Bømlo vidaregåande skule

Bømlo vidaregåande skule

Postadresse: Postboks 163, 5445 Bremnes

Besøksadresse: Leitedåvane 8, 5430 Bremnes

Telefon: 53 42 38 00

E-post:post.bov@vlfk.no (BØV skulepost Bømlo vgs)

Kontaktperson: Rebecca Hildebrandt Paulin, 53 42 38 12 (Direkte), 900 37 218 (Mobil), rebecca.hildebrandt@vlfk.no

Tal på produksjonar: 2

  • Alle

Lokal BIFF 2020 - Himmel og hav - H20

Film, Trinn: VG1-VG3
Lokal BIFF 2020: Himmel og havFestivalframsyning av dokumentarfilmar og møte med regissørar, filmarbeidarar og/eller aktørar i filmane.BIFF arrangerer lokal Biff på utvalde kinoar/kulturhus/skulestader i Vestland utanom Bergen. Tilbodet er utarbeidd særskild som lokal BIFF, og skil seg frå BIFF sitt ordinære program til vidaregåande skular i Bergen.Elevane blir inviterte til ein heil festivaldag på skulen eller sin lokale kino, med framsyningar av dokumentarfilmar i ei anna ramme og setting enn det som har vore vanleg tidlegare.  BIFF har vald ut filmar som er henta inn frå dei største festivalane i verda, og som har vakt oppsikt mange stadar. Filmane blir viste i eige program, innanfor skuletida. Elevane får sjå tre filmar. Tematisk omhandlar dei alle tittelen på festivaldagen; "Himmel og hav" - sjøsport, utforsking og kystkultur.  Filmskaparar, andre filmarbeidarar eller dei som medverkar i filmane, er til stades under framsyningane. Dei innleier filmane med å presentere arbeidet sitt for elevane.Kort om filmane (lenkjer til BIFF) :Bjørnøya Havets sølvDescent into the MaelstromEtter kvar film er det sett av tid til dialog mellom salen og filmskaparane, der elevane er oppmoda om å kome med eigne synspunkt, spørsmål og kommentarar.Pedagogisk materiell:
I forkant av filmfestivalen blir det distribuert filmstudieark knytt opp mot dei utvalde filmane, mynta på førearbeid til festivalbesøket. I tillegg til utdjupande informasjon om filmane og filmskaparane, inneheld materiellet utforma problemstillingar som blir viktig i møte med regissørar, filmarbeidarar eller aktørar i filmane. 
Pedagogisk materiell/filmstudieark, blir sendt ut når det ligg føre frå BIFF.Visningsperiode: Veke 43; 19. til 23. oktober 2020, sjå tilsendt turnéplan.

Marthe Wang trio - V21

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Musikken til Marthe Wang har blitt kalla «ei perfekt blanding av popperler med jazzvendingar».  Ho har ei klokkeklar stemme og saman med musikarane sine framfører ho låtane levande og nært. Dei har funne fram til eit stort uttrykk i eit lite format, og kan fylle både store og små scener. 17.april 2020 ga ho ut sitt andre album “Bakkekontakt” - og VG skreiv “Sjelden har noe så alminnelig som å holde beina på jorden vært så ekstraordinært"Marthe Wang er fødd og oppvaksen i Bergen. I 2017 debuterte ho med albumet "Ut å se noe annet" som fekk strålande kritikkar og som blei nominert til Spellemannsprisen. Året etter vart ho tildelt Tekstforfatterfondets lyspunktpris, TONOs Edvardpris og låten "Til deg" var Kirkens Bymisjons TV-aksjonslåt. I 2019 spelte ho for unge menneske under opphald på rusinstitusjonar i regi av Kulturdråpen. Låten "No sier eg adjø" var på A-lista til NRK P1 i store deler av vårsemesteret 2020.Gjennom stemme, tekstar og sceneopptreden framstår Marthe Wang som ein sterk formidlar. Tekstane handlar mellom anna om korleis vi menneske ser på kvarandre, korleis vi er overfor kvarandre, og med håp om ei betre verd. Dei er framtidsretta og har engasjement for ungdommens stemme i klima- og miljøsaka. 
Uttrykksform
Åpne filter