Strandebarm skule

Strandebarm skule

Postadresse: Tangeråsneset 35, 5630 STRANDEBARM

Besøksadresse: Tangeråsneset 35, 5630 STRANDEBARM

Telefon: 56556870

Kontaktperson: Camilla Støen Bakke, camsto@kvam.kommune.no, Grete Iversen Lillefosse, grelil@kvam.kommune.no, Ljones Kari, 56556871, kari.ljones@kvam.kommune.no, karljo@kvam.kommune.no

Tal på produksjonar: 2

  • Alle

Digitalt tilbod, Les for livet! - V20 og H20

Litteratur, Trinn: 5-7
To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! Les for livet! er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Skodespelarane Hanne Mellingen og Ronnie Mega Herdlevær skulle eigentleg ha vore på DKS-turné i Vestland i vår. På tampen av skuleåret vart det laga ein digital versjon aom omhandla "Les for livet!". Den kom så seint i skuleåret at ikkje alle hadde høve til å nytte den. Vi har difor fått ny avtale som gjer at videoen blir tilgjengeleg for haustsemesteret 2020.Dette er ikkje sjølve framsyninga Les for livet!, men ein 15 minutts smakebit som skulane kan nytte. Den er ei god oppmuntring til leselyst for elevane!
Lekje til filmen på Vimeo ligg her.

Informasjon om framsyninga som skulle på turné 

Gjenoppdag! - V21

Visuell kunst, Trinn: 5-7
På mange skular er det kunstverk som ein ser kvar dag, men som ein berre går forbi.Offentlege kunstprosjekt og utsmykningar blir ofte til i samband med etablering av nye offentlege bygg, eller i samband med byutviklingsprosjekt. Kunsten i desse bygga og områda er viktige for korleis ein opplever stadene, men blir ofte overlatt til seg sjølv etter at bygget eller området er tatt i bruk. Gjennom dette formidlingsopplegget vil kunstverka bli aktualisert på ny, og elevane får reflektere over kunsten de har rundt seg. Sjølve formidlingsopplegget er todelt:
  • Del 1: Presentasjon og samtale med elevane med utgangspunkt i kunsten på skulen eller i nærområdet.
  • Del 2: Praktisk del/verkstad der elevane får ein ny og djupare inngang til kunsten eller nærområdet.  
Uttrykksform
Åpne filter