Vossestrand barne- og ungdomsskule

Vossestrand barne- og ungdomsskule

Postadresse: Vossestrandvegen 714, 5713 VOSSESTRAND

Besøksadresse: Vossestrandvegen 714, 5713 VOSSESTRAND

Telefon: 95262043 (Ass.rektor), 95 26 20 32 (Kontor)

E-post:vossestrand.skule@voss.herad.no, marsha.faulk@voss.herad.no

Kontaktperson: Marsha Helene Faulk, 95262043, marsha.faulk@voss.herad.no

Tal på produksjonar: 4

  • Alle

Digitalt tilbod, Les for livet! - V20 og H20

Litteratur, Trinn: 5-7
To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! Les for livet! er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Skodespelarane Hanne Mellingen og Ronnie Mega Herdlevær skulle eigentleg ha vore på DKS-turné i Vestland i vår. På tampen av skuleåret vart det laga ein digital versjon aom omhandla "Les for livet!". Den kom så seint i skuleåret at ikkje alle hadde høve til å nytte den. Vi har difor fått ny avtale som gjer at videoen blir tilgjengeleg for haustsemesteret 2020.Dette er ikkje sjølve framsyninga Les for livet!, men ein 15 minutts smakebit som skulane kan nytte. Den er ei god oppmuntring til leselyst for elevane!
Lekje til filmen på Vimeo ligg her.

Informasjon om framsyninga som skulle på turné 

Konzata og tryllefiolinen

Scenekunst, Trinn: 1
Då nærmar det seg forestilling med Konzata og Distriktsmusikarane på Voss.
Me legg ved notar til ein liten voggesong som det kunne ha vore fint om elevane, eller nokre av dei, kunne øva inn på førehand. Det er ikkje noko ”must”, men det er alltid kjekt om dei kan syngja med på ein song! Konzata - eller Konzata Fiksfulius Skrekk Fermata, som hennar fulle namn lyder,er ei svært utriveleg trollkvinne som held til i den store eikeskogen like ved landsbyen der våre to heltar,Mirjam og Rami, bur. Dei er søsken og sauegjetarar. Snart er det tid for den store sommarfesten, og landsbyborna har hendene fulle med dansetrening og orkesterøving.

Det er berre det at Konzata hatar musikk, og ho hatar barn. Natta før sommarfesten er plutseleg alle musikkinstrumenta vekke. Mistanken rettar seg fort mot den nifse heksa. Utan instrument, ingen fest, og våre to venner dreg trøstig i veg innover i den store, mørke eikeskogen for å prøva å finna att instrumenta.

Meir skal me ikkje røpa, men at det går bra til slutt, og at alle får som fortent, ligg vel i korta.

"Konzata og den magiske fiolinen" passar best for dei to eldste årskulla i barnehagen og dei to yngste årskulla i barneskulen. Forestillinga inneheld både musikk, dans og drama, og borna vert på ein naturleg måte aktivert inn i songen og dansen.Mykje av konserten går føre seg under den store sommarfesten i landsbyen der Konzata bur, så det er også ekstra moro om nokre av borna har lyst til å kle seg i sommarfestantrekk slik musikarane gjer, med sommarhattar eller –luer, sommarsjal, sommarkjolar, nistekorg og liknande.Det vert litt aktivitetar i form av dans og ein marsj rundt i konsertlokalet, så me ynskjer at det er plass til dette (gymsal eller ekstra stort klasserom) og at det IKKJE vert sett ut stolar eller lagt ut matter, men at elevane sit direkte på golvet. Framsyninga er todelt:1)Førebuingar og innøvingar til konserten saman med elevane, ca. 30 min.2) Sjølve konserten, ca. 40 min.
Mellom desse to delene treng me 15-20 min. riggetid. Det vil sei at me bereknar ca. 1 ½ time til forestillinga totalt.

Me treng:
Piano
Tilgang til garderobe. 
4 stolar.                                                                                                                                                                                            Ein pianokrakk eller liten skammel / lite, lågt bord.

Lær å spela ukulele

Musikk, Trinn: 7
I løpet av tre økter på 90 min skal elevane læra å spela ukulele til kjente og enkle songar. Gjennom perioden på tre veker får dei kvar sin ukulele til heimlån og eit songhefte slik at dei kan øva heime. Målet med undervisninga er at elevane skal ha det kjekt med å meistra eit instrument og vera i stand til å utvikla seg vidare på eiga hand. Det vert øving på grepa C,F,Am,D,Dm og Bb og øving på samspel. Dei som får det til, syng også med. Me nyttar kjente songar på norsk og engelsk i eit hefte som elevane får behalda etter prosjektet. Det vert trening på rytmikk og å fylja enkle akkordskjema og vampar. 
Klassen avsluttar med ein liten huskonsert for andre elevar på skulen. Mål: Å læra dei viktigaste akkordane på ukulele, kunna lesa enkle akkordskjema med tekst, utvikla god rytmikk med høgrehanda og oppleva meistring med å læra å spela eit instrument i felleskkap med andre.

Per Sivle og forteljarverkstad

Litteratur, Trinn: 4
Tilbodet omfattar to dobbelttimar, og dei skulane som har klassar som går ilag med 4. får tilbod til heile gruppa. Elevane får oppleva forteljartradisjonen formidla på ein levande og uttrykksfull måte. Elevane lagar eigne munnlege forteljingar ut frå gitte rammer
1. dobbelttime: Astri Sudmann kjem til skulen, lagar eit forteljarrom i klasserommet. Tema: Per Sivle, forteljingar - Fante-Nils, Berre ein hund.2. dobbelttime: Forteljarverkstad. Elevane tek aktivt del sjølve. Enten ved forteljarstafett, eller ved å få utdelt gjenstandar som dei diktar historiar rundt.
Astri lagar eit forteljarrom i klasserommet, der elevane sit på stolene sine i ein hestesko. Ho ynskjer at lærarane sit i ringen saman med elevane under forteljarverkstaden.
Uttrykksform
Åpne filter