Årstad videregående skole

Årstad videregående skole

Postadresse: PB 2344 - Solheimsviken, 5824 Bergen

Besøksadresse: Fjøsangerveien 38, 5824 Bergen

Telefon: 55 59 51 00

E-post:post.aar@vlfk.no (ÅRV skulepost Årstad vgs)

Kontaktperson: Kari Danielsen, 57 30 60 00 (Sentralbord), 994 79 832 (Jobbmobil), kari.danielsen@vlfk.no (Hovudkontakt), Sissel Næsheim Riise, 55 59 51 19 (Direkte), 411 04 799 (Mobil), sissel.riise@vlfk.no

Tal på produksjonar: 3

  • Alle

dePresno - V21

Musikk, Trinn: VG1-VG3
UNGDOMMENS VAL!Representantane i Vestland Ungdomsutval har fått velje 6 produksjonar til grunnskulen og den vidaregåande skulen for skuleåret 2020/21, og "dePresno" er ein av desse!dePresno var Urørt-finalist våren 2016 med låten «Stranger in Disguise», og i løpet av året var han ein av dei mest spelte artistane i norsk radio. Han var også med på Lindmo, Trygdekontoret og Gullruten.  dePresno fangar og engasjerer publikum med si heilt unike stemme og står fram som ein ærleg og ekte popartist og låtskrivar.
dePresno var ein av dei mest spennande debutantane frå Bergen då at han slapp «Forever» i mai 2015. Etter det har han gitt ut fleire låtar som «See You Soon» og «Mr Big» som blei Ukas Låt på P3. Gjennombrotet fekk han i 2016 med singelen «Hide And Seek».  Låten har blitt spelt meir enn 2 millionar gonger på Spotify og har blitt framført bl.a. på Lindmo og TV-Aksjonen. Dei siste åra har han halde fleire konsertar på mellom anna by:Larm, Eurosonic og The Great Escape, og han har vore på Europaturné med Aurora og Bear’s Den.

Frå sanning til oppdikta - frå journalistikk til litteratur H20

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Korleis nærme seg sanninga ved å dikte? Kor mykje kan eigentleg ein journalist fortelje når han kjenner sanninga, men ikkje har bevis? Etter å ha vore journalist i mange, mange år, gjekk Finn Bjørn Tønder over i dei skjønnlitterære forfattarane sine rekkjer. Men, han tok på mange måtar med seg journalistikken. Ved hjelp av skjønnlitterære verkemiddel kunne han endeleg få fortalt det han visste måtte vere sanninga, men ikkje kunne føre bevis for som journalist.Gjennom si tid som journalist i Bergen har Tønder har tatt opp tema innan kultur og kriminalitet. Stundom var sakene av ein slik karakter, at det var umogeleg å få dei skikkeleg belyste gjennom tradisjonell journalistikk. Ved skjønnlitterære grep kunne han avklara mysteria og problemstillingane, og kanskje kunne han fortelje kva som faktisk skjedde. Tønder tar elevane med inn i historiene frå verkelegheita og avslører korleis han fekk løyst dei gjennom fiksjon. Eksempla hentar han frå sine eigne romanar, og elevane får ei reise i tid og sanning.

Øy - Carte Blanche H20

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
Danseframsyninga "Øy" er jakta på dei alternative forteljingane om  underdogen. Den stille dagdrivaren. Dei vi enno ikkje veit noko om. "Øy"er inspirert av historier om isolasjon, vandalisme og aude, lukka rom.
På scena, i ein hybrid mellom ein spa-resort og ei fantasyslagmark leitar framsyninga etter moglegheit til å reise bort. Langt bort, eller kan hende djupt innover. Saman med sju dansarar blir publikum inviterte med på eit fluktforsøk frå eit altoppslukande tomrom.Koreograf Ole Martin Meland sitt arbeid er direkte og upolert. På scena har han med seg den eksperimentelle pop-duoen Smerz som skapar eit styggvakkert lydbilete inspirert av horror og romanse.Framsyning og samtale på scenekanten:Elevane får fyrst sjå framsyninga (ca. 40 minutt). 
Etter framsyninga blir det ei samtale, leia av ein moderator, der dansarane fortel om prosessen og korleis framsyninga er sett saman av dei ulike element som rørsler, lyd, lys og scenografi (ca. 20 minutt).Speleperiode: 14. og 15. oktober.
Uttrykksform
Åpne filter