Voss vidaregåande skule

Voss vidaregåande skule

Postadresse: Strandavegen 252, 5710 Skulestadmo

Besøksadresse: Strandavegen 252, 5710 Skulestadmo

Telefon: 57 30 76 00

E-post:post.vvs@vlfk.no (Skulepost)

Kontaktperson: Marit Rykke, 57 30 76 17 (Direkte frå 01.08.17), marit.rykke@vlfk.no, Samson Hamre, 57 30 76 22 (Direkte), 926 00 235 (Jobbmobil), samson.hamre@vlfk.no (Direkte, frå 01.08-17), Svein Inge Kolve, 57 30 76 14 (Direkte), 950 09 551 (Mobil), svein.inge.kolve@vlfk.no (Ass. rektor, midlertidig kontakt)

Tal på produksjonar: 2

  • Alle

Fun Factory - V21

Film, Trinn: VG1
Ein laurdag i eit norsk leikeland. Eit par blir vitne til ein krangel mellom to mødre og den daglege leiaren ved leikelandet. Paret spør seg om dei burde gripe inn. Dei er uenige – men når dei først grip inn, går det ikkje som dei hadde tenkt.
Samira, ei norsk-somalisk mor, klagar på servicen ved leikelandet då sonen hennar ved ein feil har kjøpt bacon-snacks. Ho forklarar at dei er muslimar, og kan såleis ikkje kan ete svin, men møter lite forståing då ho prøvar å få byte snacksen.Regissør Even Hafnor vil vere til stade under visninga og ha ein samtale med elevane etterpå. Der kan elevane delta med eigne meiningar og erfaringar. Under samtalen kan ein kome inn på spørsmål som:
  • Kva vil det seie å vere norsk ?
  • Korleis tykkjer de at karakterane i filmen løyser "baconsnacks-konflikten"? Kva ville du sjølv ha gjort viss du kom opp i ein slik situasjon?
  • Er det rett av leikelandet å markere alle matprodukt som inneheld gluten, men ikkje markere mat som inneheld svin?
Et viktig mål med samtalen er at elevane skal få auka forståing, kunne sjå saker og situasjonar frå ulike perspektiv. Dette er viktig for elevane å ha med seg når dei i framtida skal samarbeide og løyse konfliktar.Filmen tek opp eit vanskeleg tema, men kombinasjonen av humor og alvor gjer dette til ein film som er underhaldande samtidig som han oppfordrar til ettertanke.

Kunsten i Kvam - V21

Film, Trinn: VG2
“Odelsguten og fantefølge” er ein dokumentarfilm som fortel historia om korleis eit kunstverk sette ei lita bygd på hovudet. Ein mørk septemberkveld kom nokre mystiske kunstnarar til bygda Kvam og sette opp ein installasjon av ein stokk, ein stein og ein møkkspreiar. Ingen i bygda skjøna noko av dette. Var det kunst?Og då lokalavisa skreiv kor mykje kunsten kosta, kom dei sinte reaksjonane: 400 000 kr for ein gammal, rusten møkkspreiar frå fyllinga!  Etter store protestar vart kunsten fjerna.Nasjonale media skreiv om skandalen i Kvam, og bygda vart brått sett på kartet. Historia tok etterkvart uventa vendingar,  -   det vart stille att i Kvam, men var det eigentleg slik folk ville ha det…?
Regissør Merethe Offerdal Tveit vil vise filmen, fortelje om prosessen bak og snakke om tema som filmen tek opp; Dei evige og aktuelle spørsmåla rundt kunst og kunsten si rolle.  Kva er kunst? Treng vi kunst?  Kva var det med skulpturen som gjorde at innbyggarane i Kvam vart så sinte? Ein gammal, rusten møkkspreiar, ein stor stein og ein stokk - kva tankar og refleksjonar set dette i gang? Vil kunstnarane kritisere eller kommentere? Endrar kunstverket seg når vi får høyre kunstnarane snakke om det?Offerdal Tveit vil også kunne knyte dette til andre kunstverk i andre bygder. Kanskje har staden eller bygda der skulen ligg eit liknande offentleg kunstverk?
Åpne filter