Austevoll

Austevoll

Postadresse: , 5392 Storebø

Besøksadresse: , 5392

Telefon: 55 08 10 00

Kontaktperson: Audun Alvsåker, 55081220, audun.alvsaker@austevoll.kommune.no, Mandana Zadeh, 55081119 , 92087966, mandana.zadeh@austevoll.kommune.no

Tal på produksjonar: 4

  • Alle
  • Grunnskule
  • VGS

Avtrykk - H20

Visuell kunst, Trinn: 5-7
"Avtrykk" er ei utstilling, inkludert ein mobil verkstad med tresnitt som utgangspunkt. Tresnitt er den eldste grafiske teknikken, med røter tilbake til gamle Egypt, Romarriket og Kina. Likevel er teknikken like aktuell i vår digitale tid.I utstillinga vert merksemda retta mot tresnitt som medium og uttrykk. Formidlar Kamilla Sajetz Mathisen vil presentere verk av kunstnarduoen Cathrine Dahl og Ørjan Aas. Dei to kunstnarane jobbar med tresnitt i nye og ukonvensjonelle format i svart-kvitt. Billetspråket er ofte henta frå video, teikning og fotografi. Historier vert fortalde på ny, gjerne lag på lag, og blir til nye univers. I verkstaden får elevane lage sine eigne univers ved å utforske kva som ligg i denne grafiske teknikken. Elevane samarbeider i grupper på 3 eller 4 og får lære korleis dei skal handtere verktøyet, og utforske det unike formspråket som oppstår ved å skjære non-figurativt i treplater. Platene vert sette saman og trykt opp til eit grafisk kunstverk som klassa får behalde.

Digitalt tilbod, Les for livet! - V20 og H20

Litteratur, Trinn: 5-7
To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! Les for livet! er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Skodespelarane Hanne Mellingen og Ronnie Mega Herdlevær skulle eigentleg ha vore på DKS-turné i Vestland i vår. På tampen av skuleåret vart det laga ein digital versjon aom omhandla "Les for livet!". Den kom så seint i skuleåret at ikkje alle hadde høve til å nytte den. Vi har difor fått ny avtale som gjer at videoen blir tilgjengeleg for haustsemesteret 2020.Dette er ikkje sjølve framsyninga Les for livet!, men ein 15 minutts smakebit som skulane kan nytte. Den er ei god oppmuntring til leselyst for elevane!
Lekje til filmen på Vimeo ligg her.

Informasjon om framsyninga som skulle på turné 

Fighting Gravity - V21

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
Fighting Gravity tar utgangspunkt i kampen kvinnelege skihopparar har kjempa for å få dei same rettane som dei mannlege kollegaene. Tema for framsyninga er likestilling og likeverd, og kan vere ein god inngang til å snakke med elevane om skeiv balanse mellom kjønna.  Kvifor får ikkje kvinner sleppe til i dei største hoppbakkane i verda?
Fighting Gravity handlar om å følgje draumane sine, om å ha mot til å stå imot dei kreftene som bryt oss ned. Vi føl ”skihopparen” gjennom dei ulike fasene av eit skihopp, både som eit reelt hopp, men også som ein metafor for likestillingskampen. I tillegg til å møte sidevind og g-krefter på hoppkanten, møter ‘hopparen’ også  ”gubbeveldet”, ”tåkefyrsten” og eigne ”indre demonar”.
Utøvarane legg opp til ein kort samtale med elevane etter visninga.Turnéperiode: ​​​​​​​Mars/april.

Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar - H20 og V21

Musikk, Trinn: 1-4
Til konserten "Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar" har Lena Skjerdal, Knut Lothe og Erik Halvorsen komponert ny musikk for born basert på nynorske dikt skrivne av Lisbeth Dreyer. Dikta vart utgjevne i 2014 på Skald forlag og er illustrert av Per Ragnar Møkleby. Dikta er alle på rim og fortel på underfundig vis om livet i fjorden og i fjæresteinane. Tekstane inviterar til musikalsk fabulering, rytmiske og groovebaserte låtar, alt frå slentrande blues til stram tango og lyriske svev – alle med improvisasjon og leik som gjennomgåande element, med kommunikasjon og medverknad frå publikum i høgsetet.Musikarane har henta inspirasjon frå både norsk folkemusikk, reggae, nord-indisk ragabasert musikk, balkaninspirert folkemusikk, tango, amerikansk soulfunk, vest-afrikansk call-response - alt med utgangspunkt i opne øyre og levande samspel. FørearbeidPå konserten vil elevane få høyre om mange av fantane i fjæra. Forutan Konrad Kråkebolle, Enevald Eremittkreps og Bella Blåskjell, vil dei bli meir kjende med ma. Karelius Krabbe, Sabine Strandsnigel, Rikarda Reke og Siv Sjøanemone. Det er flott om elevane på førehand kan teikne eller male sine versjonar av nokre av desse fjærefantane til pynt i konsertlokalet.  Kulturtanken, Høgskulen på Vestlandet og DKS Sogn og Fjordane og er samarbeidspartar i utviklinga av dette konsertprosjektet.
Uttrykksform
Målgruppe
Åpne filter