Utforsk våre produksjonar og sjå kva som skjer

Gå til kommune eller skule

DKS - Vestland

Vestland

Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen

Besøksadresse: Sandslihaugen 30, 5020 Bergen

Telefon: 05557

E-post:dks@vlfk.no

Tal på produksjonar: 77

  • Alle
  • Grunnskule
  • VGS

Alle tiders Bergen - 950 år kort fortalt - H20

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
Ei humoristisk og underhaldande historietime!Tre av DNS sine fremste skodespelarar tar på seg å framstille Bergen sine 950 år som by, ved hjelp av teateret sin magi og teknologi på særs lågt nivå. Ei framsyning for deg som veit mykje, sånn passe eller fint lite om Bergen si historie.Her kjem svara på spørsmål ikkje alle har stilt: Kor mykje har vi å takke strilane for? Kven var eigentleg Lodin Lepp? Og kvifor dro Johan Nordahl Brun heilt opp til toppen av Ulriken med eit strengeinstrument?Manusforfattarane Knut Nærum og Morten Lorentzen har saman med regissør Erik del Barco Soleglad satt saman ei underhaldande historietime  på Store Scene. Du kjem til å le til du lærER? , eller omvendt. Song vil førekome...Speleperiode: ​​​​​​​Veke 47; 16. - 19. november.

ALO - H20

Musikk, Trinn: 1-7
I konserten ALO vert vi kjende med dei tre barndomsvenane Marit, Kari og Klemet. Dei fortel om oppvekst, om det å vere venar og om korleis det er å vekse opp i den samiske kulturen. Historiene kjem fram gjennom joik og musikk i både eit tradisjonsrikt samisk og eit moderne uttrykk. ALO er eit samisk ord og kan omsetjast med ”alltid”. Slik som vi ønskjer at venskapa frå barndommen skal vara for alltid.

Alt du trenger for å lage podkast - H20

Film, Trinn: 8-10
I dette kurset lærer elevane alt dei treng for å produsere og publisere eigne podkastar. Dei får innføring gjennom lydeksempel og praktiske oppgåver, og opplæring i dramaturgi og intervjuteknikk.Klasserommet blir gjort om til eit provisorisk studio der elevane får prøve seg både framfor og bak mikrofonen. I løpet av kurset vil fleire av desse spørsmåla bli drøfta; Kva er ein podkast? Korleis gjere intervju? Korleis skape bilde med lyd? Kva treng ein av utstyr? Korleis bruke musikk og lydeffektar? Korleis publisere ein podkast?
Podkast er godt eigna for dei som har noko på hjertet og som ønskjer å nå ut til andre menneske. Det er rimeleg både å produsere og distribuere, og kan gi tilgang til menneske på tidspunkt der andre plattformer ikkje er så godt eigna.Dette podkast-kurset kan bidra til å utvikle elevane sine digitale ferdigheter. I læreplanverket står det at eleven skal “være kreativ og skapende med digitale ressurser, og å kommunisere og samhandle med andre i digitale omgivelser. Det innebærer å kunne bruke digitale ressurser hensiktsmessig og forsvarlig for å løse praktiske oppgaver.”

Animasjonsverkstad - V21

Film, Trinn: 8-10
Elevane startar med å lage figurar som dei så får setje inn i boksar og animere ved hjelp av nettbrett og appen Stop Motion Studio. Formidlar gir ei innføring i korleis fortelje ei lita historie, og elevane skal samarbeide om å lage figurar og bakgrunn. Dei får også legge på musikk og stemmer til figurane før dei får sjå filmane på tavla. 

Askeladden - På nye eventyr - H20

Scenekunst, Trinn: 1-7
​​​​​​​Gjennom spektakulære akrobatiske krumspring og smittande energi formidlar Absence norske folkeeventyr på ein ny og spennande måte. Framsyninga har dansen i sentrum og er bygd rundt kjende folkeeventyr. Elevane får møte Espen Askeladd og brørne hans som skal prøve å vinne prinsessa og halve kongeriket. Vi veit alle korleis det endar, men kva som skjer med Askeladden på veg til kongsgarden er ei anna historie.”Absence har samlet de mest kjente og kjære folkeeventyrene til en forestilling med musikk, humor, skuespill, halsbrekkende akrobatikk og ikke minst mye fantastisk dansing. De er ute etter å imponere publikum, få dem til å humre og le. Slik har du garantert aldri sett Bukkene Bruse, prinsessen og Espen Askeladd før!” – dns.noEi framsyning vi trur elevane seint vil gløyme!

Avtrykk - H20

Visuell kunst, Trinn: 5-7
"Avtrykk" er ei utstilling, inkludert ein mobil verkstad med tresnitt som utgangspunkt. Tresnitt er den eldste grafiske teknikken, med røter tilbake til gamle Egypt, Romerriket og Kina. Sjølv om den har røter langt bak i tid er den like aktuell i vår digitale tid.I utstillinga vert merksemda retta mot tresnitt som medium og uttrykk, der elevane får sjå verk av kunstnarduoen Cathrine Dahl og Ørjan Aas. Dei to kunstnarane jobbar med tresnitt i nye og ukonvensjonelle format i svart-kvit. Billetespråket er ofte henta frå video, teikning og fotografi. Historier vert fortalde på ny, gjerne lag på lag, og blir til nye univers. I verkstaden får elevane lage sine egne univers ved å utforske nokre av dei moglegheitene som ligg i denne grafiske teknikken.

Bach goes hip hop

Musikk, Trinn: 1-7
UNGDOMMENS VAL!Representantane i Vestland Ungdomsutval har fått velje 6 produksjonar til grunnskulen og den vidaregåande skulen for skuleåret 2020/21, og "Bach goes hip hop" er ein av desse!
Endeleg skal Werner få framføre musikk skriven av sin favorittkomponist, Johann Sebastian Bach. Musikken er komponert spesielt for Werner sitt elskede instrument, celloen!  I salen sit eit lydhørt publikum! Alt ligg til rette for ein flott klassisk konsert. Hadde det ikkje vore for David og Ole Petter... Dei har hovudet fylt av heilt andre ting!

Bare spille ball - foredrag - V21

Litteratur, Trinn: 8-10
I romanane Bare spille ball (2018) og Alene gjennom (2020) står den 16 år gamle hovedpersonen Fredrik framfor nokre tøffe val. Med utgangspunkt i livet hans formidlar forfattaren kor viktig det er å utvikle eit språk til å forstå verda rundt oss.Romanen Bare spille ball handlar om å elske fotball utan å vere budd på dei harde realitetane, om å vinne utan å misse seg sjølv. Hovudpersonen Fredrik står framfor sin viktigaste kamp, men dei siste dagane før finalen forandrar alt seg.Alene gjennom er ein actionfylt ungdomsroman om fotball, prestasjonsangst, draumar, tvil og håp. Fredrik er storspelar på Mjøndalen og det svirrar rykte om større klubbar og feite kontraktar. Men idet draumen om å bli utanlandsproff går i oppfylling, merkar Fredrik at det er noko som ikkje stemmer.Forfattaren, Michael Stilson, vil halde eit foredrag med utgangspunkt i dei to romanane. Elevane får vere med når ein ungdom skal bygge eiga sjølvkjensle og oppdagar at språket er eit verktøy til å forstå verda betre. Bøkene handlar også om einsemd, ambisjonar og glede i møte med alle dei som ønskjer å påverke deg.Foredraget kan knytast til tverrfaglege tema i fagfornyinga, spesielt folkehelse og livsmeistring, men også demokrati og medborgarskap. Det viser også korleis litteratur kan vere inngang til betre å forstå eigne liv.Etter foredraget blir det opna for spørsmål og samtale.

Bo flyttar ut/visuell historiefortelling - H20 og V21

Litteratur, Trinn: 1-4
Bildeboka Bo flyttar ut (Samlaget 2016) av Trude Tjensvold er utgangspunktet for denne produksjonen. Katten Bo hadde det som plomma i egget før hunden flytta inn og tok plassen hans i senga til matmora. Då er det berre eitt å gjere, nemleg å sjå om det finst husrom ein annan stad. Denne bildeboka er ei vittig, fargesterk og treffande bok om det å føle seg oversett. Gjennom å møte farane ute i verda blir Bo klar over kor fint han eigentleg har det heime saman med hunden og matmora.
Trude Tjensvold les frå boka og viser bilde på storskjerm. Etterpå samtalar ho med elevane og diskuterer kva bilda tilfører historia og kva dei kan fortelje som ikkje teskten fortel.Elevane skal så arbeide kvar for seg eller i små grupper og brukar blyant, fargeblyant, fargestifter og teikneark. Dei skal kome med forslag til ulike karakterar, og illustratøren teiknar på tavla. Saman lagar dei eit miljø og ein konflikt som elevane skal løyse på eigne ark.

Chaplin, humanismen og det 20.århundret - V21

Film, Trinn: 8-10
Med ikoniske klipp frå filmar som The Kid, City Lights, Modern Times og Diktatoren blir Charlie Chaplin knytt til hendingar som europeisk utvandring til Amerika, depresjonen på 30-talet, den industrielle revolusjonen, og framvekst av ideologiar som kapitalisme, nazisme og kommunisme. Ved sida av komikaren, blir elevane kjende med Chaplin som humanist, provokatør og samfunnsdebattant. Formidlaren vil peike på kva som var så unikt med Chaplin som historieforteljar og filmskapar, og kvifor Chaplin stadig er relevant for oss i dag.

Chaplin er ein av de viktigaste filmskaparne gjennom tidene, og på 1920- og 1930-talet var han kanskje det mest berømte menneske i verda. Han var komikar og brukte posisjonen sin til å snakke svake grupper si sak, til å kommentere samfunnsutviklinga og til å åtvare mot farlege strøymingar han såg rundt seg. Han forfekta verdiar som solidaritet og nestekjærleik, demokrati og ytringsfridom – verdiar som alle stod under press i Chaplin si samtid.Formidlaren vil ta elevane med gjennom høgdepunkta i Chaplins liv, frå oppveksten i lutfattige London, via kunstnerisk suksess, rikdom og skandalar i Hollywood, til utvisninga frå USA og dei siste åra med familien i Sveits. Framsyninga blir avslutta med Chaplin si gripande, framsynte og humanistiske tale i filmen Diktatoren. I desse dagar framstår Chaplins snart 80 år gamle monolog meir aktuell enn på lenge. Talen frå Diktatoren har fått et nytt liv via sosiale medier, og slik nådd eit nytt og yngre publikum.Det er ønskjeleg at elevane er aktive og deltakande, og eit mål at dei skal få auka kunnskap om film og filmteknologi, og større forståing for film som kunstuttrykk.

Danseverkstad - H20

Kulturarv, Trinn: 5-7
To dansarar og ein spelemann på hardingfele let elevane ta del i ei reise i lokale dansetradisjonar frå Hordaland. Dei vil få kjenneskap og eigarskap til rytmar og rørsler i lokal folkedans og folkemusikk. Målet er å utfordra og inspirera elevane. Det vert springar, halling, tretur og songdansar. Fokuset vil vere aktiv deltaking, men elevane vil også få sjå instruktørane dansa. Med utgangspunkt i tradisjonen skal elevane få utfolde seg i ein times danseverkstad.

