Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Fantasiatango
Produksjonsliste
Program

Fantasiatango

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Friskt, fengande og finsk - fantasiatango

Johanna Juhola Trio spelar tango med trekkspelet som drivkraft. Musikken til trioen er rytmisk og utadvend i den eine augneblinken og melankolsk og sørgmodig i den neste. Alle låtane er komponert av Johanna Juhola, og trekkspelet (akkordeon), står i sentrum. Musikken er instrumental, og finsk tango ligg som ei inspirasjonskjelde i bakgrunnen. Johanna har også med seg den dyktige gitaristen Topi Korhonen på scena. Tredjemann i gruppa, Hannu Oskala er ikkje på scena, men er lydmann som også deltek musikalsk med effektar som fargelegg musikken til trioen med bassliner og rytmiske element, i tillegg styrer han videoprojektoren. Johanna Juhola Trio har gjeve ut fleire album og cd-en Fantasiatango har fått strålande kritikkar i mange land. 

FØREARBEID

Til denne konserten er det ikkje noko særskilt musikalsk førearbeid. Vi ber likevel om at elevane vert informerte om konserten på førehand. Til dømes kan ein sjå videoen "Grannies" (sjå link) på førehand. Det finst også ein fleire andre videoar med Johanna Juhola på YouTube, td. "Four minute love-story" (Neljän minuutin rakkaus), her i ein duoversjon for trekkspel og piano. Dei seier at tango må ein danse som om ein var forelska i dansepartnararen sin, derav tittelen.

Sjå gjerne også linkar til heimeside, facebook og Soundcloud. Ein idé til musikktimen kan vere å høyre på latinamerikansk tango av td. Astor Piazzolla, og samanlikne med den finske nytangoen eller "fantasiatangoen" til Johanna Juhola som ein får høyre på konserten. 

Sjå også PRAKTISK KONSERTFØREBUING.

GOD KONSERT! 

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Johanna Juhola Trio
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • Idé/ opplegg: Utøvarane i samarbeid med Morten Brenne, Rikskonsertane.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Johanna Juhola er ein av dei mest interessante og nyskapande artistane innan trekkspelmusikk i Finland. Ho er utdanna ved Sibeliusakademiet i Helsinki. Musikken hennar har røter i finsk tradisjon, og nytango er ein av hennar store lidenskapar. Ho trivast også godt i ei rekkje andre stilartar, og spelar gjerne saman med musikarar både innan klassisk, hip-hop, jazz og pop. Ho er ein ettertrakta artist i Finland og har ved sidan av trioen også eit band som heiter Reaktori. Johanna har også komponert musikk for teater og film, og ho har vunne fleire prisar både nasjonalt i Finland og internasjonalt.

Topi Korhonen er også utdanna ved Sibeliusakademiet med hovedinstrument gitar. Han er frilansmusikar og musikklærar og spelar i mange ulike band, både med tradisjonell folkemusikk og samtidsmusikk på repertoaret.

Hannu Oskala er lyd- og videoteknikar som ar ansvaret for lyddesignet. Hannu er eit musikalsk multitalent som i tillegg til å arbeide med lyd også er utdanna folkemusikar med fele som hovudinstrument. 


Medverkande

  • Johanna Juhola Trio
  • Johanna Juhola (trekkspel)
  • Topi Korhonen (gitar, vokal)
  • Hannu Oskala (lyddesign, elektronikk)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Fantasiatango
Foto: Sami Perttilä
Fantasiatango
Foto: Sami Perttilä
Fantasiatango
Foto: Sami Perttilä

Video/Lyd

Musikk, Musikk / World Music, samtid
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
Kontaktperson utøvar
Johanna Juhola
johanna.juhola@gmail.com
mob: +358 505 478 272
Programlengde
40 min.
Maks publikumsantal
200
Arena / rom
Gymsal eller anna eigna lokale. Spelar gjerne på scene dersom det er mogleg. Lokalet må kunne blendast, men vanlege gardiner kan vere tilstrekkeleg. Det skal nyttast videoprosjektor under konserten.
Berehjelp
3-4 elevar
Oppriggingstid
75 min.
Nedriggingstid
30 min.
Må blendast
Ja
Merknad
Praktisk konsertførebuing
  • Musikarane kjem til skulen omlag 1 time og 15 minutt før konsertstart. Johanna vil som regel også sende ein e-post i framkant (sjå kontaktinformasjon dersom behov for direkte kontakt). 

  • Det er fint om skulen sin kulturkontakt eller eventuelle kulturvertar/elevarrangørar kan ta i mot musikarane når dei kjem til skulen konsertdagen.

  • Musikarane treng 3-4 sterke elevar som kan vere med å bere inn utstyret når musikarane kjem til skulen og ut att etter konserten.
  • Musikarane nyttar som regel kortveggen i gymsalen som sceneområde på grunn av video på bakteppet. Andre typar konsertlokale enn gymsal kan vere aktuelle, td. store klasserom på mindre skular. Men det må vere god plass til både musikarar og elevar. 
  • Det må vere mogleg å blende ned rommet til ein viss grad, på grunn av videoen som skal synast frå projektor frå eit bakteppe. Gardiner vil som regel vere tilstrekkeleg.
  • Det må vere normal romtemperatur i konsertlokalet. 

  • Elevane må sitje på stolar framfor sceneområdet. Lydmann/musikar Hannu vil sitje i midten på fremste rad blant publikum. Det er ikkje naudsynt med midtgang.
  • Elevane skal ikkje ha yttertøy på.
    Lærarane sit saman med elevane på konserten. 

  • Ta kontakt med musikarane for å avtale dersom nokon skal ynskje velkomen til konserten og takke for konserten etterpå. Det må gjerne nyttast kulturvertar eller elevarrangørar til dette.
  • Det er fint om det kan setjast fram litt kaffi og vatn til musikarane.
  • Det er ikkje naudsynt med piano.
  • Vaktmeisteren må få kjennskap til denne informasjonen.
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
Rikskonsertene
Medverkande
  • Johanna Juhola (trekkspel)
  • Topi Korhonen (gitar, vokal)
  • Hannu Oskala (lyddesign, elektronikk)