
Eit magisk møte med lyset - H20
Visuell kunst, Trinn: 5-7
Elevane får ein dag med praktisk møte med forming, naturfag, fysikk, kjemi og... magi.Kva skapar biletet vi får i eit kamera? Sjølve magien ved fotografiet som forlengst er forsvunne i den digitale verda.
Elevane bygger sitt eige kamera i papp (ferdig utstansa, sett saman med tape). Dei fotograferer eit bilete på fotopapir, og får vera med når me framkallar i mørkerom. Dette papirnegativet lagar eg eit positivt bilete av. Å sjå sitt eige bilete dukke fram på det kvite papiret er sjeldan i våre dagar. Elevane er aktive deltakarar heile vegen, får sjå at ein kan lage bilete ved hjelp av eit kamera dei har laga sjølv, og som verken har linse eller er digitalt. I tillegg får dei oppleve resultatet av møta mellom lys, sølv og kjemi. I opplegget er elevane aktive. Dei sit ikkje berre og høyrer og ser, men deltek reint fysisk. Kunst og handverk, fysikk og kjemi i kombinasjon.