Rossland skule

Rossland skule

Postadresse: Skintveitvegen 11, 5917 ROSSLAND

Besøksadresse: Skintveitvegen 11, 5917 ROSSLAND

Telefon: 56174410

Kontaktperson: Hogne Brunborg, 56174416, hogne.brunborg@meland.kommune.no

Tal på produksjonar: 2

  • Alle

Jorda rundt på 80 dager - V21

Scenekunst, Trinn: 5-7
Året er 1872 og nye toglinjer gjennom Asia skal visstnok gjere det mogleg å reise heile jorda rundt på berre 80 dagar.Vitskapsmannen Phileas Fogg drøymer om å bli teken opp som medlem i Englands prestisjetunge vitskapsklubb, men i alle år har han blitt motarbeidd og latterleggjort av leiarane i klubben.
​​​​​​​Etter eit veddemål legg han ut på reise for å bevise at det er mogleg å koma seg rundt jorda på berre 80 dagar. På vegen møter han fleire hindringar, men Phileas Fogg gjev aldri opp – mykje takka vere den trufaste kompanjongen og tenaren Passepartout, som støttar han heile vegen.
​​​​​​​Saman reiser dei frå London til Suez, Bombay, Calcutta, Hong Kong, Yokohama, San Francisco og New York. Men vil dei rekke tilbake til London i tide? Jules Vernes’ roman «Jorden rundt på 80 dager» er for nokon ein klassikar å rekne, men for mange barn og unge i dag er historia heilt ukjent. Forteljinga er eit fargerikt og fantasifullt eventyr, og i Feil Teaters versjon er den eit leikent og fysisk musikkteater.
​​​​​​​
​​​​​​​I framsyninga opptrer tre skodespelarar som ved hjelp av musikk og enkle scenografiske element tek publikum med på ei reise til fjerne land og eksotiske stader.

Sjuende - på ekte - V21

Film, Trinn: 8-10
"Sjuende - på ekte" (2019) er ein dokumentarserie som føl tre jenter ved Tøyen skole gjennom det siste året før ungdomsskulen. Serien er laga for barn og ungdom og tar opp viktige tema som kan vere grunnlag for samtale og refleksjon; identitet, mobbing, fattigdom og venskap.

Etter filmvisninga vil det bli samtale med regissørane. Dei vil fortelje korleis serien har bitt til, og elevane får stille spørsmål om innhaldet og korleis det er å lage dokumentar for og med barn. Dokumentarserien Sjuende - på ekte føl Zahra, Nilani og Nora gjennom det siste året på Tøyen skole. Vi blir kjende med dei tre jentene som ærleg og kompromisslaust fortel historier om å våge, å stole på seg sjølv og finne sin eigen veg. Nora er leiken og uredd og utfordrar gjerne det etablerte, og som rå fotballspelar får ho fortalt at ho kan bli ei stor stjerne. Zahra blei mobba alt i første klasse, men har gjennom venskapet med Nora lært seg å vere tøff og stole på seg sjølv. Nilani var ven med Zahra før, og gruar seg til første skuledag i sjuande klasse no når ho ikkje har vener.
Uttrykksform
Åpne filter