Halsnøy skule

Halsnøy skule

Postadresse: Eidsnesvegen 63, 5455 Halsnøy Kloster

Besøksadresse: Eidsnesvegen 63, 5455 Halsnøy kloster

Telefon: 53461820 (Merkantil, Aina Lindholm), 53461821 (Kontor, rektor, Jorunn T Sætre), 92215685 (Teamleiar 5.-7.kl Ada Normann), 91345004 (Rektor Jorunn T Sætre), 99591659 (Teamleiar 1.-4.kl Kristin I. Eide), 53461821 (Kontor, inspektør, Kristin I Eide)

Kontaktperson: Ada Normann, 92215685, ada.irgens.normann@kvinnherad.kommune.no, Jorunn Teigen Sætre T, 91345004, jorunn.teigen.saetre@kvinnherad.kommune.no, Kristin Isdal Eide, 99591659, kristin.eide@kvinnherad.kommune.no

Tal på produksjonar: 1

  • Alle

Lyriaka - H20

Musikk, Trinn: 1-7
Om programmetLYRIAKA eit program som har som visjon å stimulere born sine skapande og leikande evner, i tillegg til å fremje kultur skapt av borna sjølve. Lyriaka fekk Spellemannsprisen i 1998 for barneplata "Livet i Lyriaka", og hausten 2007 kom den sjette plata deira "Lyriaka i jungelen". På desse platene er born sine eigne tekstar tonesett, born les eller syng sine eigne dikt, eit barnekor syng songane, og det heile vert sydd saman med ei forteljing. Alle CD-platene til Lyriaka har fått god mottaking og gode kritikkar. Lyriaka har også vore representert på ei rekkje musikkfestivalar rundt om i landet, der utøvarane i framkant har samarbeidd med kommunar, kulturskular, kor og skuleklasser. Slike prosjekt vert avslutta med ein konsert der borna deltek med song, diktlesing, dans og andre musikalske uttrykksformer. Lyriaka-konserten som kjem til skulane er ei fantasiforteljing om landet Lyriaka som er utvikla av Petter Moen og Øyvind Gravdal. Innhaldet er inspirert av og basert på dikt laga av born frå heile landet.FørebuingSkulane kan få ei urframføring på skulen sin! Vi oppmodar skulen til å sende inn dikt som elevane har skrive, då er det mogleg at skulen vil få ein heilt ny og fersk låt framført på konserten på sin skule! Send dikt til: Lyriaka - Øyvind Gravdal, Skarvaveien 119, 1350 LOMMEDALEN tlf: 915 14 597 e-post: lyriaka@gmail.com (Hugs å merke dikta med eleven sitt namn og skule).Det har også mykje å seie for konserten at elevane på førehand lærer seg å synge songane som kan lastast ned frå desse nettsidene (sjå nedanfor)!Notar, tekstar og CDDet fylgjer med notar, tekstar og 4 melodiar som skal nyttast under konserten. Det er ynskjeleg at elevane lærar å synge desse songane. Last ned songane (mp3-format) og lytt til dei! For å høyre songen Oksens forelskelse, sjå unde "Lenker" på høgre side. Tekstane og notane kan også lastast ned.EtterarbeidElevane må gjerne også skrive dikt i etterkant av konserten. Ta kontakt med musikarane dersom spørsmål!Sjå også www.lyriaka.no
Åpne filter