Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Stor Overraskelse
Produksjonsliste
Program

Stor Overraskelse

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ingen førebuingar når det gjeld innhaldet - det er konseptet på denne konserten. Alt er 100 % improvisert, når hiphoptrioen Stor Overraskelse inntek gymsalen med storm.

Forresten, sa vi gymsalen? I vinter måtte ein skule utanfor Drammen evakuere på grunn av gassutvikling i gymsalen like før bandet skulle gå på scena. God grunn for avlysning, eller?

Ikkje for Nils m/Skils, Skranglebein og Droolian, som like godt tok med seg anlegget ut i null grader på skuleplassen og improviserte der i staden for. Korleis det gjekk kan de sjå her.

Forvent ein skuletime på rim, ein skuletime med humor, rytmar, teatersport og hugs at det er de, elevane, som avgjer kva tema som det skal rappast om. 

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Stor Overraskelse

Gutta bak dette konseptet er Norges beste fristilrapparar Nils m/Skills og Skranglebein. I tillegg har Stor Overraskelse med seg landets mest unike einmannsorkester, beatboxeren Droolian, som lagar musikk og rytmar med munnen.

Nils m/Skils og Skranglebein har samarbeidd med alle dei store hiphop-namna i Noreg, og har i tillegg alltid vore opne for å prøve ut nye ting. Gjennom dette har dei mellom anna samarbeidd med Bugge Wesseltoft, Postgirobygget, Toni Totino, Harald Eia, Thorbjørn Harr, Klaus Hagerup og Valkyrien Allstars. Dei har medverka på Typisk Norsk, VG-lista topp 20, Dunder, Julemorgen, Dagsrevyen og sommarprogramma til både TV2 og NRK. Nils m/Skills har hatt sin eigen serie på VGTV/Skeez TV, og vore gjest hos NRK sin serie  Trygdekontoret.


Medverkande

  • Per Olaf Hoff Mydske (Rapping)
  • Nils Bjelland Grønvold (Rapping)
  • Julian Sommerfeldt (Beatboxing), , 97066786

Multimedia og vedlegg

Bilete

Stor Overraskelse
Foto: Stor Overraskelse
Stor Overraskelse
Foto: Stor Overraskelse

Video/Lyd

Musikk
Trinn: 1 - 7
Turnéplan: Stor overraskelse
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Julian Sommerfeldt, , 97066786
Maks publikumsantal
170
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
30 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
Rikskonsertene
Medverkande
  • Per Olaf Hoff Mydske (Rapping)
  • Nils Bjelland Grønvold (Rapping)
  • Julian Sommerfeldt (Beatboxing)