De døde ser deg - i overvåkningens tid - V21

Litteratur, Trinn: 8-10
Ungdomsromanen De døde ser deg (Cappelen Damm, 2017) er ein futuristisk, overnaturleg thriller som handlar om overvaking i den digitale kvardagen. Forfattaren Alexander Løken vil lese frå boka og fortelje om korleis han arbeider, om inspirasjonskjelder og om prosessen rundt det å skrive bøker.
Overvaking er eit aktuelt tema, ikkje minst for dei som veks opp i dag. Med utgangspunkt i boka De døde ser deg vil forfattaren drøfte dette temaet og gje historiske døme. Han vil mellom anna kome inn på gjenkjennelege døme frå ungdomane sin kvardag som t.d. internett og  sosiale media. Forfatteren ønskjer at elevane skal bli bevisste si eiga samtid, og kva innverknad overvaking kan ha på samfunnet i dag. Såleis kan ungdomane bli inspirerte til å sjå på verda og det som skjer rundt dei med kritiske blikk.

Den norske slavehandelen - V21

Litteratur, Trinn: 8-10
Sanne historier om nordmenn si deltaking i den transatlantiske slavehandelen, med utgangspunkt i arbeidet med sakprosaboka Den norske slavehandelen (2018).Med utgangspunkt i boka Den norske slavehandelen vil forfattaren Ander Totland fortelje om ei mørk og lite kjend side av norsk historie. Slavehandel var ikkje berre slikt dei dreiv med i USA. Også nordmenn deltok, både på skipa, på slaveforta i Afrika og i koloniane på andre sida av havet. Dei jobba som matrosar og styrmenn, guvernørar og dommarar, medan fleire hundre tusen afrikanarar blei frakta over havet med dansk-norske skip. Dette er ei historie om sjukdom og død, opprør og straff. Men òg om ei ny verd med nye sjansar for den som visste å spela korta sine rett.

dePresno - V21

Musikk, Trinn: VG1-VG3
UNGDOMMENS VAL!Representantane i Vestland Ungdomsutval har fått velje 6 produksjonar til grunnskulen og den vidaregåande skulen for skuleåret 2020/21, og "dePresno" er ein av desse!dePresno var Urørt-finalist våren 2016 med låten «Stranger in Disguise», og i løpet av året var han ein av dei mest spelte artistane i norsk radio. Han var også med på Lindmo, Trygdekontoret og Gullruten.  dePresno fangar og engasjerer publikum med si heilt unike stemme og står fram som ein ærleg og ekte popartist og låtskrivar.
dePresno var ein av dei mest spennande debutantane frå Bergen då at han slapp «Forever» i mai 2015. Etter det har han gitt ut fleire låtar som «See You Soon» og «Mr Big» som blei Ukas Låt på P3. Gjennombrotet fekk han i 2016 med singelen «Hide And Seek».  Låten har blitt spelt meir enn 2 millionar gonger på Spotify og har blitt framført bl.a. på Lindmo og TV-Aksjonen. Dei siste åra har han halde fleire konsertar på mellom anna by:Larm, Eurosonic og The Great Escape, og han har vore på Europaturné med Aurora og Bear’s Den.

Dråpen Vannders - V21

Musikk, Trinn: 1-7
Dråpen Vannders er ein liten dråpe som bur høgt oppe i ei sky på himmelen. Ein dag byrjar rare ting å skje med han. Slik det gjer med alle dråpar. Vannders legg ut på si aller første reise. Ei reise rundt i vatnet sitt krinslaup. På vegen møter han både Skyline, Reinert og bekkeførar Beckstrøm. Det vert dramatisk, morosamt og litt skummelt. Historia vert levande fortalt med kostymer, musikk og fine songar.
Mange komponistar og musikarar har lete seg inspirere av vatn. Dei har laga musikk som handlar om dei mange utgåvene vatnet kan ha i form, lyd og storleik. Elevane får høyre fleire døme på dette og musikarane nyttar instrumenta sine til å skape lydar og stemningar i historia. Velkomen til Vannders si eventyrlege reise!

Du må ikkje skrive H20

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Ei innføring i kreative skriveteknikkar av forfattar Lars Svisdal.Dette er eit todelt skrivekurs:
  • Del ein tek for seg å skrive parodi og travesti (komisk forvrenging) over eksisterande tekst. Ein annan metode er blackout-metoden, der ein tusjar vekk tekst og let enkelte element stå att, som igjen utgjer ei ny meining i teksten. 
  • Del to tek for seg korleis ein systematisk kan gå fram for å skrive ei historie. Elevane får steg-for-steg-oppgåver, der dei tek utgangspunkt i konkrete personalia, for så å bygge på lag med å introdusere omstende, stadar, relasjonar og konflikt. Bilete og musikk vert element som elevane kan ta utgangspunkt i.
Forfattaren nyttar tekster i fleire sjangrar, alt frå skjønnlitterære klassikarar til wikipediaartiklar. Med leik som dimensjon ønskjer han å framelske skriveglede!Turnéperiode: Veke 44 og 45; 26. okt - 5. nov.

Ei kjedeleg bok - V21

Litteratur, Trinn: 1-4
«Ei kjedeleg bok» er eit forfattarbesøk med song, høgtlesing, samtale og teikning. Saman med elevane vil forfattaren fundere over kva som er kjekt og kjedeleg, og elevane får lære ein ny song om dette. Boka er laga med tanke på høgtlesing, og det er lagt opp til at elevane skal vere medhjelparar og kome med innspel undervegs i historia.Ei kjedeleg bok (2017) er ei biletbok på nynorsk. Boka har fått god omtale i NRK og Barnebokkritikk.no, og er omsett til kinesisk og dansk. Ei kjedeleg bok er ein hyllest til fantasien, og i løpet av framsyninga skal elevane fantasere og dikte opp ein heilt ny karakter som ingen har møtt før. Ingen veit kva han heiter, ingen veit kvar han bur.For- og etterarbeid:
​​​​​​​Det viktigaste målet er å gje elevane ei positiv oppleving i møte med litteratur, og pirre eigen fantasi og skapartrong. For å skape forventning, er det naturleg at elevane førebur besøket ved å planlegge spørsmål til forfattaren. Kanskje nokre elevar er nyskjerrige på korleis det er å ha skriving som yrke. Som etterarbeid kan elevane arbeide vidare med skriving og teikning.Songen dei har lært under forfattarbesøket, ligg på Youtube. Denne kan også brukast i ettertid.  

Ei reise til steinalderen - H20

Kulturarv, Trinn: 1-4
Dette tilbodet tek utgangspunkt i ei utstyrspakke, den såkalla "steinalderkofferten", som inneheld mykje av det utstyret steinaldermenneska trong i sitt daglege liv. Her er piler med autentiske steinspissar og velfungerande steinøkser, harpunar, fiskekrokar og synåler av bein.Elevane får prøve å hogge skarpe reiskapar av flint, slik dei gjorde i steinalderen, og dei får sjå og lage fiskekrokar og andre reiskapar av bein, fiskesøkke av kleberstein, mm.  Dei får også prøve seg på å skyte med pil og boge.Det er naudsynt at lærarane deltek aktivt, og at elevane er kledde etter været.

Eit annleis teikneseriekurs - H20

Visuell kunst, Trinn: 5-7
Nokre kan gjerne oppleve det ein kan kalle teiknevegring. - Ein blir over måte medviten eigne teikneferdigeiter, og slutter kanskje å teikne. Eit annleis teikneseriekurs ufarleggjer teikning ved å leggje vekt på det som ligg bak teikningene: eit heilt unikt, visuelt språk. Teikneserier handler om mykje meir enn "flotte" teikninger!I dette teikneseriekurset lærer elevene mellom anna om historia til teikneseria som medie. Dei lærer om ikoner og symboler, korleis ein lager figurer av enkle og/eller tilfeldige former og historier. Elevene får også prøve profesjonelt teikneserieutstyr. I Eit annleis teineseriekurs lærer ein å "skrive" historier med teikninger. 

Eit magisk møte med lyset - H20

Visuell kunst, Trinn: 5-7
Elevane får ein dag med praktisk møte med forming, naturfag, fysikk, kjemi og... magi.Kva skapar biletet vi får i eit kamera? Sjølve magien ved fotografiet som forlengst er forsvunne i den digitale verda.
Elevane bygger sitt eige kamera i papp (ferdig utstansa, sett saman med tape). Dei fotograferer eit bilete på fotopapir, og får vera med når me framkallar i mørkerom. Dette papirnegativet lagar eg eit positivt bilete av. Å sjå sitt eige bilete dukke fram på det kvite papiret er sjeldan i våre dagar. Elevane er aktive deltakarar heile vegen, får sjå at ein kan lage bilete ved hjelp av eit kamera dei har laga sjølv, og som verken har linse eller er digitalt. I tillegg får dei oppleve resultatet av møta mellom lys, sølv og kjemi. I opplegget er elevane aktive. Dei sit ikkje berre og høyrer og ser, men deltek reint fysisk. Kunst og handverk, fysikk og kjemi i kombinasjon. 

En folkefiende V21

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
En folkefiende av Henrik Ibsen blir ofte kalla verdas første drama om forureining. Ibsen stiller spørsmål ved skuleverket, den frie pressa, demokratiske prosessar og kapitalismen. Stykket er skrive for over 120 år sidan, men er likevel skremmande aktuelt i dag.
Tomas og Peter er brør.  Peter er konservativ kapitalist, Tomas er ein idealistisk rebell. Peter er byfogd og politimeister, Tomas praktiserer som lege, og brørne lever side om side i ein norsk småby. Ein dag oppdagar Tomas at vatnet i kurbadet er forpesta. Å rette opp dette vil øydelegge økonomien og livsgrunnlaget til den vesle byen, å unnlate å gjere det, vil øydelegge helsa til folk.  Den eine broren har retten på si side, den andre har makta. Begge er sta. Begge er krenka. Begge er egoistar.En folkefiende av Henrik Ibsen er her produsert for ungdom, og er trykt saman til ei intens framsyning der tre kvinner spelar alle rollene. Med ein enkel scenografi, blir publikum invitert inn på folkemøtet i denne vesle byen. Ibsen gir oss ikkje svara, han stiller spørsmåla, og så får publikum gjere seg opp eigne meiningar om kven som er folkefienden.Turnéperiode: ​​​​​​​Medio mars.

En gang for lenge siden - V21

Kulturarv, Trinn: 1-4
En gang for lenge siden er ein produksjon knytt til samisk forteljartradisjon. Formidlaren fortel eit vandresagn om korleis det gikk til då reindriftssamen skulle finne seg ein gjetar. Han møtte mange på vegen, og enda opp med hunden, som vart menneskets beste ven.

​​​​​​​Formidlaren, Karen Anne Buljo, fortel både om ville og tamme dyr, korleis ein skal vise respekt for desse, og ho joikar også dyra ho fortel om. Buljo har med ting som tradisjonelt er brukte i lavvo, og ho viser at ordet lavvo er samisk, noko mange ikkje tenkjer over. I lag med elevane lagar ho ein ‘usynlege lavvo’ og i fantasien tek ho elevane med langt, langt tilbake i tid. Ho kjem også inn på strukturen i lavvoen, om kven som sat på dei ulike plassane.

