Slåtthaug videregående skole

Slåtthaug videregående skole

Postadresse: Slåtthaugveien 134, 5222 Nesttun

Besøksadresse: Slåtthaugveien 134, 5222 Nesttun

Telefon: 55 14 04 00

E-post:post.slv@vlfk.no (SLV skulepost Slåtthaug vgs)

Kontaktperson: Magnhild Hakestad, 55 14 04 12 (Direkte), 977 37 676 (Jobbmobil), magnhild.hakestad@vlfk.no (Hovudkontakt)

Tal på produksjonar: 2

  • Alle

Marthe Wang trio - V21

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Musikken til Marthe Wang har blitt kalla «ei perfekt blanding av popperler med jazzvendingar».  Ho har ei klokkeklar stemme og saman med musikarane sine framfører ho låtane levande og nært. Dei har funne fram til eit stort uttrykk i eit lite format, og kan fylle både store og små scener. 17.april 2020 ga ho ut sitt andre album “Bakkekontakt” - og VG skreiv “Sjelden har noe så alminnelig som å holde beina på jorden vært så ekstraordinært"Marthe Wang er fødd og oppvaksen i Bergen. I 2017 debuterte ho med albumet "Ut å se noe annet" som fekk strålande kritikkar og som blei nominert til Spellemannsprisen. Året etter vart ho tildelt Tekstforfatterfondets lyspunktpris, TONOs Edvardpris og låten "Til deg" var Kirkens Bymisjons TV-aksjonslåt. I 2019 spelte ho for unge menneske under opphald på rusinstitusjonar i regi av Kulturdråpen. Låten "No sier eg adjø" var på A-lista til NRK P1 i store deler av vårsemesteret 2020.Gjennom stemme, tekstar og sceneopptreden framstår Marthe Wang som ein sterk formidlar. Tekstane handlar mellom anna om korleis vi menneske ser på kvarandre, korleis vi er overfor kvarandre, og med håp om ei betre verd. Dei er framtidsretta og har engasjement for ungdommens stemme i klima- og miljøsaka. 

Skildring: Eit samansett bilete i glas V21

Visuell kunst, Trinn: VG1-VG3
Speglingar, refleksjonar, gjennomsikt og illusjonar.
Eit spennande verkstadbesøk og møte med glas, glasverkstaden, kunst og ikkje minst – kunstnaren i deg sjølve!Skuleklassar blir inviterte til S12 Galleri og Verksted i Bergen på verkstadsbesøk:Her pirrar vi sansane, vekkar undring, forvitenskap og assosiasjonar rundt materialet glas.  Hos oss skal elevane jobba med ein kreativ prosess og nytta glas i ulike fargar og fasongar til å skildra ei stemning i eit bilete. Vi nyttar teknikken Fusing, som vil seia å smelta saman glasbitar til ei heil flate. Verkstaden blir tilrettelagt som ei sanselig og skapande oppleving i vårt prosjektrom på Bontelabo 2 i Bergen. Elevane vil få innblikk i fleire ulike glasformingsprosessar gjennom demonstrasjonar i varmt og kaldt glas, forutan å gå i djupna på teknikken fusing som dei skal jobba i. Vi gir dei ein smakebit på biletanalyse gjennom eit kunsthistorisk skråblikk. Vi brukar døme frå kunsthistoria og ser dei i samanheng med teikneøvingar som elevane har gjort som inngang til det kreative og skapande arbeidet. Arbeidsprosessen har som mål å framkalla kreativitet og fantasi gjennom sansselegheit og nærkontakt med glas. Resultatet blir eit bilete i glas. Stikkord til førearbeid: Fargelære, Komposisjon, Assosiasjoner, Kreativ prosessEtterarbeid: Bilda blir brunne i ein av omnane i S12 over natta og sendt skulane i ettertid. I tillegg fotograferer S12 alle bileta og gjer dei digitalt tilgjengelege.
Elevane og skulen blir oppmoda om å setje opp ei utstilling av arbeida, anten digitalt eller at dei lagar ei fysisk utstilling i eit design som fungerer for den eiskilde skulen.
​​​​​​​Det er utarbeidd ein utstillarguide som gir  råd og tips til å lage ei utstilling med glas. Guiden finn de i lenkje under vedlegg til høgre.Verkstadperiode: ​​​​​​​Veke 3, 4, 5, 6 og 7 2021.
Uttrykksform
Åpne filter