Luster oppvekstsenter

Luster oppvekstsenter

Postadresse: Lustravegen 3300 A, 6872 Luster

Besøksadresse: Lustravegen 3300 C, 6872 Luster

Telefon: 57 68 59 20 (Kontortelefon til rektor.), 95993505 (Mobil, rektor)

Kontaktperson: Eli Merete Moen, 57685920, eli.merete.moen@luster.kommune.no, Håvard Vinda, 95068520, havard.vinda@skule.luster.no

Tal på produksjonar: 6

  • Alle

Bufaste Tonar

Musikk, Trinn: 1-4
Engasjert trio med levande tradisjonsmusikk frå Sogn og Fjordane.Når vi er i lag med andre, kan det ofte vere fint med musikk til både spel, song og dans. Slik var det også før i tida. Slåttar, songar og stev vart lært vidare og spreidd til nye delar av landet. Dei beste spelemennene sette kvarandre i stemne på dei store marknadane til kappspel og for å tene seg ein slant. Dette var møtepunkt der slåttar og songar vart vidareført, og mange drog heim med ny musikk og nye musikalske impulsar.På konserten «Bufaste tonar» får elevane møte kvedaren Judith Vestreim i lag med Håkon Høgemo på hardingfele og Tom Karlsrud på trekkspel. Dei vil ta publikum med på ei folkemusikalsk reise der elevane får møte den levande tradisjonsmusikken frå Sogn og Fjordane, og sjølve få oppleve korleis folkemusikk kan vidareførast frå generasjon til generasjon i munnleg tradisjon. FørearbeidDet er fint om elevane lærer seg songane "Blaokodla" og "Da e no so fagert" på førehånd. De finn dei to songane både som notar med tekst og lydfiler i kolonna til høgre.God konsert!

Hus i hodet

Visuell kunst, Trinn: 1-4
Dette er eit prosjekt som handlar om forventning, estetikk, sjølvforståing, realfag, arkitektur og engasjement. Alle barn har eit ønskje om å "byggje og bu", ein stad å leike og drøyme. Gjennom utstillinga får barna reflektere over kva eit hus er, kva det betyr og korleis vi tenkjer rundt det. Samtidig får elevane demonstrert enkle geometriske, konstruksjonsmessige prinsipp gjennom dialog, leik, samarbeid  -  og utan avansert teknologi.Utstillinga består av 24 plansjar på 50 x 50 cm som viser ulike bygg frå heile verda, frå det store til det vesle, frå det normale og kjende til det spektakulære, frå eventyrpalass til utedo. Plansjane er trykte på 4 store, mjuke terningar med eit bilde på kvar side. Prosjektet legg opp til dialog med barna etterkvart som bilda blir kasta fram med treningane.Elevane får også sjå eit element (5x5 meter) i armert PVC-duk. Dette kan blåsast opp, formast og endrast frå flat madrass til ein vegg eller eit tak med gavl. Barna blir oppfordra til å sjå kva som er muleg å byggje med desse elementa, og gjennom samarbeid vil dei kunne endre form og plassering. Med terningane og elementet er det muleg å lage mange ulike bygg. Viss det er ønskjeleg kan ein også dokumentere prosessen ved å ta bilde.

Ringeren i Notre-Dame

Scenekunst, Trinn: 5-7
- Spennande klassikar for born og unge !Ei natt blir eit lite deformert born funne på steintrappa til Notre Dame i Paris. Eit born ingen vil ha, eller vedkjenne seg. Tjue år seinare har bornet blitt ein ung mann, med eit veksande ynskje om å gå ut i verda utanfor katedralen og møte menneska der.Handlinga i Victor Hugos klassiske roman «Ringeren i Notre Dame» fra 1831 foregår i og omkring den veldige katedralen Notre Dame i Paris på 1400-tallet.  Historia om den pukkelryggede Quasimodo inneheld både komikk og tragedie, skrekk og romantikk. I botn ligg ei sterk forteljing om utanforskap som alle kan kjenne seg igjen i.Skodespelaren Anders Sanzén spelar på imponerande vis alle dei 35  forskjellige rollane, og har saman med musikar Bo Platzack hausta glitrande kritikkar for forestillinga.

Vesleblakken

Scenekunst, Trinn: 1-4
Framsyninga Vesleblakken er ei dramatisering av novella med same namn av Rendalsforfatteren Jacob Breda Bull. Novella vart gjeven ut  i samlinga Prestegårdshistorier (1914), og på sett og vis gjort udødelig då Nordahl Rolfsen tok den med i boka «Lesebok for folkeskolen.»Novella vert framstilt som eit autentisk barndomsminne frå forfatteren sin oppvekst: ein bror er dødssjuk, og legehjelp må hentast frå Tynset. Hesten Vesleblakken er både den raskeste hesten på garden og borna sin kjæraste ven, og det fell på drengen Ola Jonsen Styggpåjord å drive hesten til døde for å hente legen tidsnok.

Digital litteratur Bjørn Ingvaldsen

Litteratur, Trinn: 5-7
Våren 2020 tilbyr DKS nokre digitale tilbod. Tanken er at skulane lett kan formidle desse tilboda til elevane gjennom digitale medie. Under her ligg det også ei lærarrettleiing som seier meir om produksjonen.Bjørn Ingvaldsen er ein av landets mest erfarne DKS-formidlarar, tidligare leiar av Noregs Bygdeumdomslag (NBU) og prisløna forfattar. Han er initiativtakar til det digitale formidlingsopplegget i DKS. Han har mellom anna vore nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur, Uprisen, Bokslukerprisen og Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris.Informasjon frå Kulturtanken om digital kulturformidling i DKS

Digital litteratur Linde Hagerup

Litteratur, Trinn: 1-4
Våren 2020 tilbyr DKS nokre digitale tilbod. Tanken er at skulane lett kan formidle desse tilboda til elevane gjennom digitale medie. Under her ligg det også ei lærarrettleiing som seier meir om produksjonen. Linde Hagerup er forfattar, skrivelærar og avisspaltist. Ho var berre 17 år da ho kom inn på Skrivekunstakademiet i Bergen, som ei av dei yngste noensinne.
Ho mottok Kirke- og kulturdepartementets illustrasjonspris for diktssamlinga “Verdens største gorrilla og andre rim”.Informasjon frå Kulturtanken om digital kulturformidling i DKS
Uttrykksform
Åpne filter