En kortfilm som utfordrer fordommer - V21

Film, Trinn: 8-10
Ei lita jente er mistenkt for å ha stole ei lue, og vektarane på kjøpesenteret går til aksjon. Det oppstår ein vanskeleg situasjon for alle involverte, med ein god del ufrivillig humor undervegs. Løysinga er både overraskande og utfordrande. 


Kortfilmen "Money Back, Please" er filma under opningstida på eit kjøpesenter i Kristiansand. Gjennom eit skjult filmteam observerer vi ein situasjon som utspelar seg på senteret.  Filmregissør Even Hafnor fortel korleis og kvifor han har laga denne filmen, kva verkemiddel han har brukt og kva effekt desse har. Han kjem også inn på problem og etiske dilemma rundt det å bruke skjult kamera.Spørsmål diskusjon med elevane:Korleis handterer karakterane i filmen den situasjonen som utspelar seg på kjøpesenteret? Kva ville du sjølv ha gjort? Ville vektarane handtert sitasjonen annleis om jenta var etnisk norsk? Kva gjer du viss du er vitne til at nokon treng hjelp i det offentlege rom?Målet med denne DKS-visninga er å gi ei filmoppleving som overraskar og utfordrar elevane. Filmen set søkelys på eigne fordommar og kan skape gode diskusjonar i klasserommet, der elevane sjølve må ta stilling til kva som er rett og gale. 

Et annerledes forfatterbesøk - V21

Litteratur, Trinn: 1-4
«Heksagon» er ein teaterproduksjon basert på fem leseløvebøker utgitt på CappelenDamm. Forfattaren av bøkene, Christin Grilstad Prøis, spelar sjølv i framsyninga og har med seg musikar Pål Prøis. Dette er tradisjonelt teater bygd på ei god historie, med mange innslag av song og musikk.
Heksagonuniverset er både alvorleg og morosamt, og tek opp problem og tema som er kjende for målgruppa. Heksagon er ei musikalsk framsyning om ei klønete heks og den einaste venen hennar, klovnen Boboz. Desse to bur i ein skog som ligg i ein dal, i eit land bortanfor alle blånar.Før framsyninga introduserer forfattaren Heksagon-universet ved hjelp av bøkene og fortel kort om det å vere forfattar. Målet med framsyninga er å gi elevene lyst til å lese videre på eiga hand. 

Ett ord – bilder i kampen mot særskrivingsfeil - V21

Litteratur, Trinn: 8-10
Foredraget «Ett ord – bilder i kampen mot særskrivingsfeil» er ein norsktime og på same tid eit fagleg og humoristisk foredrag. Temaet kan verke kjedeleg, men komikar og forfattar André Ulveseter presenterer det på ein morosam og lærerik måte.
Facebook-sida til Ulveseter, «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil», fekk i løpet av fem dagar 100.000 følgarar. Eit halvt år etter lanseringa av sida kom det også ut bok om prosjektet.Norsklærarar rundt om i landet brukar bilda i klasseromma, og Språkrådet har hylla Ulveseter sine bilde og hans humoristiske vinkling for å drive språkrøkt. I foredraget fortel Ulveseter om «eksplosjonen» kampanjen fekk i sosiale media. Han vil snakke om kvifor han tok for seg akkurat særskriving, og skilnadene mellom orddeling og særskriving. Han vil fortelje om fordelar med god kommunikasjon og rettskriving, og kjem med døme og enkle tips. Dette kan bli ein norsktime som er både inspirerande og underhaldande.

Familiebildet H20

Film, Trinn: VG1-VG3
Filmframsyning og møte med filmaskaparen Yvonne Thomassen.I denne produksjonen innleier filmskapar Yvonne Thomassen kort om skilnaden på dokumentar- og fiksjonsfilm, og syner sin dokumentarfilm "Familiebildet".Om handlinga i filmen: Då Thomassen si bestemor ar 26 år opplevde ho noko som sette djupe spor for resten av hennar liv. Heile Finnmark blei sett i brann og på det næraste utsletta. Saman med mannen og deira tre bornmåtte dei flykte - eller bli att og døy. I tre veker var dei på flukt i ein lirten sjark.Å halde familien samla var det viktigaste for bestemor, men i dag er det ikkje alle som har kontakt lengre.Thomassen vil difor prøve å samle familien for å ta eit siste familiebilete - og for å finneut kvifor ting blei som dei blei. Då dukkar det opp noko som ho slett ikkje visste om familien og seg sjølve. Dei er av samisk slekt, og det er det ingen som vil snakke om. Det er faktisk framleis skamfullt.Etter filmvisning ynsker Yvonne Thomassen å få klassen med på ei samtale om dei ulike tema som filmen tar opp -  kva skjedde i Finnmark 1944, Flyktningar i dag, Samisk historie og fornorsking sett opp mot Norge i dag, Korleis det var å lage ein så personleg filmTurnéperiode: ​​​​​​​Veke 43; 19. - 23. oktober.

Far din er en tyv - V21

Litteratur, Trinn: 8-10
Opplesing, forteljing og samtale rundt det å ha ein far i fengsel og om å bli stigmatisert og utfrosen i eit lite samfunn.Boka «Far din» kom ut i 2016 og har blitt nominert til ulike prisar, som Arks barnebokpris, Bokslukerprisen og Nordisk Råds Litteraturpris for BU. Boka handlar om guten Leo og om korleis lokalsamfunnet reagerer den dagen faren hans blir arrestert for tjuveri. Etter kvart som saka blir kjend og omfanget kartlagt, får dette større og større følgjer for Leo og mora. Visste ikkje dei kva som foregjekk? Kven har skuld og kven er offer i denne saka?

Farfars bombekrater - H20

Litteratur, Trinn: 1-4
"Fortel for meg, då farfar! Fortel om krigen! Om bomba som fall gjennom huset, om soldatane, og om den gongen du nesten vart arrestert!"I denne teaterframsyninga får elevane oppleve dramatiske, triste og morosame historier om livet i ein familie på Voss under andre verdskrig. Korleis var det å måtte ete lungemos og blodpudding til middag, gå rundt i sko laga av fiskeskinn og stadig måtte søke dekning på grunn av flyalarm?Det var dramatisk då den vesle bygda Voss vart bomba i aprildagane  1940. Doktorhuset vart treft, og denne historia dannar ramma for Farfars bombekrater. Forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus gir liv til historiene som farfar hennar fortalde då ho var lita.Krig er eit vanskeleg tema å formidle for barn, men dessverre svært aktuelt i våre dagar. Gjennom forteljing, dramatisering, bilete og musikk gir Farfars bombekrater eit nært og konkret bilde av korleis krig kan påverke ein familie. Framsyninga viser og korleis ein trass svært vanskelege kår, kan halde fast ved håp, humor, medkjensle og motstandskraft.

Fighting Gravity - V21

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
Fighting Gravity tar utgangspunkt i kampen kvinnelege skihopparar har kjempa for å få dei same rettane som dei mannlege kollegaene. Tema for framsyninga er likestilling og likeverd, og kan vere ein god inngang til å snakke med elevane om skeiv balanse mellom kjønna.  Kvifor får ikkje kvinner sleppe til i dei største hoppbakkane i verda?
Fighting Gravity handlar om å følgje draumane sine, om å ha mot til å stå imot dei kreftene som bryt oss ned. Vi føl ”skihopparen” gjennom dei ulike fasene av eit skihopp, både som eit reelt hopp, men også som ein metafor for likestillingskampen. I tillegg til å møte sidevind og g-krefter på hoppkanten, møter ‘hopparen’ også  ”gubbeveldet”, ”tåkefyrsten” og eigne ”indre demonar”.
Utøvarane legg opp til ein kort samtale med elevane etter visninga.Turnéperiode: ​​​​​​​Mars/april.

Fint er rart, rart er fint - V21

Musikk, Trinn: 1-7
Rar musikk er finFin musikk er rarRare folk er fineFine folk er rare​​​​​​​(Dikt av Lars Andreas Haug)

Frå sanning til oppdikta - frå journalistikk til litteratur H20

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Korleis nærme seg sanninga ved å dikte? Kor mykje kan eigentleg ein journalist fortelje når han kjenner sanninga, men ikkje har bevis? Etter å ha vore journalist i mange, mange år, gjekk Finn Bjørn Tønder over i dei skjønnlitterære forfattarane sine rekkjer. Men, han tok på mange måtar med seg journalistikken. Ved hjelp av skjønnlitterære verkemiddel kunne han endeleg få fortalt det han visste måtte vere sanninga, men ikkje kunne føre bevis for som journalist.Gjennom si tid som journalist i Bergen har Tønder har tatt opp tema innan kultur og kriminalitet. Stundom var sakene av ein slik karakter, at det var umogeleg å få dei skikkeleg belyste gjennom tradisjonell journalistikk. Ved skjønnlitterære grep kunne han avklara mysteria og problemstillingane, og kanskje kunne han fortelje kva som faktisk skjedde. Tønder tar elevane med inn i historiene frå verkelegheita og avslører korleis han fekk løyst dei gjennom fiksjon. Eksempla hentar han frå sine eigne romanar, og elevane får ei reise i tid og sanning.

Fun Factory - V21

Film, Trinn: VG1
Ein laurdag i eit norsk leikeland. Eit par blir vitne til ein krangel mellom to mødre og den daglege leiaren ved leikelandet. Paret spør seg om dei burde gripe inn. Dei er uenige – men når dei først grip inn, går det ikkje som dei hadde tenkt.
Samira, ei norsk-somalisk mor, klagar på servicen ved leikelandet då sonen hennar ved ein feil har kjøpt bacon-snacks. Ho forklarar at dei er muslimar, og kan såleis ikkje kan ete svin, men møter lite forståing då ho prøvar å få byte snacksen.Regissør Even Hafnor vil vere til stade under visninga og ha ein samtale med elevane etterpå. Der kan elevane delta med eigne meiningar og erfaringar. Under samtalen kan ein kome inn på spørsmål som:
  • Kva vil det seie å vere norsk ?
  • Korleis tykkjer de at karakterane i filmen løyser "baconsnacks-konflikten"? Kva ville du sjølv ha gjort viss du kom opp i ein slik situasjon?
  • Er det rett av leikelandet å markere alle matprodukt som inneheld gluten, men ikkje markere mat som inneheld svin?
Et viktig mål med samtalen er at elevane skal få auka forståing, kunne sjå saker og situasjonar frå ulike perspektiv. Dette er viktig for elevane å ha med seg når dei i framtida skal samarbeide og løyse konfliktar.Filmen tek opp eit vanskeleg tema, men kombinasjonen av humor og alvor gjer dette til ein film som er underhaldande samtidig som han oppfordrar til ettertanke.

