Tilbake
Johan Moen

Animasjonsverkstad

Film er 24 bilete i sekundet. Elevane vert delt inn i mindre grupper. Ved hjelp av eit nettbrett, ein animasjonsboks, og dukker eller figurar dei lagar sjølv av plastelina eller papir, lærer elevane å lage animasjonsfilmar. Vi startar med litt kunnskap om korleis ein fortel ei historie, og elevane får lage ei lita historie sjølv. Så får elevene lære den enkle nettbrettapplikasjonen dei skal jobbe med resten av verkstaden. Ved å flytte figurane sine litt og litt, og ta eitt og eitt  bilete kjem etter en liten stund ei historie til liv.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Johan Moen, produsent/regissør/fotograf for tv/filmproduksjonar, og Charlotte M. Rintler, kunstnar og illustratør samt animatør. Johan har 15 års erfaring frå tv-verda mellom anna 12 år fra NRK, her har han all teknisk kompetanse til å gjere dette til ei oppleving. Charlotte har utdanning innan animasjon/illustrasjon og kunst frå universitetet i Manchester og Milano. Ho har også teke kurs i spesiell dukkeanimasjon i Praha.

Publikumskommentarer