Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Thea Hjelmeland
Produksjonsliste
Program

Thea Hjelmeland

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ein komet på fylket sin artisthimmel

Thea Hjelmeland er ein av Sogn og Fjordane sine mest kjende artistar. Den unge musikaren og vokalisten frå Førde har hatt stor suksess med sine plateutgjevingar "Oh, the third" og "Solar Plexus" som begge har fått strålande kritikkar. Thea Hjelmeland komponerar all musikken, skriv tekstane og arrangerar musikken sin sjølv i tillegg til å produsere. Hennar sterke låtmateriale er prega av ein stemmebruk få gjer henne etter. Ho nyttar stemma si nærmast instrumentalt og i eit stort register som strekkjer seg frå det djupaste djupe til det aller lysaste. Musikken til Thea varierer mykje frå det nære og intime til det utadvende og energiske, og er kjenneteikna av både catchy refreng og ikkje minst Thea si traktering av ei mengd ulike strengeinstrument. Dette gjer at Thea sine konsertar blir ei konsertoppleving i fleire dimensjonar, både instrumentalt og vokalt. Med seg på konserten har ho eit knippe dyktige medmusikantar frå øverste hylle, Jo Berger Myhre/Morten Skage (bass), Matias Tellez (gitar) og Ivar Thormodsæter (trommer). 


GOD KONSERT!

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Øyvind Lyslo, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no, mob. 90 11 34 33
  • Idé/ opplegg: Thea Hjelmeland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Thea Hjelmeland er både vokalist, komponist, tekstforfattar, produsent og arrangør i tillegg til at ho spelar på ulike gitarar, mandolin, banjo og piano. I 2014 fekk Thea Spellemannsprisen i klassen "Indie" for plata "Solar Plexus". Same år vart ho også kåra til årets artist i Sogn og Fjordane. Thea Hjelmeland har også fått Vossajazzprisen og Edvard-prisen i tillegg til Førde kommune sin kulturpris. Thea har også skrive musikk til og har vore musikar/skodespelar ved fleire teaterstykke, ma. ved Den Nationale Scene i Bergen og Sogn og Fjordane Teater, samt laga musikk til spelefilmen HEVN. 

Matias Tellez er gitarist, artist og produsent frå Bergen og Chile. Han har sitt eige band Young Dreams. Matias er også produsent for Sondre Lerche, Hjerteslag, Chain Wallet med fleire. 

Ivar Thormodsæter er trommeslagar frå Bergen som meistrar ei rekkje ulike stilartar. Han spelar med ei rekkje ulike band som td. Madcon, Miss Tati og Bergen Big Band. 

Jo Berger Myhre (29.01-07.02) Bassist. Har dei siste åra vore ein svært ettertrakta bassist og opptrer regelmessig i heile Europa og elles i verda med bl.a. Splashgirl, Nils Petter Molvær, Frida Ånnevik, Susanna og Mariam the Believer. Har også spelt med m.a. Ingrid Olava og Solveig Slettahjell.

Morten Skage (08.02-10.02) Bassist. Har dei siste 25 åra vore nytta som bassist av mange artistar og grupper i Noreg. Allsidig musiker med føter i både rock, pop, jazz og blues. Har m.a spelt i backingbanda til Sondre Lerche, Jan Eggum og Sergeant Petter, og er mykje nytta som studiomusikar. Er for tida fast medlem i Good Time Charlie.

Lyd: Hans Petter Heggeli

Lys: Nico  Benz 


Medverkande

  • Thea Hjelmeland (Vokal, gitarar, banjo, mandolin, tangentar)
  • Matias Tellez (Gitar)
  • Ivar Thormodsæter (Trommer)
  • Jo Berger Myhre (Bass)
  • Morten Skage (Bass)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Thea Hjelmeland
Foto: Vegard Fimland
Thea Hjelmeland
Foto: Andrew Amorim
Thea Hjelmeland
Foto: Vegard Fimland
Thea Hjelmeland
Foto: Andrew Amorim
Thea Hjelmeland (Solar Plexus)
Foto: Vegard Fimland
Thea Hjelmeland
Foto: Andrew Amarim

Video/Lyd

Musikk / Pop/rock, Musikk / Pop/rock
Trinn: 8 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Øyvind Høstaker oyvind.hostaker@sfj.no tlf: 95222168
Kontaktperson utøvar
Programlengde
45 min.
Arena / rom
Kulturhus
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no, mob. 90 11 34 33
Rikskonsertene
Medverkande
  • Thea Hjelmeland (Vokal, gitarar, banjo, mandolin, tangentar)
  • Matias Tellez (Gitar)
  • Ivar Thormodsæter (Trommer)
  • Jo Berger Myhre (Bass)
  • Morten Skage (Bass)