Gjenoppdag! - V21

Visuell kunst, Trinn: 5-7
På mange skular er det kunstverk som ein ser kvar dag, men som ein berre går forbi.Offentlege kunstprosjekt og utsmykningar blir ofte til i samband med etablering av nye offentlege bygg, eller i samband med byutviklingsprosjekt. Kunsten i desse bygga og områda er viktige for korleis ein opplever stadene, men blir ofte overlatt til seg sjølv etter at bygget eller området er tatt i bruk. Gjennom dette formidlingsopplegget vil kunstverka bli aktualisert på ny, og elevene får reflektere over kunsten de har rundt seg. Sjølve formidlingsopplegget er todelt:
  • Del 1: Presentasjon og samtale med elevane med utgangspunkt i kunsten på skulen eller i nærområdet.
  • Del 2: Praktisk del/verkstad der elevane får ein ny og djupare inngang til kunsten eller nærområdet.  

Glimt - V21

Litteratur, Trinn: 8-10
I 1940 blei Noreg okkupert av Tyskland, og i løpet av krigen hadde mange norske jenter ein tysk kjærast. Boka Glimt fortel om éi av desse jentene. Boka er også ein spennande grøssar som handlar om korleis grusomme hendingar kan setje djupe spor. Forfattaren vil lese frå boka og fortelje om bakgrunnen.I boka Glimt blir lesaren kjend med to ungdomar, Jon og Solveig, som begge bur på Grovøy. Dei to har mykje felles, men veks opp i heilt ulike tidsperiodar, Solveig under krigen, Jon i notida. Solveig blir tvinga til å vere tenestejente hos ein tysk kommandant og misser gradvis kontakten med venene sine. I det gamle ungdomshuset på øya blir Jon etter kvart blir kjend med framtidige klassekameratar, men i dette huset skjer det også noko mystisk og uforklarleg. Ungdomane blir redde.Fortattaren vil kome inn på at tyske soldatar ikkje berre var blodtørstige nazistar, men at dei også kunne ha gode menneskeleg sider. Han vil også ta for seg korleis jenter som sympatiserte med tyskarane blei behandla etter krigen, og kor vanskeleg det er for Solveig å vite kva som er rett og gale. Desse tankane finn vi òg igjen i Jon si historie.

Havets avtrykk - H20

Visuell kunst, Trinn: 5-7
"Havets avtrykk" handlar om marin plastforsøpling, marinbiologi, fotohistorie og om å bruke kunst til å uttrykke seg.

Biletkunstnar Emma Gunnarsson og marinboiolog Therese Meyer kombinerar kunst og vitskap. Saman fortel dei historia om utviklinga av plastbruk i samfunnet vårt, og korleis plasten påverkar hava våre.Emma introduserar ein fototeknikk frå 1800-talet for elevane; cyanotypi. Med akvarellpapir, UV-stråling og komposisjon vil elevane lage sine eigne avtrykk av plastforsøplinga. Resultatet blir eit blått bilete som er vakkert å sjå på samstundes som det formidlar ein viktig bodskap. Medan bileta vert framkalla, viser Therese fram nokre av havets skapningar og avslører deira hemmelegheiter.​​​​​​​
Saman skapar utøvarane rom for ny kunnskap, kreativitet og undring.

Historier gjennom filmmediet - V21

Film, Trinn: 8-10
Utgangspunktet for denne DKS-produksjonen er kortfilmen Campingliv (2016). Filmen handlar om fordommar, om korleis vi dømmer andre menneske og set merkelappar på dei. Handlinga er knytt til historier om utanlandske arbeidarar som kjem til Noreg og arbeider ulovleg som prostituerte. Elevane skal også få innføring i det praktiske arbeidet som ligg bak det å lage ein film. Såleis skal dei bli inspirerte til sjølve å lage film om samfunnsaktuelle tema og menneskelege relasjonar.

I tillegg til filmvisninga skal regissøren ha ein verkstad med elevane – fordelt på to økter. Elevane skal arbeide i grupper, finne fram til tema og situasjonar dei ønskjer å visualisere. Gjennom eigne historier, med referansar i Campingliv og andre filmsnutter ønskjer regissøren steg for steg å vise korleis ein kan fortelje historier gjennom film.
Campingliv hadde premiere ved Grimstad kortfilmfestival 2016, har vore vist på internasjonale festivalar og blitt tildelt fleire prisar.Utdrag frå tildeling, Norsk filminstitutt: ”Campingliv er et modig prosjekt fra en spennende regissør, som ved å fortelle en sterk og personlig historie om rumenske Ada vil utfordre publikum, og samtidig si noe om hvordan våre holdninger påvirker måten vi forholder oss til andre mennesker på. Kortfilmprosjektet setter fokus på den enorme forskjellen som er mellom mulighetenes Norge og et fattig Europa.”

Hus i hodet - H20

Visuell kunst, Trinn: 1-4
Dette er eit prosjekt som handlar om forventning, estetikk, sjølvforståing, realfag, arkitektur og engasjement. Alle barn har eit ønskje om å "byggje og bu", ein stad å leike og drøyme. Gjennom utstillinga får barna reflektere over kva eit hus er, kva det betyr og korleis vi tenkjer rundt det. Samtidig får elevane demonstrert enkle geometriske, konstruksjonsmessige prinsipp gjennom dialog, leik, samarbeid  -  og utan avansert teknologi.Utstillinga består av 24 plansjar på 50 x 50 cm som viser ulike bygg frå heile verda, frå det store til det vesle, frå det normale og kjende til det spektakulære, frå eventyrpalass til utedo. Plansjane er trykte på 4 store, mjuke terningar med eit bilde på kvar side. Prosjektet legg opp til dialog med barna etterkvart som bilda blir kasta fram med treningane.Elevane får også sjå eit element (5x5 meter) i armert PVC-duk. Dette kan blåsast opp, formast og endrast frå flat madrass til ein vegg eller eit tak med gavl. Barna blir oppfordra til å sjå kva som er muleg å byggje med desse elementa, og gjennom samarbeid vil dei kunne endre form og plassering. Med terningane og elementet er det muleg å lage mange ulike bygg. Viss det er ønskjeleg kan ein også dokumentere prosessen ved å ta bilde.

Hvordan temme elg? - V21

Litteratur, Trinn: 1-4
Hvordan temme elg? er ei faktabok om elg (Cappelen Damm 2020) skriven og illustrert av Line Halsnes. Boka er humoristisk og informativ og er utgangspunkt for Halsnes sitt møte med elevane. Akkompagnert av lydeffektar får elevane innblikk i elgens liv gjennom ulike årstider. Det blir ein slags naturfagtime der skogen kjem heilt inn i klasserommet.Elevane får innblikk i elgens eigenskapar og kroppsspråk, kva som skjer under elgjakta, ulike historiske forsøk på å temme elg og mykje meir. Halens presenterer boka ved hjelp av store illustrasjonar. Vi er innom kavalleri på 1700-tallet, sovjetiske arbeidsleirar for elg på 1900-tallet og dagens elgfarm i Kostroma, Russland.Etter innspel frå elevane vil illustratøren teikne elg på flip-over, og elevane får lære kunsten å lokke på elg som skikkelege jegerar.

I dag sa eg ingenting H20

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Korte og tragikomiske historier skriven av den russiske forfattaren Daniil Kharms vert formidla gjennom ord og tonar av forteljar Marianne Stenerud og songar/låtskrivar Dag Vagle i ein mørk,  absurd og  humoristisk forteljarkonsert.Daniil Kharms (1905 - 1942) ville lage ein litteratur så sterk at han fikk vindusglas til å knuse.Livet hans er like dramatisk og absurd som hans eksentriske kunst. På grunn av sine merkelege tekster blei han sett på som antisovjetisk og farleg for samfunnet. Han blei eitt av dei utallige ofra i Stalin-tida, og han døydde av svelt i fengsel, på ei psykiatrisk avdeling. Først i 1960-åra blei hans verk tilgjengeleg for eit litt større publikum, og på 80-talet vart tekster omsette til engelsk. Med Marianne si erfarne forteljarstemme og Dag sine innovative komposisjonar blir Kharms sitt liv og virke vove saman .

Konflikten V21

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
UNGDOMMENS VAL!Representantane i Vestland Ungdomsutval har fått velje 6 produksjonar til grunnskulen og den vidaregåande skulen for skuleåret 2020/21, og "Konflikten" er ein av desse!Konflikten er ein monolog om motsetningar og hat – og om forsøk på forståing og forsoning i Israel og Palestina. Framsyninga fortel om konflikten i Midt-Austen, om det historiske bakteppet og situasjonen i dag. Inngrodde oppfatningar om denne uløyselege konflikten kan bli utfordra når vi får høyre historiene til menneske frå både Vestbredda og Israel.Dette er ei personlig forteljing, som samtidig er full av historiske linjer, fakta, og filosofiske spørsmål rundt eit svært komplisert tema. Det er å håpe at publikum sit att med eit meir nyansert bilde av konflikten – og kanskje med eit nytt håp.Framsyninga kan vere eit godt utgangspunkt for diskusjonar i klassane i etterkant.Turnéperiode: Veke 8 2021​​​

Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar - H20 og V21

Musikk, Trinn: 1-4
Til konserten "Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar" har Lena Skjerdal, Knut Lothe og Erik Halvorsen komponert ny musikk for born basert på nynorske dikt skrivne av Lisbeth Dreyer. Dikta vart utgjevne i 2014 på Skald forlag og er illustrert av Per Ragnar Møkleby. Dikta er alle på rim og fortel på underfundig vis om livet i fjorden og i fjæresteinane. Tekstane inviterar til musikalsk fabulering, rytmiske og groovebaserte låtar, alt frå slentrande blues til stram tango og lyriske svev – alle med improvisasjon og leik som gjennomgåande element, med kommunikasjon og medverknad frå publikum i høgsetet.Musikarane har henta inspirasjon frå både norsk folkemusikk, reggae, nord-indisk ragabasert musikk, balkaninspirert folkemusikk, tango, amerikansk soulfunk, vest-afrikansk call-response - alt med utgangspunkt i opne øyre og levande samspel. FørearbeidPå konserten vil elevane få høyre om mange av fantane i fjæra. Forutan Konrad Kråkebolle, Enevald Eremittkreps og Bella Blåskjell, vil dei bli meir kjende med ma. Karelius Krabbe, Sabine Strandsnigel, Rikarda Reke og Siv Sjøanemone. Det er flott om elevane på førehand kan teikne eller male sine versjonar av nokre av desse fjærefantane til pynt i konsertlokalet.  Kulturtanken, Høgskulen på Vestlandet og DKS Sogn og Fjordane og er samarbeidspartar i utviklinga av dette konsertprosjektet.

Kortfilm Ella - H20

Film, Trinn: 8-10
Filmen «Ella» viser ei mor og ein far som skal besøke den 15 år gamle dottera som sit i fengsel for drap. Temaet i filmen er barn i fengsel og ei mor sin vilkårslause kjærleik til barnet sitt.Etter visninga vil regissør Tommy Næss fortelje om korleis han får inspirasjon som filmskapar, korleis ein film blir produsert og om prosessen frå ide til ferdig film. Elevane blir tekne med i diskusjon om kva verkemiddel som er brukte i filmen. Andre tema som er naturlege å ta opp kan vere: barn i fengsel, forhold i norske fengsel samanlikna med andre land, foreldre sin kjærleik til barna sine osv.

