
Tippe tippe tue - V21
Musikk, Trinn: 1-7
Eit musikalsk møte med tre av våre fremste unge folkemusikararI dette programmet får elevane møte folkemusikarane Malin Alander, Ingrid Stuhaug og Ole Nilssen. Dei byr på ein variert og leiken meny med både gneistrande slåttespel på hardingfele og trekkspel, vakre folketonar, og eit knippe rim og regler som elevane skal få lære seg nokre av. Regien er ved Jeff Pedersen.FørearbeidDet er fint om elevane får gjere seg kjende med songen "Tippe Tippe Tue" som ligg vedlagt som pdf og lydfil. Songen vil bli framført i starten av konserten, og elevane får vere med for fullt seinare i programmet.Praktisk konsertførebuing• Sceneoppsett: Det er lagt ut ei skisse (pdf) med sceneoppsettet. Utøvarane vil gjerne at de lager ein halvsirkel med diameter 6-7 meter midt på sceneområdet, og eit "mini-amfi" rundt. Det vil seie matter fremst, så benkar og stolar. Utøvarane treng eit bord (pult-storleik), og det må vere eit straumuttak nær sceneområdet. • Aldersblanding: På skular med fleire konsertar er det fint med aldersblanding på konsertane.
• Ankomst: Musikarane kjem til skulen omlag 45 min. før konserten startar.
• Bærehjelp: Musikarane vil gjerne ha hjelp av 2 elevar til å bere inn litt utstyr når dei kjem.
God konsert!