Flatbygdi skule

Flatbygdi skule

Postadresse: Postboks 134, 6891 Vik i Sogn

Besøksadresse: Flatbygdi, Skulevegen 12, 6893 Vik I Sogn

Telefon: 57 69 80 20

Kontaktperson: Robert Hovland, 97986530, Robert.Hovland@vik.kommune.no

Tal på produksjonar: 3

  • Alle

Digitalt tilbod, Les for livet! - V20 og H20

Litteratur, Trinn: 5-7
To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! Les for livet! er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Skodespelarane Hanne Mellingen og Ronnie Mega Herdlevær skulle eigentleg ha vore på DKS-turné i Vestland i vår. På tampen av skuleåret vart det laga ein digital versjon aom omhandla "Les for livet!". Den kom så seint i skuleåret at ikkje alle hadde høve til å nytte den. Vi har difor fått ny avtale som gjer at videoen blir tilgjengeleg for haustsemesteret 2020.Dette er ikkje sjølve framsyninga Les for livet!, men ein 15 minutts smakebit som skulane kan nytte. Den er ei god oppmuntring til leselyst for elevane!
Lekje til filmen på Vimeo ligg her.

Informasjon om framsyninga som skulle på turné 

Eit annleis teikneseriekurs - H20

Visuell kunst, Trinn: 5-7
Nokre kan gjerne oppleve det ein kan kalle teiknevegring. - Ein blir over måte medviten eigne teikneferdigeiter, og slutter kanskje å teikne. Eit annleis teikneseriekurs ufarleggjer teikning ved å leggje vekt på det som ligg bak teikningene: eit heilt unikt, visuelt språk. Teikneserier handler om mykje meir enn "flotte" teikninger!I dette teikneseriekurset lærer elevene mellom anna om historia til teikneseria som medie. Dei lærer om ikon og symbol, korleis ein lager figurer av enkle og/eller tilfeldige former og historier. Elevene får også prøve profesjonelt teikneserieutstyr. I Eit annleis teineseriekurs lærer ein å "skrive" historier med teikninger. 

Glimt - V21

Litteratur, Trinn: 8-10
I 1940 blei Noreg okkupert av Tyskland, og i løpet av krigen hadde mange norske jenter ein tysk kjærast. Boka Glimt fortel om éi av desse jentene. Boka er også ein spennande grøssar som handlar om korleis grusomme hendingar kan setje djupe spor. Forfattaren vil lese frå boka og fortelje om bakgrunnen.I boka Glimt blir lesaren kjend med to ungdomar, Jon og Solveig, som begge bur på Grovøy. Dei to har mykje felles, men veks opp i heilt ulike tidsperiodar, Solveig under krigen, Jon i notida. Solveig blir tvinga til å vere tenestejente hos ein tysk kommandant og misser gradvis kontakten med venene sine. I det gamle ungdomshuset på øya blir Jon etter kvart blir kjend med framtidige klassekameratar, men i dette huset skjer det også noko mystisk og uforklarleg. Ungdomane blir redde.Fortattaren vil kome inn på at tyske soldatar ikkje berre var blodtørstige nazistar, men at dei også kunne ha gode menneskeleg sider. Han vil også ta for seg korleis jenter som sympatiserte med tyskarane blei behandla etter krigen, og kor vanskeleg det er for Solveig å vite kva som er rett og gale. Desse tankane finn vi òg igjen i Jon si historie.
Uttrykksform
Åpne filter