Ressursmeny

(Fleire lenker i menyen til høgre)

Nasjonalt senter for kunst og kultur

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa har som mål å auke kvaliteten i kunst- og kulturfaga i barnehagane og grunnopplæringa. Senteret har ein  rikhaldig ressursbase som skulane fritt kan nytte i eige arbeid med kunst. og kulturfaga

----------

Møtepunkt

"Møtepunkt himmel og jord" består av film, nettside og ei ressurskasse med religiøse gjenstandar. Programmet omhandlar religiøst mangfald og integrerings-problematikk, og kan knytast til tema som historie (kulturarv), arkitektur, geografi, norsk (med utvida tekstomgrep) eller tverrfagleg arbeid, i tillegg til RLE-faget i grunnskule og vgs. Programmet består av film, nettside og ei ressurskasse med religiøse gjenstandar.

----------

filmFilm i grunnskulen. Her kan du laste ned ein Power Point-presentasjon med tips til ressursar og bruk av film i undervsinga i grunnskulen. Av Ove Eide.

----------

GeocoachingGeocaching er ei høgteknologisk skattejakt der ein brukar GPS for å finne skjulte behaldarar, kalla geocachear, utandørs og deretter deler opplevinga si på nett. Geocahing er tilgjengeleg fleire stader i fylket. Les meir om ordninga og kvar du finn tilbodet: www.geocaching.com

----------

FilmhjelpFilmhjelp.no viser korleis ein kanlage film ved hjelp av eige mobilkamera. Ressursen er vutvikla av lærarar ved Firda vgs i samarbeid med fylkekommunen.

----------

arkeologiArkeologiske utgravingar. Det føregår til ei kvar tid arkeologiske utgravingar som kan vere aktuelle å nytte seg av i undervisninga rundt om i dei ulike kommunane. Her er samla nokre døme på gode nettressursar som kan nyttast.

www.norark.no  Side der ein får opp utgravingar som skjer i heile landet.

www.kulturminnesok.no  Riksantikvaren si side over kulturminner.

www.norgeibilder.no  Kartverket si  side med flyfoto for landet

www.uib.no/   Bergen museum sitt arkeologiske feltarbeid som også omfattar Sogn og Fjordane fylke.

http://dokpro.uio.no/  Dokumentasjonsprosjektet. Samleside med nyttige lenker

http://fylkesatlas.no  Sogn og Fjordane fylkeskommune, og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sin kartportal med mykje informasjon