Kunsten i Kvam - V21

Film, Trinn: VG2
“Odelsguten og fantefølge” er ein dokumentarfilm som fortel historia om korleis eit kunstverk sette ei lita bygd på hovudet. Ein mørk septemberkveld kom nokre mystiske kunstnarar til bygda Kvam og sette opp ein installasjon av ein stokk, ein stein og ein møkkspreiar. Ingen i bygda skjøna noko av dette. Var det kunst?Og då lokalavisa skreiv kor mykje kunsten kosta, kom dei sinte reaksjonane: 400 000 kr for ein gammal, rusten møkkspreiar frå fyllinga!  Etter store protestar vart kunsten fjerna.Nasjonale media skreiv om skandalen i Kvam, og bygda vart brått sett på kartet. Historia tok etterkvart uventa vendingar,  -   det vart stille att i Kvam, men var det eigentleg slik folk ville ha det…?
Regissør Merethe Offerdal Tveit vil vise filmen, fortelje om prosessen bak og snakke om tema som filmen tek opp; Dei evige og aktuelle spørsmåla rundt kunst og kunsten si rolle.  Kva er kunst? Treng vi kunst?  Kva var det med skulpturen som gjorde at innbyggarane i Kvam vart så sinte? Ein gammal, rusten møkkspreiar, ein stor stein og ein stokk - kva tankar og refleksjonar set dette i gang? Vil kunstnarane kritisere eller kommentere? Endrar kunstverket seg når vi får høyre kunstnarane snakke om det?Offerdal Tveit vil også kunne knyte dette til andre kunstverk i andre bygder. Kanskje har staden eller bygda der skulen ligg eit liknande offentleg kunstverk?

Kvinner i krig V21

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
UNGDOMMENS VAL!Representantane i Vestland Ungdomsutval har fått velje 6 produksjonar til grunnskulen og den vidaregåande skulen for skuleåret 2020/21, og "Kvinner i krig" er ein av desse!​​​​​​​Historikar og forfattar Mari Jonassen fortel frå boka «Kvinner i kamp», og inviterer elevane til ein diskusjon kring kjeldehandsaming.Trudde du det berre var tyske soldatar som vart drepne då Blücher vart skoten i senk 9. april 1940? Trudde du det berre var menn som dreiv våpentrening, hjelpte flyktningar over til England og Sverige, spionerte på tyskarane og blei arresterte og torturerte? Sjølvsagt trudde du ikkje det. Men har du lest i skulebøkene om ei av dei rundt tusen kvinnene som gjekk inn i kampen for eit fritt og demokratisk Norge, då Hitler og Tyskland okkuperte landet?I den første økta vil Mari Jonassen trekke fram eksempel på kvinnene som deltok og vise fram det store, og til no ukjende omfanget av deira innsats under krigen. I den andre økta diskuterer vi kva vi gjer når kjeldene er mangelfulle, og sekundærlitteraturen fortel to forskjellige historier. Kvifor vert kvinnene ofte gløymde eller ignorerte når historia handlar om krig? Er det fordi ein i eit biologisk kjønnsperspektiv ikkje kan sjå føre seg at kvinner kan vere med i noko så aggressivt som krig? Eller er det fordi det ofte er menn som skriv om krig? 
Mogeleg turnéperiode: Vår 2021 - veke 11 og 16.

Lag din eigen musikkvideo - V21

Film, Trinn: 8-10
I denne produksjonen får elevane lage sin eigen musikkvideo, og lære grunnleggande teknikkar rundt filming og redigering. Utfrå eigne idear skal elevane filme, klippe og eksportere ferdige filmar slik at dei kan visast mot slutten av skuledagen.
Elevane skal arbeide i grupper på 3 – 4, finne ein låt dei ønskjer å bruke, forme ein ide til musikkvideo og filme med mobiltelefonar. Kurset er laga med tanke på at elevar skal få betre kunnskap rundt det å bruke utstyr dei allereie har rundt seg.

Lokal BIFF 2020 - H20

Film, Trinn: VG1-VG3
Lokal BIFF 2020: Ny kunnskap gjennom filmopplevingar

Festivalframsyning av dokumentarfilmar og møte med regissørar, filmarbeidarar og/eller aktørar i filmane.BIFF arrangerer lokal Biff på utvalde kinoar/kulturhus/skulestader i Vestland utanom Bergen. Tilbodet er utarbeidd særskild som lokal BIFF, og skil seg frå BIFF sitt ordinære dokumentarfilm-program til vidaregåande skular i Bergen.Elevane blir inviterte til ein heil festivaldag på skulen eller sin lokale kino, med framsyningar av dokumentarfilmar i ei anna ramme og setting enn det som har vore vanleg tidlegare.  BIFF vel ut heilt nye dokumentarfilmar som er henta inn frå dei største festivalane i verda, og som har vakt oppsikt mange stadar. Filmane blir viste i eige program, innanfor skuletida. Elevane får sjå tre filmar. Tematisk ein film som tek for seg havet sin tilstad (klima og miljø), ein annan kystkultur og kommunikasjonsmoglegheiter og ein tredje korleis sjøsport og utforsking kan bidra til rekreasjon. Filmskaparar, andre filmarbeidarar eller dei som medverkar i filmane, er til stades under framsyningane. Alternativt vil fagfolk som er godt kjende med emna som blir tekne opp vere med på dette opplegget. Dei innleier filmane med å presentere arbeidet sitt for elevane. Etter kvar film er det sett av tid til dialog mellom salen og filmskaparane, der elevane er oppmoda om å kome med eigne synspunkt, spørsmål og kommentarar.Pedagogisk materiell:
I forkant av filmfestivalen blir det distribuert filmstudieark knytt opp mot dei utvalde filmane, mynta på førearbeid til festivalbesøket. I tillegg til utdjupande informasjon om filmane og filmskaparane, inneheld materiellet utforma problemstillingar som blir viktig i møte med regissørar, filmarbeidarar eller aktørar i filmane. Tilbodet er framleis under utvikling. Oppdatert informasjon om kva kinoar/kulturhus, filmar og filmgjestar, i tillegg til pedagogisk materiell/filmstudieark, blir sendt ut når det ligg føre.Visningsperiode: Veke 43; 19. til 23. oktober 2020, Lokale datoar ikkje fastsett enno.

Luison og Cuba - H20

Musikk, Trinn: 1-7
Cubanske rytmar med høg salsafaktorDet er ikkje lett å sitte stille når cubanske rytmar frå desse musikarane slepp til! Bandet Luisón og Cuba spelar tradisjonell Cubansk musikk, same sjanger som her til lands er best kjend igjennom Buena Vista Social Club og latinobølgja som feia inn over landet på 90-talet. Sjefen i bandet er den kubanske perkusjonisten, songaren og komponisten Luisón Medina Capote. Luison har ein litt uvanleg bakgrunn. Han har vore profesjonell fotballspelar for Cuba, og har spelt mange landskamper for det cubanske landslaget. På konserten vil elevane få oppleve cubanske rytmar og bli nærmare kjende med både Luison og medmusikarane hans. Sjå elles merknadsfeltet når det gjeld førebuing til konserten. GOD KONSERT!

Lurivar og det hemmelege skrinet - V21

Litteratur, Trinn: 1-4
Forfattar Lars Mæhle og komponist Beate Lech står bak denne produksjonen som har form som eit musikkteater. Lurivar, katten frå Ivar Aasen-tunet, har ein koffert med bøker. Elevane får også møte ein kunstmålar med staffeli, målarsaker og eit hemmeleg skrin. Lurivar og kunstmålaren presenterer nynorske bildebøker og boltrar seg i fantasifulle ord og flotte illustrasjonar. 
Lurivar og det hemmelege skrinet samsvarar med kjerneelementa for norskfaget i Fagfornyinga 2020.  Elevane får møte nynorsk litteratur, eksperimentere med språk og reflektere rundt dialekter.Kunstmålaren elskar illustrasjonane i biletbøkene til Lurivar som er mest oppteken av orda og forteljingane. Framsyninga og samspelet mellom Lurivar og kunstmålaren har eit humoristisk driv som gjer at elevane blir engasjerte. Dei får kome med innspel til utøvarane, vere med å leike med ord og sjå korleis tekst og bilete påverkar kvarandre.  I St.meld. nr. 8 (2007–2008) Kulturell skulesekk for framtida, kap. 4.9., blir det poengtert kor viktig det er for alle elevar å møte eit språkleg mangfald gjennom kulturtilbod i skulen:   “Særleg viktig er det at elevar med nynorsk opplæringsmål møter si eiga målform på brei front i den formidlinga som skjer i skulen. Dei treng all den motvekt dei kan få mot den sterke bokmålspåverknaden utanfor skulen. Auka vekt på å formidle kunst og kultur på nynorsk gjennom Den kulturelle skulesekken kan difor vere med å styrkje den språklege identiteten til nynorskelevane. Den kulturelle skulesekken vil på den måten byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen og i større grad gjere skulen til ein berar og formidlar av språkleg og kulturell identitet.» (…) Det er viktig at kommunar og fylkeskommunar har dette språkpolitiske perspektivet i tankane i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken òg når dei legg konkrete planar for kunst- og kulturtilbodet i ordninga. I den samanheng er det ynskjeleg med eit visst tilbod på nynorsk også for bokmålselevar.” Tunkatten.no 
Tunkatten.no tilbyr nynorske digitale ressursar, og musikk frå framsyninga er tilgjengeleg på nettstaden med tekst og notar. Nettstaden har fleire forteljingar, eiga ordliste, ordleikar og lydbøker.

Lyriaka - H20

Musikk, Trinn: 1-7
Om programmetLYRIAKA eit program som har som visjon å stimulere born sine skapande og leikande evner, i tillegg til å fremje kultur skapt av borna sjølve. Lyriaka fekk Spellemannsprisen i 1998 for barneplata "Livet i Lyriaka", og hausten 2007 kom den sjette plata deira "Lyriaka i jungelen". På desse platene er born sine eigne tekstar tonesett, born les eller syng sine eigne dikt, eit barnekor syng songane, og det heile vert sydd saman med ei forteljing. Alle CD-platene til Lyriaka har fått god mottaking og gode kritikkar. Lyriaka har også vore representert på ei rekkje musikkfestivalar rundt om i landet, der utøvarane i framkant har samarbeidd med kommunar, kulturskular, kor og skuleklasser. Slike prosjekt vert avslutta med ein konsert der borna deltek med song, diktlesing, dans og andre musikalske uttrykksformer. Lyriaka-konserten som kjem til skulane er ei fantasiforteljing om landet Lyriaka som er utvikla av Petter Moen og Øyvind Gravdal. Innhaldet er inspirert av og basert på dikt laga av born frå heile landet.FørebuingSkulane kan få ei urframføring på skulen sin! Vi oppmodar skulen til å sende inn dikt som elevane har skrive, då er det mogleg at skulen vil få ein heilt ny og fersk låt framført på konserten på sin skule! Send dikt til: Lyriaka - Øyvind Gravdal, Skarvaveien 119, 1350 LOMMEDALEN tlf: 915 14 597 e-post: lyriaka@gmail.com (Hugs å merke dikta med eleven sitt namn og skule).Det har også mykje å seie for konserten at elevane på førehand lærer seg å synge songane som kan lastast ned frå desse nettsidene (sjå nedanfor)!Notar, tekstar og CDDet fylgjer med notar, tekstar og 4 melodiar som skal nyttast under konserten. Det er ynskjeleg at elevane lærar å synge desse songane. Last ned songane (mp3-format) og lytt til dei! For å høyre songen Oksens forelskelse, sjå unde "Lenker" på høgre side. Tekstane og notane kan også lastast ned.EtterarbeidElevane må gjerne også skrive dikt i etterkant av konserten. Ta kontakt med musikarane dersom spørsmål!Sjå også www.lyriaka.no

