
Å vente på FN - V21
Film, Trinn: 8-10
Gjennom dokumentarfilmen “Å vente på FN” blir elevane kjende med ein familie på fire frå det okkuperte Vest-Sahara. Familien har budd i ein flyktningleir i over 40 år. Etter at elevane har sett den 35 minutt lange dokumentaren, vil regissør Ane Oltedal og regiassistent Asria Mohamad, som vaks opp i flyktningleiren, ha ein samtale med elevane.Vest-Sahara er okkupert av Marokko, og i over 40 år har det saharawiske folket levd i provisoriske flyktningleirar i ein ørken i Algerie. Familiefaren Bah har vakse opp med forteljingar om kampar i heimlandet, Vest-Sahara. Både faren og bestefaren hans kjempa for heimlandet med våpen. Alt Bah gjer er å vente, - evig venting i ein ørken i eit framandt land. Kanskje burde dei ta til våpen igjen, tenkjer han. Sonen Taleb likar ikkje at faren stadig snakkar om krig.Elevane får eit nært innblikk i korleis ein heilt vanleg familie, i ein heilt uvanleg situasjon, får kvardagen til å gå rundt med små utsikter til ei betre framtid. Etter filmvisninga vil Ane Oltedal og Asria Mohamad samtale med elevane. Her kan dei ta opp mange tema som er relevante i ulike fag i vgs og på U-steget; geopolitikk, FN, EU, flyktningar, bistand, medieetikk, mediepåvirkning m.m.Vedlegget viser at dokumentaren enkelt kan brukast til å ta opp tema som som er nedfelte i skulen sine læreplanar.