Nordhordland Kristne Grunnskole

Nordhordland Kristne Grunnskole

Postadresse: Alvermarka 39, 5911 ALVERSUND

Besøksadresse: Alvermarka 39, 5911 ALVERSUND

Telefon: 56351758

Kontaktperson: May Sissel Jansen, 481 96 932, may.sissel.jansen@nhkg.no

Tal på produksjonar: 3

  • Alle

Digitalt tilbod, Les for livet! - V20 og H20

Litteratur, Trinn: 5-7
To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! Les for livet! er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Skodespelarane Hanne Mellingen og Ronnie Mega Herdlevær skulle eigentleg ha vore på DKS-turné i Vestland i vår. På tampen av skuleåret vart det laga ein digital versjon aom omhandla "Les for livet!". Den kom så seint i skuleåret at ikkje alle hadde høve til å nytte den. Vi har difor fått ny avtale som gjer at videoen blir tilgjengeleg for haustsemesteret 2020.Dette er ikkje sjølve framsyninga Les for livet!, men ein 15 minutts smakebit som skulane kan nytte. Den er ei god oppmuntring til leselyst for elevane!
Lekje til filmen på Vimeo ligg her.

Informasjon om framsyninga som skulle på turné 

Ei kjedeleg bok - V21

Litteratur, Trinn: 1-4
«Ei kjedeleg bok» er eit forfattarbesøk med song, høgtlesing, samtale og teikning. Saman med elevane vil forfattaren fundere over kva som er kjekt og kjedeleg, og elevane får lære ein ny song om dette. Boka er laga med tanke på høgtlesing, og det er lagt opp til at elevane skal vere medhjelparar og kome med innspel undervegs i historia.Ei kjedeleg bok (2017) er ei biletbok på nynorsk. Boka har fått god omtale i NRK og Barnebokkritikk.no, og er omsett til kinesisk og dansk. Ei kjedeleg bok er ein hyllest til fantasien, og i løpet av framsyninga skal elevane fantasere og dikte opp ein heilt ny karakter som ingen har møtt før. Ingen veit kva han heiter, ingen veit kvar han bur.For- og etterarbeid:
​​​​​​​Det viktigaste målet er å gje elevane ei positiv oppleving i møte med litteratur, og pirre eigen fantasi og skapartrong. For å skape forventning, er det naturleg at elevane førebur besøket ved å planlegge spørsmål til forfattaren. Kanskje nokre elevar er nyskjerrige på korleis det er å ha skriving som yrke. Som etterarbeid kan elevane arbeide vidare med skriving og teikning.Songen dei har lært under forfattarbesøket, ligg på Youtube. Denne kan også brukast i ettertid.  

Verdas beste Disney - V21

Musikk, Trinn: 4-7
Disney med Distriktsmusikarane i SogndalDistriktsmusikarane i Sogndal, Akiko på piano, Leif på trombone og Bjørn Gisle med si barytonstemme byr på eit musikalsk møte med musikk frå Walt Disney sine filmar. Dette blir eit fengande program med ein variert meny med kjende og kanskje også litt mindre kjende songar frå Disney sitt filmrepertoar. Elevane vil ma. få høyre melodiar frå "Snøkvit og dei sju dvergane", "Pocahontas", "Trollmannens læregut", "Herkules",  og sjølvsagt også "Frost" og "Løvenes Konge". FørearbeidVi vil gjerne at elevane teiknar eller malar bilete med Disney-motiv frå nokre av desse filmane som kan hengast opp i konsertlokalet på førehand. Lag gjerne ein montasje ved inngangen til konsertlokalet der elevane kjem inn, gjerne også i større format. Regi: Jeff PedersenGod konsert!
Uttrykksform
Åpne filter