Marthe Wang trio - V21

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Musikken til Marthe Wang har blitt kalla «ei perfekt blanding av popperler med jazzvendingar».  Ho har ei klokkeklar stemme og saman med musikarane sine framfører ho låtane levande og nært. Dei har funne fram til eit stort uttrykk i eit lite format, og kan fylle både store og små scener. 17.april 2020 ga ho ut sitt andre album “Bakkekontakt” - og VG skreiv “Sjelden har noe så alminnelig som å holde beina på jorden vært så ekstraordinært"Marthe Wang er fødd og oppvaksen i Bergen. I 2017 debuterte ho med albumet "Ut å se noe annet" som fekk strålande kritikkar og som blei nominert til Spellemannsprisen. Året etter vart ho tildelt Tekstforfatterfondets lyspunktpris, TONOs Edvardpris og låten "Til deg" var Kirkens Bymisjons TV-aksjonslåt. I 2019 spelte ho for unge menneske under opphald på rusinstitusjonar i regi av Kulturdråpen. Låten "No sier eg adjø" var på A-lista til NRK P1 i store deler av vårsemesteret 2020.Gjennom stemme, tekstar og sceneopptreden framstår Marthe Wang som ein sterk formidlar. Tekstane handlar mellom anna om korleis vi menneske ser på kvarandre, korleis vi er overfor kvarandre, og med håp om ei betre verd. Dei er framtidsretta og har engasjement for ungdommens stemme i klima- og miljøsaka. 

Miss Tati - V21

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Miss Tati blandar dans med hiphop, RnB, soul, house og pop. På ulike måtar inkluderer ho elevane i konserten for at dei skal få eit positivt forhold til det å utrykke seg gjennom musikk og dans. Ho er kjent for å lage energiske konsertar med eit allsidig uttrykk.
Miss Tati debuterte i 2017 med albumet «Finally, Tati», og dei siste åra har ho og bandet spelt over 150 konsertar på store scener og festivalar som Øyafestivalen, Slottsfjelll og by:Larm. Den norsk/portugisisk/angolanske artisten har lenge imponert med eit særpreg og ei formidlingsevne få artistar i Noreg kan måle seg med.

Nattmannen - V21

Litteratur, Trinn: 8-10
Sanne historier om nattmannen, og kva som skjer med ei gruppe menneske, om dei blir frosne heilt ut av samfunnet, basert på arbeidet med sakprosaboka "Nattmannen" (2019).
Nattmannen var han som tok seg av avfallet, flådde hestar og rydda etter at bøddelen hadde gjort sitt. Dette yrket blei sett på som fullstendig ærelaust, og folk trudde heilt på alvor at nattmannen var smittsam. I foredraget om Nattmannen fortel Anders eg om ære og skam, og kva det gjer med eit menneske og ei gruppe å bli sett på utsida av det gode fellesskapet. Og ikkje minst om korleis menneska som var aller nedst på rangsstigen kunne utvikla ei underverd som strekte seg over heile Skandinavia gjennom fleire hundre år.

Noriaki - H20

Litteratur, Trinn: 8-10
Noriaki er ei meditativ kunstoppleving  -  ein japansk-inspirert te-seremoni, ein konsert og ei diktopplesning, alt i eitt. Karin Augusta Nogva lagar og serverer te, Endre Ruset les eigne modernistiske Haiku-dikt og Stian Omenås bind alt saman i lydlandskapet sitt.
Dei tre utøvarane møttest som trio i 2014, og har sidan hatt ei rekkje framsyningar rundt den felles lidenskapen; Japan og meditasjon. Noriaki skal vere eit pusterom for elevane. Dei set seg ned, lyttar, ser og luktar,  - og blir med på ei reise der tida står stille. Teen er laga av naturprodukt som blåbærlyng og krekling, handplukka i norske skogar og fjell.Noriaki-tittelen er henta frå namnet til den legendariske japanske skihopparen, Noriaki Kasai. Kvart dikt i boka inneheld Noriaki-namnet, og er slik sett ein hyllest til skihopparen.

Papirworkshop - V21

Visuell kunst, Trinn: 5-7
Ein kan lage kunst av noko så enkelt og kvardagsleg som papir.Det er dette kunstnar Bendik Vatne og forfattar Maria Dahl vil utforske saman med elevane i ein verkstad. Ved hjelp av tradisjonelle teknikkar skal elevane lage plantebasert papir frå botnen av. Med papirmasse i forskjellige fargar skapar elevane sitt eige papir som blir eit kunstverk i seg sjølv. Maria og Bendik har med det utstyret som trengs.
I etterkant av verkstaden kan skulen sette opp ei utstilling med kunstverka som elevane har laga.

PUST! - seks stemmer V21

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Vokalkonsert! - Eit profesjonelt, inspirerande musikalsk pust i skuledagen!Pust er ein vokalsekstett som har etablert seg mellom dei leiande vokalgruppene i Noreg. Dei har òg fått lovord og vunne prisar i utlandet.Pust er seks inspirerte og leikne songarar som ønskjer å røra, engasjera og overraska publikummet sitt.Ein konsert med Pust byr på eit nært og uføreseieleg møte med menneskerøysta, og viser kva for ein ressurs røysta vår kan vera.Pust skriv eigne komposisjonar og lagar heilstøypte og improviserte arrangement over kjende viser og coverlåtar - inspirert av jazz, etnisk musikk og folkemusikk – noko denne konserten vil gje fleir velklingande døme på.Pust har det morosamt når dei syng, noko ein både kan sjå og høyra!Sagt om Pust:
- «Proft og spennende program som framstår som en sterk helhet. Det oser formidlingsglede av dette programmet. Utøverne framstår som tydelige individer som danner et naturlig ensemble og har god kontakt med publikum.»
- «Høy kvalitet på det musikalske, det kommunikative og det formidlingsmessige»- «Fremragende evner både individuelt og kollektivt. Ensemblefølelsen er godt utviklet.»- «Gjennomført program på alle plan." (Rikskonsertane sitt programråd).Konserten eignar seg best for eit stort publikum, så ta gjerne med heile skulen, fyll opp spelestaden!

Rasismens poetikk - forfatterbesøk - V21

Litteratur, Trinn: 8-10
Rasismens Poetikk er både ei framsyning i SLAM!poesi og ein samtale. Elevane får møte Guro Sibeko som har skrive boka Rasismens Poetikk (2019).
Med utgangspunkt i boka Rasismens Poetikk vil forfattaren samtale med elevane om rasisme og korleis vi kan kjempe mot rasisme med utgangspunkt i SLAM!dikt. Forfattaren vil mellom anna kome inn på utanforskap,  kvardagsrasisme og rasismens historie. Utvalet av dikt og tema vil bli tilpassa elevar og alderssteg.Det er utarbeidd eit opplegg for kreativ skriving som kan brukast i klassane etter møtet med forfattaren. Opplegget kan gi elevane støtte i å utforske eigen identitet og inspirere til å fortelje historier i form av poesi.

Ringeren i Notre-Dame - V21

Scenekunst, Trinn: 5-7
Ei natt blir eit lite deformert barn funne på steintrappa til Notre-Dame i Paris. Eit born ingen vil ha, eller vedkjenne seg. Tjue år seinare har barnet blitt ein ung mann, med eit veksande ynskje om å gå ut i verda utanfor katedralen og møte menneska der.Handlinga i Victor Hugos klassiske roman «Ringeren i Notre Dame» fra 1831 foregår i og omkring den veldige katedralen Notre Dame i Paris på 1400-tallet. Elevane får møte Quasimodo – den vanskapte ringaren, Frollo – presten i katedralen og Esmeralda – den vakre romkvinna. Historia om Quasimodo inneheld både komikk og tragedie, skrekk og romantikk. I botn ligg ei sterk forteljing om utanforskap som mange kan kjenne seg igjen i.På scenen står musikar Bo Platzack som saman med skodespelaren Anders Sanzén i 35 ulike roller, tek publikum med inn i gatene i Paris, under jorda, opp i kyrkjetårnet og inn i den dramatiske historia om Quasimodo. 

S.O.S. Blomstereng - H20 og V21

Litteratur, Trinn: 1-4
Ingvild Haga vil lese høgt frå boka om humlene Hilda og Hanne. Illustrasjonar blir samtidig viste i stort format med lydkulissar i bakgrunnen. Barna får lære om gammeldagse blomsterenger, dei får innblikk i kva for artar som er knytte til desse engene, mellom andre dei mange humleartene.
S.O.S. Blomstereng er ei bildebok av Jurgen Wegter, illustrert av Ingvild Haga. Boka kan vere eit godt utgangspunkt for samtale med barna om artsrike blomsterenger. Her lever eit mylder av insekt og blomster i perfekt symbiose, og barna får innsikt i sårbar og trua natur.Ingvild Haga vil samtale med barna som får bidra med kunnskap, undring og spørsmål. Elevane får sjå eit ekte humlebol, og studere dei 35 ulike humleartene i Noreg. Til slutt diskuterer dei korleis vi kan ta vare på blomsterenger og hjelpe insekta.S.O.S. Blomstereng er et formidlingstiltak for barn og unge utgitt med støtte fra Miljødirektoratet i juli 2017. Slåttemarkene er ei trua naturtype, og direktoratet har utarbeidd ein eigen handlingsplan for dei få markene som er igjen. Ved sida av klimaendringane er tap av biologisk mangfald ei av dei største utfordringane i verda.

Science fiction og kunsten å seie "tenk om" H20

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Møte med forfattaren Bjørn Vatne - føredrag om forfattarskapen og scence fiction sjangeren før og no.Både i film, tv og litteratur opplever vi aukande interesse for sjangeren science fiction – ikkje berre som underhaldning, men òg  som eit  seriøst og djuptborande kulturuttrykk.
Ein kan spørje seg kvifor det skjer no? Kva moglegheiter gir sjangeren til å tenkje om og diskutere vår eiga samtid? Forfattaren fortel om korleis romanen og science-fictionboka Nullingen av Paul Abel blei til, som handlar om kappløpert for å lage eigen tenologi for å erobre hjernen vår..
Ein kan ikkje leggje skjul på at denne sjangeren i litterære kretsar har eit (ufortent) B-stempel og forfattaren forklarer korleis han likevel etter kvart vågar stå fram med si særlege interresse for denne sjangeren. Vatne kjem inn på kva science fiction er, og kva sjangeren freistar gjere. Han syner til kjende og mindre kjende døme på korleis forfattarar har klart å føreseie delar av framtida og korleis tidlegare tider sin science fiction framleis er aktuelle i dag. 
Science fiction har heile tida følgt med teknologiutviklinga, og blir særs aktuell i dag når utviklinga går fortare enn nokon gong. Sjangeren har flytta seg frå verdsrommet og ned i den private sfæren, til mobiltelefonar og implantat, og når difor eit stadig breiare publikum.Bjørn Vatle sin eigen roman vaks fram frå eiga teknologi- og klimaangst, og vi får høyre korleis han blei innhemta av røyndomen berre eitt år etter lanseringa...Turnéperiode: Medio november, truleg veke 46 og 47.

