Voss gymnas

Voss gymnas

Postadresse: Postboks 70, 5701 Voss

Besøksadresse: Gymnasvegen 5, 5700 Voss

Telefon: 56 53 23 60 (Voss gymnas)

E-post:post.vgy@vlfk.no (Skulepost, Voss gymnas)

Kontaktperson: Knut Brunvoll , 56 53 23 66 (Direkte), 473 90 280 (Mobil), knut.brunvoll@vlfk.no (Hovudkontakt), Nelly Nora Naasen, 56 53 23 68 (Direkte), nelly.nora.naasen@vlfk.no

Tal på produksjonar: 4

  • Alle

Fun Factory - V21

Film, Trinn: VG1
Ein laurdag i eit norsk leikeland. Eit par blir vitne til ein krangel mellom to mødre og den daglege leiaren ved leikelandet. Paret spør seg om dei burde gripe inn. Dei er uenige – men når dei først grip inn, går det ikkje som dei hadde tenkt.
Samira, ei norsk-somalisk mor, klagar på servicen ved leikelandet då sonen hennar ved ein feil har kjøpt bacon-snacks. Ho forklarar at dei er muslimar, og kan såleis ikkje kan ete svin, men møter lite forståing då ho prøvar å få byte snacksen.Regissør Even Hafnor vil vere til stade under visninga og ha ein samtale med elevane etterpå. Der kan elevane delta med eigne meiningar og erfaringar. Under samtalen kan ein kome inn på spørsmål som:
  • Kva vil det seie å vere norsk ?
  • Korleis tykkjer de at karakterane i filmen løyser "baconsnacks-konflikten"? Kva ville du sjølv ha gjort viss du kom opp i ein slik situasjon?
  • Er det rett av leikelandet å markere alle matprodukt som inneheld gluten, men ikkje markere mat som inneheld svin?
Et viktig mål med samtalen er at elevane skal få auka forståing, kunne sjå saker og situasjonar frå ulike perspektiv. Dette er viktig for elevane å ha med seg når dei i framtida skal samarbeide og løyse konfliktar.Filmen tek opp eit vanskeleg tema, men kombinasjonen av humor og alvor gjer dette til ein film som er underhaldande samtidig som han oppfordrar til ettertanke.

Kunsten i Kvam - V21

Film, Trinn: VG2
“Odelsguten og fantefølge” er ein dokumentarfilm som fortel historia om korleis eit kunstverk sette ei lita bygd på hovudet. Ein mørk septemberkveld kom nokre mystiske kunstnarar til bygda Kvam og sette opp ein installasjon av ein stokk, ein stein og ein møkkspreiar. Ingen i bygda skjøna noko av dette. Var det kunst?Og då lokalavisa skreiv kor mykje kunsten kosta, kom dei sinte reaksjonane: 400 000 kr for ein gammal, rusten møkkspreiar frå fyllinga!  Etter store protestar vart kunsten fjerna.Nasjonale media skreiv om skandalen i Kvam, og bygda vart brått sett på kartet. Historia tok etterkvart uventa vendingar,  -   det vart stille att i Kvam, men var det eigentleg slik folk ville ha det…?
Regissør Merethe Offerdal Tveit vil vise filmen, fortelje om prosessen bak og snakke om tema som filmen tek opp; Dei evige og aktuelle spørsmåla rundt kunst og kunsten si rolle.  Kva er kunst? Treng vi kunst?  Kva var det med skulpturen som gjorde at innbyggarane i Kvam vart så sinte? Ein gammal, rusten møkkspreiar, ein stor stein og ein stokk - kva tankar og refleksjonar set dette i gang? Vil kunstnarane kritisere eller kommentere? Endrar kunstverket seg når vi får høyre kunstnarane snakke om det?Offerdal Tveit vil også kunne knyte dette til andre kunstverk i andre bygder. Kanskje har staden eller bygda der skulen ligg eit liknande offentleg kunstverk?

Kvinner i krig V21

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
UNGDOMMENS VAL!Representantane i Vestland Ungdomsutval har fått velje 6 produksjonar til grunnskulen og den vidaregåande skulen for skuleåret 2020/21, og "Kvinner i krig" er ein av desse!​​​​​​​Historikar og forfattar Mari Jonassen fortel frå boka «Kvinner i kamp», og inviterer elevane til ein diskusjon kring kjeldehandsaming.Trudde du det berre var tyske soldatar som vart drepne då Blücher vart skoten i senk 9. april 1940? Trudde du det berre var menn som dreiv våpentrening, hjelpte flyktningar over til England og Sverige, spionerte på tyskarane og blei arresterte og torturerte? Sjølvsagt trudde du ikkje det. Men har du lest i skulebøkene om ei av dei rundt tusen kvinnene som gjekk inn i kampen for eit fritt og demokratisk Norge, då Hitler og Tyskland okkuperte landet?I den første økta vil Mari Jonassen trekke fram eksempel på kvinnene som deltok og vise fram det store, og til no ukjende omfanget av deira innsats under krigen. I den andre økta diskuterer vi kva vi gjer når kjeldene er mangelfulle, og sekundærlitteraturen fortel to forskjellige historier. Kvifor vert kvinnene ofte gløymde eller ignorerte når historia handlar om krig? Er det fordi ein i eit biologisk kjønnsperspektiv ikkje kan sjå føre seg at kvinner kan vere med i noko så aggressivt som krig? Eller er det fordi det ofte er menn som skriv om krig? 

PUST! - seks stemmer V21

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Vokalkonsert! - Eit profesjonelt, inspirerande musikalsk pust i skuledagen!Pust er ein vokalsekstett som har etablert seg mellom dei leiande vokalgruppene i Noreg. Dei har òg fått lovord og vunne prisar i utlandet.Pust er seks inspirerte og leikne songarar som ønskjer å røra, engasjera og overraska publikummet sitt.Ein konsert med Pust byr på eit nært og uføreseieleg møte med menneskerøysta, og viser kva for ein ressurs røysta vår kan vera.Pust skriv eigne komposisjonar og lagar heilstøypte og improviserte arrangement over kjende viser og coverlåtar - inspirert av jazz, etnisk musikk og folkemusikk – noko denne konserten vil gje fleir velklingande døme på.Pust har det morosamt når dei syng, noko ein både kan sjå og høyra!Sagt om Pust:
- «Proft og spennende program som framstår som en sterk helhet. Det oser formidlingsglede av dette programmet. Utøverne framstår som tydelige individer som danner et naturlig ensemble og har god kontakt med publikum.»
- «Høy kvalitet på det musikalske, det kommunikative og det formidlingsmessige»- «Fremragende evner både individuelt og kollektivt. Ensemblefølelsen er godt utviklet.»- «Gjennomført program på alle plan." (Rikskonsertane sitt programråd).Konserten eignar seg best for eit stort publikum, så ta gjerne med heile skulen, fyll opp spelestaden!
Uttrykksform
Åpne filter