KSYS.

- å vere godt orientert om tilbod som kjem frå DKS Vestland. Prioritere å delta på DKS sine konferansar og møtestadar.

- å sjekke nettsida www.skulesekken.no jamleg.

- å sjekke e-post dagleg.

- å sjekke fakta-ark, lærarrettleiingar og tekniske spesifikasjonar  på www.skulesekken.no

- å gjere informasjon om framsyningane lett tilgjengeleg t.d. på oppslagstavler/ lærarrom

- å vidareformidle og sikre informasjon til kontaktlærarar om dei ulike tilboda

- å følgje opp elevar eller andre som får delegert ansvar ved besøk på skulen

- å syte for at lærarane gjev alle elevar informasjon om tilboda slik at dei er godt førebudde. 

Kulturkontaktane bestiller transport dersom skulen skal reise til ein annan skule eller lokale for å sjå framsyning eller konsert. Vestland fylkekommune (VLFK) refunderer kostnader til transport når skulane må reise for å delta på framsyningar i fylkekommunen sin regi.

- Ruteselskapet  fakturerer direkte til VLFK og må merkje fakturaen med namnet til skulen og kva DKS- tilbod refusjonskravet gjeld + dato. (Sjå eigen info om transport)

Kontakt med utøvarane på arrangementsdagen

Kulturkontaktane er skulane sine kontaktpersonar for utøvarane.
Utøvarane tek kontakt på førehand for å avklare praktiske forhold knytt til framsyninga.

• Vere hyggeleg vertskap, ta imot utøvarane og syte for bærehjelp etter behov.
• Vise utøvarane spelestaden, garderobe og lærarrom
• Ynskje utøvarane velkomne og eventuelt introdusere framsyninga
• Takke utøvarane

Sjekkliste for konsert, danse- og teaterframsyningar
• Er lokalet/rommet ledig?
• Trengs det bærehjelp?
• Kor lang riggetid har utøvarane, og kor tid kjem dei til skulen?
• Skal det være blending?
• Er temperaturen i lokalet ok?
• Er det nok straum tilgjengeleg?
• Korleis  skal elevane plasserast?

Etter framsyninga
• Bidra til at skulen/einskildlærarar sender inn evaluering i KSYS etter besøk/framsyning.

Til slutt
Avklar med utøvarane læraren si rolle under framsyninga; er dei publikum på linje med elevane? Kven grip inn i dersom det utviklar seg uheldige situasjonar ved td. bråk?
 

Vis interesse; sjå framsyninga i lag med elevane og kollegaer!