Halbrend skule

Halbrend skule

Postadresse: Pb. 338, 6802 Førde

Besøksadresse: Liavegen 35, 6801 Førde

Telefon: 57 82 87 40

Kontaktperson: Rønnaug Dvergsdal, 57828743, 99224257, ronnaug.johanne.dvergsdal@sunnfjord.kommune.no

Tal på produksjonar: 2

  • Alle

Digitalt tilbod, Les for livet! - V20 og H20

Litteratur, Trinn: 5-7
To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! Les for livet! er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Skodespelarane Hanne Mellingen og Ronnie Mega Herdlevær skulle eigentleg ha vore på DKS-turné i Vestland i vår. På tampen av skuleåret vart det laga ein digital versjon aom omhandla "Les for livet!". Den kom så seint i skuleåret at ikkje alle hadde høve til å nytte den. Vi har difor fått ny avtale som gjer at videoen blir tilgjengeleg for haustsemesteret 2020.Dette er ikkje sjølve framsyninga Les for livet!, men ein 15 minutts smakebit som skulane kan nytte. Den er ei god oppmuntring til leselyst for elevane!
Lekje til filmen på Vimeo ligg her.

Informasjon om framsyninga som skulle på turné 

Tidskapselen, Sunnfjord museum V21

Kulturarv, Trinn: 9
Med Tidskapselen som overordna tittel for DKS-tilbodet ynskjer vi å gje elevane kjennskap til Sunnfjord Museum sitt museumsarbeid og ansvarsoppgåver for vern av kulturarv, og korleis kulturarv er med å gje grunnlag for identitet og forståelse for eigne tradisjonar som noko verdifullt. Identitetsomgrepet blir diskutert vidare i undertemaet «identitet i fortid, notid og framtid» der vi mellom anna ynskjer å gje elevane eit historisk tilbakeblikk på korleis identitetsomgrepet har endra seg gjennom dei siste 200 åra, og der vi vil gje dei eit bilete av kva grad unge på slutten av 1800-talet kunne forme sin eigen identitet. Kva er identitet, og kva spelar inn i forming av den? Kva fridom hadde ein på slutten av 1800-talet til å forme sin eigen identitet?
Viktig informasjon:
* Det er viktig at elevane kler seg godt etter vêret! Vi skal vere mykje ute! Dei må også
  ha niste og drikke med, og gjerne tørt skift med.
* Til læraren: Vi oppfordrar lærarane til å utforme sitt «Eg-tre», og til å vere delaktig i
  det som skjer under museumsbesøket.
* Alle grupper som deltek på opplegga må ha med seg ein eller fleire vaksne, og det er
  læraren som har ansvar for gruppa.
 * Vi ynskjer å gje elevane gode opplevingar, og det er bra å vere førebudd. Snakk med
   elevane før besøket. Kva er eit museum, korleis oppfører vi oss, og kva skal gå føre
   seg under besøket?
*  Meld frå i god tid om de har særskilde behov.

Fakturaadresse for transport
Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen. Fakturaen skal sendast i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse: 821311632.Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen og ressursnummer 34807».​​​​​​​
Uttrykksform
Åpne filter