Kinsarvik skule

Kinsarvik skule

Postadresse: Postboks 23, 5782 KINSARVIK

Besøksadresse: Kinsarvik, 5782 KINSARVIK

Telefon: 53671590, 481 81 660 (Inspektør Fredrik Tveit)

E-post:pks@ullensvang.herad.no (Skulepost)

Kontaktperson: Dagny Opedal, dagny.opedal@ullensvang.herad.no, Fredrik Tveit, 48181660, fredrik.tveit@ullensvang.kommune.no, fretve@ullensvangskulen.no, Ragnhild Tveit, 53671590, ragnhild.tveit@ullensvang.herad.no, Ståle Wiberg, 53671590, stale.wiberg@ullensvang.kommune.no

Tal på produksjonar: 3

  • Alle

ALO - H20

Musikk, Trinn: 1-7
I konserten ALO vert vi kjende med dei tre barndomsvenane Marit, Kari og Klemet. Dei fortel om oppvekst, om det å vere venar og om korleis det er å vekse opp i den samiske kulturen. Historiene kjem fram gjennom joik og musikk i både eit tradisjonsrikt samisk og eit moderne uttrykk. ALO er eit samisk ord og kan omsetjast med ”alltid”. Slik som vi ønskjer at venskapa frå barndommen skal vara for alltid.

Historier gjennom filmmediet - V21

Film, Trinn: 8-10
Utgangspunktet for denne DKS-produksjonen er kortfilmen Campingliv (2016). Filmen handlar om fordommar, om korleis vi dømmer andre menneske og set merkelappar på dei. Handlinga er knytt til historier om utanlandske arbeidarar som kjem til Noreg og arbeider ulovleg som prostituerte. Elevane skal også få innføring i det praktiske arbeidet som ligg bak det å lage ein film. Såleis skal dei bli inspirerte til sjølve å lage film om samfunnsaktuelle tema og menneskelege relasjonar.

I tillegg til filmvisninga skal regissøren ha ein verkstad med elevane – fordelt på to økter. Elevane skal arbeide i grupper, finne fram til tema og situasjonar dei ønskjer å visualisere. Gjennom eigne historier, med referansar i Campingliv og andre filmsnutter ønskjer regissøren steg for steg å vise korleis ein kan fortelje historier gjennom film.
Campingliv hadde premiere ved Grimstad kortfilmfestival 2016, har vore vist på internasjonale festivalar og blitt tildelt fleire prisar.Utdrag frå tildeling, Norsk filminstitutt: ”Campingliv er et modig prosjekt fra en spennende regissør, som ved å fortelle en sterk og personlig historie om rumenske Ada vil utfordre publikum, og samtidig si noe om hvordan våre holdninger påvirker måten vi forholder oss til andre mennesker på. Kortfilmprosjektet setter fokus på den enorme forskjellen som er mellom mulighetenes Norge og et fattig Europa.”

Ringeren i Notre-Dame - V21

Scenekunst, Trinn: 5-7
Ei natt blir eit lite deformert barn funne på steintrappa til Notre-Dame i Paris. Eit born ingen vil ha, eller vedkjenne seg. Tjue år seinare har barnet blitt ein ung mann, med eit veksande ynskje om å gå ut i verda utanfor katedralen og møte menneska der.Handlinga i Victor Hugos klassiske roman «Ringeren i Notre Dame» fra 1831 foregår i og omkring den veldige katedralen Notre Dame i Paris på 1400-tallet. Elevane får møte Quasimodo – den vanskapte ringaren, Frollo – presten i katedralen og Esmeralda – den vakre romkvinna. Historia om Quasimodo inneheld både komikk og tragedie, skrekk og romantikk. I botn ligg ei sterk forteljing om utanforskap som mange kan kjenne seg igjen i.På scenen står musikar Bo Platzack som saman med skodespelaren Anders Sanzén i 35 ulike roller, tek publikum med inn i gatene i Paris, under jorda, opp i kyrkjetårnet og inn i den dramatiske historia om Quasimodo. 
Uttrykksform
Åpne filter