Screening - med verkstad - H20

Visuell kunst, Trinn: 5-7
“Screening” betyr å undersøke og å kaste lys på noko.Videokunstnaren Verena Scholz viser ein eigen installasjon der elevane sjølve blir ein del av eit interaktivt kunstverk.Elevane får sjå og høyre om screening-installasjon som ein del av samtidskunsten. Dei får teste ut korleis ein kan jobbe med lys, skygge og objekt i eit rom, samt motiv, storleik og avstand. Prosjektet stimulerar til å bruke digitale medium og datateknikk som kreative verktøy og utfordrar elevane til å tenke i fleire dimensjonar samstundes.Produksjonen består av to delar; visning og verkstad. I verkstaden blir elevane delte inn i grupper og får innføring i teknikk, fotografering, digitale medium og bruk av projektor.Arbeidet med screening-eksperimenta blir dokumentert og presentert avslutningsvis i ei felles framsyning.

Se med hendene - V21

Visuell kunst, Trinn: 5-7
Kan hendene våre hjelpe oss med å sjå?I utstillinga "Se med hendene" blir elevane kjend med keramiske arbeid av ni ulike kunstnarar gjennom å sjå og høyre, og modellere i leire.Leire er eit materiale vi har brukt i uminnelege tider. Leira er i utgangspunktet mjuk og formeleg, men blir steinhard dersom den vert brent ved høg temperatur. Brent leire blir til keramikk som kan nyttast både som bruksgjenstand i kvardagen og som kunstneriske uttrykk.I ein verkstadsdel vil elevane bruke modellering som ei sanseleg tilnærming til formane og figurane i utstillinga. Dei får kvar sin klump med leire som dei skal forme med hendene. Leirklumpen er eit skisseverktøy, og skal ikkje ende i eit eiendeleg resultat. Lærarane vert oppmoda til å delta på lik linje med elevane. 

Sjuende - på ekte - V21

Film, Trinn: 8-10
"Sjuende - på ekte" (2019) er ein dokumentarserie som føl tre jenter ved Tøyen skole gjennom det siste året før ungdomsskulen. Serien er laga for barn og ungdom og tar opp viktige tema som kan vere grunnlag for samtale og refleksjon; identitet, mobbing, fattigdom og venskap.

Etter filmvisninga vil det bli samtale med regissørane. Dei vil fortelje korleis serien har bitt til, og elevane får stille spørsmål om innhaldet og korleis det er å lage dokumentar for og med barn. Dokumentarserien Sjuende - på ekte føl Zahra, Nilani og Nora gjennom det siste året på Tøyen skole. Vi blir kjende med dei tre jentene som ærleg og kompromisslaust fortel historier om å våge, å stole på seg sjølv og finne sin eigen veg. Nora er leiken og uredd og utfordrar gjerne det etablerte, og som rå fotballspelar får ho fortalt at ho kan bli ei stor stjerne. Zahra blei mobba alt i første klasse, men har gjennom venskapet med Nora lært seg å vere tøff og stole på seg sjølv. Nilani var ven med Zahra før, og gruar seg til første skuledag i sjuande klasse no når ho ikkje har vener.

SKALLA: Kan ein ha det kjekt sjølv om ein er sjuk? - H20 og V21

Litteratur, Trinn: 1-4
SKALLA er ei morosam, magisk og litt trist bok om vennskapet mellom to tøffe jenter på ei barnekreftavdeling. I denne produksjonen møter elevane forfattar Randi Fuglehaug, som les historia, viser illustrasjonane frå boka og opnar for samtale: Kva kan ein gjere for vener som har det vanskeleg? Kan ein ha det kjekt sjølv om ein er sjuk?Det finst svært mange bøker om å gå til legen eller få gips på foten, men det finst lite litteratur om å bu på sjukehus i lengre periodar. Gjennom å lese bildeboka SKALLA (Samlaget, 2018) og stille relevante spørsmål frå teksten, vil forfattaren prate med elevane om alvorlege tema som sjukdom og død, men også om kor viktig leik kan vere og kva det vil seie å vere ein god ven.I SKALLA møter vi Iben, som skal få cellegiftbehandling for første gong. Ho vil berre bli frisk og kome seg tilbake til det vanlege livet sitt så fort som mogleg, og gruar seg til å miste det lange håret sitt. Då Iben møter Skalla-Malla, ei litt brysk, pågåande og mystisk jente som aldri dekker til hovudet sitt, blir ho først skeptisk. Men Skalla-Malla viser Iben ei hemmeleg verd på sjukehuset: magiske rom der det ikkje spelar noka rolle om ein er frisk eller sjuk.

Skildring: Eit samansett bilete av glas V21

Visuell kunst, Trinn: VG1-VG3
Speglingar, refleksjonar, gjennomsikt og illusjonar.
Eit spennande verkstadbesøk og møte med glas, glasverkstaden, kunst og ikkje minst – kunstnaren i deg sjølve!Skuleklassar blir inviterte til S12 Galleri og Verksted i Bergen på verkstadsbesøk:Her pirrar vi sansane, vekkar undring, forvitenskap og assosiasjonar rundt materialet glas.  Hos oss skal elevane jobba med ein kreativ prosess og nytta glas i ulike fargar og fasongar til å skildra ei stemning i eit bilete. Vi nyttar teknikken Fusing, som vil seia å smelta saman glasbitar til ei heil flate. Verkstaden blir tilrettelagt som ei sanselig og skapande oppleving i vårt prosjektrom på Bontelabo 2 i Bergen. Elevane vil få innblikk i fleire ulike glasformingsprosessar gjennom demonstrasjonar i varmt og kaldt glas, forutan å gå i djupna på teknikken fusing som dei skal jobba i. Vi gir dei ein smakebit på biletanalyse gjennom eit kunsthistorisk skråblikk. Vi brukar døme frå kunsthistoria og ser dei i samanheng med teikneøvingar som elevane har gjort som inngang til det kreative og skapande arbeidet. Arbeidsprosessen har som mål å framkalla kreativitet og fantasi gjennom sansselegheit og nærkontakt med glas. Resultatet blir eit bilete i glas. Stikkord til førearbeid: Fargelære, Komposisjon, Assosiasjoner, Kreativ prosessEtterarbeid: Bilda blir brunne i ein av omnane våre over natta. Vi fotograferer så alle bileta og gjer dei digitalt tilgjengelege slik at dei kan visast for eit større publikum på ulike måtar. Bileta blir sendt skulane etter verkstaden. Elevane og skulen blir oppmoda om å setje opp ei utstilling av arbeida, anten digitalt eller dei lagar eit design som fungerer for den eiskilde skulen. Med sendinga får de òg ein utstillarguide som kan gje råd og tips til å lage ei utstilling med glas. Verkstadperiode: ​​​​​​​Veke 2, 3, 4 og 5 2021.

Small Talk - V21

Film, Trinn: 8-10
I denne kortfilmen føl vi familien Dvergsnes frå Kristiansand gjennom tre hendingar som fann stad i 2014. Handlinga er sentrert rundt at Ruth Dvergsnes, den eldste i familien, vart sjuk og døde. Det sentrale i filmen er korleis familien handterer denne situasjonen.
Small Talk er ikkje bygd på eit ferdig manus og har ikkje skrivne replikkar. Personane i filmen har ikkje skodespelarerfaring, dei improviserer og brukar eigne ord. Regissør Even Hafnor vil gjere greie for kvifor han valde dette filmatiske grepet, og kva effekt det gir. Samtidig forteller han om utfordringar ved å regissere sine eigne foreldre, som på uventa vis enda opp med å spele hovedroller i filmen. Kombinasjonen av humor og alvor gjer at filmen er underhaldande, samtidig som han oppfordrar til ettertanke.
Her er nokre spørsmål Hafnor vil ta opp med elevane:Korleis kan ein oppleve eit norsk familieselskap?Kan vi vere oss sjølve når vi er med familien?Korleis snakkar vi om vanskelege tema, som t.d. døden?Korleis kan ein oppleve det å kome inn i ein ny familie?Korleis er det å kome utanfrå inn i ein ny kultur?
Small Talk har fått 12 nasjonale og internasjonale prisar, vann Gullstolen i Grimstad og var i tillegg nominert som Beste europeiske kortfilm av det Europeiske Film Akademi i 2016.

Stjerneteller - V21

Musikk, Trinn: 1-7
Stjerneteller er namnet på Christine Sandtorv sin musikkserie for born. Bergensmusikaren Sandtorv har fått Spellemannpris i klassa ”Beste barneplate” for to av platene i serien, og saman med det faste bandet sitt har ho spelt Stjerneteller-konsertar for born og familiar på festivalar og konsertscener rundt om i landet. Musikken og konserten er stemningsfull, utforskande, lærerik og involverande. Her blir det dans og moro, leik og alvor, og poplåtar av ypparste klasse – laga heilt spesielt for og til born.Vi ønskjer at alle skulane som skal ha konsert stiller med eit kor,  til dømes ei klasse (mellom 10 og 30 elevar, alt etter kva som passar skulen og klassa best). Låtane koret er med på, er Blåse på, Kaos og Stjerneteller. Tekster og besifring ligg vedlagde her.  Sjå musikkvideo til Kaos til songen under "Lenker", og lytt til songane Blåse på og Stjerneteller under "Vedlegg". Koret er med oppe på scena saman med bandet. Les mer om korførebuingar under punktet "Merknad" på denne sida.

Superiopera - V21

Musikk, Trinn: 1-7
Superiopera Crescendo Diminuendo Quarto Terso Fermate Legato Cantabile den tredje, heiter ho, romvesenet som landar i klasserommet eller gymsalen på skulen din. Der møter ho Feleonora Frederikke Fiola Klang, den superflinke felespelaren.Romvesenet kjem frå den vakre planeten Superiora dell'Aria, ein planet med fossefall av sølv og blomar i krystall og kor alle kan synge dei herlegaste songar. Men ein dag kjem mørkret, i form av den intergalaktiske skurken Anti Musicatirius, til Superiora dell'Aria. Han hatar musikk og stel den magiske eliksiren dei treng for å kunne synge desse vakre songane. Og utan songane kan dei ikkje leve, og all musikk vil dø ut!

Superiopera kjem til jorda på leit etter den livsviktige eliksiren. Med seg har ho eit skattekart fylt av gåter, og med hjelp frå Feleonora, og saman med publikum, må ho løyse dei musikalske oppgåvene som kan gi ho den magiske musikkeliksiren tilbake. Hvor kan han finnast? I gymsalen? I dei gamle folkevisene? I fantasien?

