
Avtrykk - H20
Visuell kunst, Trinn: 5-7
"Avtrykk" er ei utstilling, inkludert ein mobil verkstad med tresnitt som utgangspunkt. Tresnitt er den eldste grafiske teknikken, med røter tilbake til gamle Egypt, Romarriket og Kina. Likevel er teknikken like aktuell i vår digitale tid.I utstillinga vert merksemda retta mot tresnitt som medium og uttrykk. Formidlar Kamilla Sajetz Mathisen vil presentere verk av kunstnarduoen Cathrine Dahl og Ørjan Aas. Dei to kunstnarane jobbar med tresnitt i nye og ukonvensjonelle format i svart-kvitt. Billetspråket er ofte henta frå video, teikning og fotografi. Historier vert fortalde på ny, gjerne lag på lag, og blir til nye univers. I verkstaden får elevane lage sine eigne univers ved å utforske kva som ligg i denne grafiske teknikken. Elevane samarbeider i grupper på 3 eller 4 og får lære korleis dei skal handtere verktøyet, og utforske det unike formspråket som oppstår ved å skjære non-figurativt i treplater. Platene vert sette saman og trykt opp til eit grafisk kunstverk som klassa får behalde.