Bergen Katedralskole

Bergen Katedralskole

Postadresse: Postboks 414, 5828 Bergen

Besøksadresse: Kong Oscars gt. 36, 5017 Bergen

Telefon: 55 33 82 00

E-post:post.bks@vlfk.no (BKS skulepost Bergen Katedralskole)

Kontaktperson: Dag Chr Haugstvedt, hovudskulen, 57 30 67 05 (Direkte.), 959 70 235 (Mobil), dag.christer.haugstvedt@vlfk.no, Maren Knag Haukeland, 906 09 544 (Jobbmobil), 55 33 82 00 (Skulenr.), maren.knag.haukeland@vlfk.no (BKS, hovudkontakt)

Tal på produksjonar: 2

  • Alle

Miss Tati - V21

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Miss Tati blandar dans med hiphop, RnB, soul, house og pop. På ulike måtar inkluderer ho elevane i konserten for at dei skal få eit positivt forhold til det å utrykke seg gjennom musikk og dans. Ho er kjent for å lage energiske konsertar med eit allsidig uttrykk.
Miss Tati debuterte i 2017 med albumet «Finally, Tati», og dei siste åra har ho og bandet spelt over 150 konsertar på store scener og festivalar som Øyafestivalen, Slottsfjelll og by:Larm. Den norsk/portugisisk/angolanske artisten har lenge imponert med eit særpreg og ei formidlingsevne få artistar i Noreg kan måle seg med.

Øy - Carte Blanche H20

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
Danseframsyninga "Øy" er jakta på dei alternative forteljingane om  underdogen. Den stille dagdrivaren. Dei vi enno ikkje veit noko om. "Øy"er inspirert av historier om isolasjon, vandalisme og aude, lukka rom.
På scena, i ein hybrid mellom ein spa-resort og ei fantasyslagmark leitar framsyninga etter moglegheit til å reise bort. Langt bort, eller kan hende djupt innover. Saman med sju dansarar blir publikum inviterte med på eit fluktforsøk frå eit altoppslukande tomrom.Koreograf Ole Martin Meland sitt arbeid er direkte og upolert. På scena har han med seg den eksperimentelle pop-duoen Smerz som skapar eit styggvakkert lydbilete inspirert av horror og romanse.Framsyning og samtale på scenekanten:Elevane får fyrst sjå framsyninga (ca. 40 minutt). 
Etter framsyninga blir det ei samtale, leia av ein moderator, der dansarane fortel om prosessen og korleis framsyninga er sett saman av dei ulike element som rørsler, lyd, lys og scenografi (ca. 20 minutt).Speleperiode: 14. og 15. oktober.
Uttrykksform
Åpne filter