Sykkelfugl - V21

Film, Trinn: 8-10
”Sykkelfugl” er ein film om å balansere mellom to kulturar. Zahra (12) bur på eit asylmottak i Noreg ilag med familien sin. Ho har ein draum ho gjerne vil realisere, det viser seg ikkje å vere så lett. Men Zahra er ein fightar.Etter filmvisninga vil regissøren ha ein samtale med elevane om det å vere asylsøkjar og leve midt i fleire kulturar. Regissøren vil også ta opp spørsmål knytt til det å vere filmskapar.
Kvart år kjem mange hundre barn og unge til Noreg for å søkje asyl. Fleire opplever å vente i månader og år utan å vite om dei får bu i Noreg. Desse barna lever og veks opp midt mellom ulike kulturelle og religiøse kodar og reglar. Zahra, hovedpersonen i ”Sykkelfugl”, lever midt i dette. Ho er ei aktiv og utforskande jente som kjempar for draumane sine.Filmen fekk pris på Chicago Intenational Children's Film Festival, og er nominert for Japan Prize (Youth division). Han har vore vist på skuleturnear for fleire tusen elevar i Frankrike, USA og Canada. Her har han vore utgangspunkt for mange reflekterande samtalar omkring det å leve midt i fleire kulturar. Regissørar er Kari Klyve-Skaug og Odveig Klyve.

Tippe tippe tue - V21

Musikk, Trinn: 1-7
Eit musikalsk møte med tre av våre fremste unge folkemusikararI dette programmet får elevane møte folkemusikarane Malin Alander, Ingrid Stuhaug og Ole Nilssen. Dei byr på ein variert og leiken meny med både gneistrande slåttespel på hardingfele og trekkspel, vakre folketonar, og eit knippe rim og regler som elevane skal få lære seg nokre av. Regien er ved Jeff Pedersen.FørearbeidDet er fint om elevane får gjere seg kjende med songen "Tippe Tippe Tue" som ligg vedlagt som pdf og lydfil.  Songen vil bli framført i starten av konserten, og elevane får vere med for fullt seinare i programmet.Praktisk konsertførebuing• Sceneoppsett: Det er lagt ut ei skisse (pdf) med sceneoppsettet. Utøvarane vil gjerne at de lager ein halvsirkel med diameter 6-7 meter midt på sceneområdet, og eit "mini-amfi" rundt. Det vil seie matter fremst, så benkar og stolar. Utøvarane treng eit bord (pult-storleik), og det må vere eit straumuttak nær sceneområdet. ​​​​​​​• Aldersblanding: På skular med fleire konsertar er det fint med aldersblanding på konsertane. 
​​​​​​​• Ankomst: Musikarane kjem til skulen omlag 45 min. før konserten startar. 
• Bærehjelp: Musikarane vil gjerne ha hjelp av 2 elevar til å bere inn litt utstyr når dei kjem.​​​​​​​

God konsert!


Tordivelen flyg i skumringen - H20

Scenekunst, Trinn: 5-7
I ei doven svensk bygd driv tre unge menneske ut i sommarkvelden med ein bandopptakar. Gjennom insekta si summing og støyen frå lokaltoget plukkar mikrofonen opp ei stemme. Nokon forsøker å nå dei frå ein annan dimensjon. No byrjar eit ferieeventyr som tenåringane Annika, Jonas og David aldri kjem til å gløyme."Tordivelen flyg i skumringen" av Maria Gripe er ein sterk romanklassikar for barn og unge. Opphaveleg vart forteljinga laga som eit høyrespel i 1979, og serien vart for nokre år sidan kåra til det beste høyrespelet for ungdom i NRK.No håpar Det Vestnorske Teateret at denne spenningsklassikaren vert til glede for nye generasjonar på Logen i Bergen. 

Verdas beste Disney - V21

Musikk, Trinn: 1-7
Disney med Distriktsmusikarane i SognDistriktsmusikarane i Sogn, Akiko på piano, Leif på trombone og Bjørn Gisle med si barytonstemme byr på ein ny produksjon med musikk frå Walt Disney sine filmar. Dette blir eit fengande program med ein variert musikalsk meny med kjende og kanskje også litt mindre kjende songar. Elevane vil få høyre melodiar frå Snøkvit og dei sju dvergane, Pocahontas, Trollmannens læregut, Herkules, Frost og Løvenes Konge. FørearbeidVi vil gjerne at elevane teiknar eller malar bilete med Disney-motiv frå nokre av desse filmane som kan hengast opp i konsertlokalet på førehand. Lag gjerne ein montasje ved inngangen til konsertlokalet der elevane kjem inn, gjerne også i større format. Regi: Jeff PedersenGod konsert!

Vestland, Vestland - H20

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
I det humoristiske teaterstykket «Vestland, Vestland» får publikum vite ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som dei sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som dei ikkje visste at dei lurte på.

Kva skjedde på Gulatinget?
Låg dei tyske keisarane med damene på S-laget?
Går det an å flørte i dalatrekk?
Er det trist når nabosvinet døyr?
Kva har skjedd og kor er vi på veg?
Kort sagt: Kven er vi?

Framsyninga er ei gåvepakke frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret til alle innbyggarane i det nye fylket. Ei rekke påstandar, særpreg og historiske hendingar blir presenterte, gjenskapte, diskuterte og avklarte, slik at vi kan vandre vidare saman.På scena står Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland og Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord. Finn Tokvam har skrive teksten, inkludert ei rekke songar som er tonesette av Odd-Erik Lothe. Arvid Ones har regien.

Visste du at...? - H20 og V21

Litteratur, Trinn: 1-4
Visste du at…? er ein serie faktabøker frå Samlaget. Anna R. Folkestad har illustrert tre av dei, og i dette forfattarmøtet får elevane høyre gøyale fakta frå alle tre bøkene. Folkestad reiser rundt med desse tre bøkene, som ho også sjølv har illustrert:Visste du at…? TACOVisste du at…? SUSHI                                                                                                                      Visste du at…? GODTERIFolkestad vil først lese og vise bilete frå bøkene.
Etterpå finn ho, saman med klassen, på nye Visste du at…? - faktasetningar.
Kanskje veit elevane noko lurt som dei vil lære vidare?
Er det noko dei synest er kult, spanande, ekkelt eller rart?
Kanskje dei nettopp har lært noko nytt på skulen?

Så teiknar Folkestad, med innspel fra klassen, på flip-over eller whiteboard korleis ein eller fleire av setningene kan illustrerast.

Etter turneen vil alle klassane forfattaren har møtt, få ei illustrert PDF-fil der alle "Visste du at…?" setningane som er laga på turneen er samla.

We Come from Far, Far away - H20

Scenekunst, Trinn: 5-7
Denne teaterførestillinga baserar seg på historier frå mindreårige asylsøkarar på Hvalstad transittmottak i Asker. Publikum får oppleve ei nær og intens atmosfære i eit stort telt der dei følgjer ungdomane Omar og Abdallah på flukt frå Aleppo i Syria til Oslo S. Diverre kjem berre ein av dei fram...
​​​​​​​
​​​​​​​Framsyninga varar i 55 minutt og etterpå er det ope for samtale mellom elevane og utøvarane (om lag 10-15 minutt). NIE teater ynskjer å skape dialog om korleis det er å vere barn på flukt.​​​​​​​We Come from Far, Far Away blei tildelt Heddaprisen for beste førestilling for ungdom 2017.

Å fange følelser V21

Visuell kunst, Trinn: VG1-VG3
Å fange følelser er ein verkstad i to deler.
I første del blir elevane presenterte for ulike fotografi der dei ilag med formidlar ser på symbolbruk som fargar og objekt. I andre del får elevane sjølve lage eit fotografi, og så blir økta avslutta med ein samtale der elevane kan tolke bilda til kvarandre.Produksjonen passar godt for målgruppe tilrettelagt undervising.
Formidlar startar med å samtale med elevane om ulike bilde; kva legg dei merke til, korleis er symbola brukte, og korleis kan ein visuelt uttrykke noko ein brenn for. Det å reflektere rundt symbol og symbolbruk, er svært viktig i dette arbeidet. Målet er mellom anna å skape bevissthet rundt korleis vi tek vare på personlege minne og kjensler – i eit fotografi eller på Instagram. I del to skal elevane sjølve lage eit fotografi med eit pinhole-kamera som er det eldste kamera vi kjenner til (frå midten av 1800-tallet). Elevane bestemmer sjølve kva dei vil fotografere, og dei vil få sjå heile prosessen frå eigen ide til ferdig produkt. Prosessen er analog, og dei får framkalle foto i eit mørkerom. I den avsluttande samtalen vil formidlar i lag med elevane drøfte transaksjonen frå eit tredimensjonalt objekt til et todimensjonalt foto.Turnéperiode: ​​​​​​​Veke 16 2021.

Å vente på FN - V21

Film, Trinn: 8-10
Gjennom dokumentarfilmen “Å vente på FN” blir elevane kjende med ein familie på fire frå det okkuperte Vest-Sahara. Familien har budd i ein flyktningleir i over 40 år.  Etter at elevane har sett den 35 minutt lange dokumentaren, vil regissør Ane Oltedal og regiassistent Asria Mohamad, som vaks opp i flyktningleiren, ha ein samtale med elevane.Vest-Sahara er okkupert av Marokko, og i over 40 år har det saharawiske folket levd i provisoriske flyktningleirar i ein ørken i Algerie.  Familiefaren Bah har vakse opp med forteljingar om kampar i heimlandet, Vest-Sahara. Både faren og bestefaren hans kjempa for heimlandet med våpen. Alt Bah gjer er å vente, - evig venting i ein ørken i eit framandt land. Kanskje burde dei ta til våpen igjen, tenkjer han. Sonen Taleb likar ikkje at faren stadig snakkar om krig.Elevane får eit nært innblikk i korleis ein heilt vanleg familie, i ein heilt uvanleg situasjon, får kvardagen til å gå rundt med små utsikter til ei betre framtid. Etter filmvisninga vil Ane Oltedal og Asria Mohamad samtale med elevane. Her kan dei ta opp mange tema som er relevante i ulike fag i vgs og på U-steget; geopolitikk, FN, EU,  flyktningar, bistand, medieetikk, mediepåvirkning m.m.Vedlegget viser at dokumentaren enkelt kan brukast til å ta opp tema som som er nedfelte i skulen sine læreplanar. 

Øy - H20

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
Danseframsyninga "Øy" er jakta på dei alternative forteljingane om  underdogen. Den stille dagdrivaren. Dei vi enno ikkje veit noko om. "Øy"er inspirert av historier om isolasjon, vandalisme og aude, lukka rom.
På scena, i ein hybrid mellom ein spa-resort og ei fantasyslagmark leitar framsyninga etter moglegheit til å reise bort. Langt bort, eller kan hende djupt innover. Saman med sju dansarar blir publikum inviterte med på eit fluktforsøk frå eit altoppslukande tomrom.Koreograf Ole Martin Meland sitt arbeid er direkte og upolert. På scena har han med seg den eksperimentelle pop-duoen Smerz som skapar eit styggvakkert lydbilete inspirert av horror og romanse.Framsyning og samtale på scenekanten:Elevane får fyrst sjå framsyninga (ca. 40 minutt). 
Etter framsyninga blir det ei samtale, leia av ein moderator, der dansarane fortel om prosessen og korleis framsyninga er sett saman av dei ulike element som rørsler, lyd, lys og scenografi (ca. 20 minutt).Speleperiode: 14. og 15. oktober.
Uttrykksform
Målgruppe
Tidspunkt
Åpne filter