Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Mhoo
Produksjonsliste
Program

Mhoo

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Heime bra, men borte best

"Hooo hooo hooo - The rhythm of the train, leads me where to go"…”

Musikken til Mhoo høyrest mest ut som om han er skriven på reiser til Nashville i USA, til Mexico, Cuba, Spania og Brasil. Det høyrest ut som cowboyar i støvete solnedgangar, tog som køyrer gjennom flate kaktuslandskap, mexicanske trompetar, flamencokledde damer med svart hår og djupraude roser bak øyret. Mens gitarfingerspelet leikar lett og forventningsfullt av stad, høyrer vi også spor av lengt og triste farvel i den tostemte songen med dei lange linjene.

Snart kjem dei til skulen din! 

Sjå Mhoo spele inne i bilen sin:  http://vimeo.com/44514743

Medverkande

Miriam Kjølen, song, gitar, trompet

Oda Karoline Dahl, song, gitar

Erlend S. Hølland, bassgitar, elektrisk

Lærarrettleiing

BRUK KONSERTEN I NORSKUNDERVISNINGA

Kompetansemål i norsk 8. - 10. trinn (utdrag):
"...skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål med grunngjevne synspunkt og tilpassa mottakar, formål og medium"

Tips:
- Lat elevane skrive ei musikkmelding
Bruk nettsidene til P3 Lydverket eller kultursidene til avisene for å gjere seg kjend med ulike måtar å skrive om musikk på.

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Torstein Ellingsen, Rikskonsertane
  • I samarbeid med: Rikskonsertane
  • Idé/ opplegg: Musikarane og produsent Mathias Hilmar Iversen, Rikskonsertane.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Mhoo skriv gode låtar når dei er heime, men dei aller beste låtane kjem når dei er tusen mil unna kvardagane og kan sjå det store i dei små, enkle tinga. Dei kjem frå det ville Vestfold, og har hatt god fart frå musikklinja på vidaregåande, landsfinalen i Ungdommens kulturmønstring, knallsuksess på by:Larm, debutplata Talking in the Streets, og festivalar og konsertar rundt om i verda.


Medverkande

  • Miriam Kjølen (song, gitar, trompet)
  • Oda Karoline Dahl (song, gitar)
  • Erlend S. Hølland (bassgitar, elektrisk)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Mhoo
Mhoo

Video/Lyd

Musikk
Trinn: 8 - 10
Turnéplan: Mhoo (V17)
Praktisk informasjon
Programlengde
35 min.
Maks publikumsantal
200
Arena / rom
Gymsalen ved skulen eller anna eigna lokale
Berehjelp
4-5 elevar
Oppriggingstid
50 min.
Nedriggingstid
25 min.
Straum
16 A x 2
Merknad
PUBLIKUMSPLASSERING OG STOLOPPSETT:
• Musikarane bruker langsida av gymsalen, eller gjerne ein scene der det finst.
• Plasser elevane i vifteform, så nær scena som mogleg. De kan få ein liten amfi-effekt ved å leggje ut matter fremst, deretter benker og til slutt stolar bakarst. På den måten blir det også lettare for alle å sjå sceneområdet.
• Vi ber lærarane om å setje seg i lag med elevane som publikum og soleis ta del i konserten saman med elevane. Det fungerer betre enn om lærarane står for seg sjølve.BEREHJELP:
• Musikarane treng hjelp av fire sterke elevar til å bere utstyr før og etter konserten.
Musikarane kjem ca. ein time før første konsert.KULTURKONTAKTEN:
• Bruk konsertinformasjonen og informer elevar, skuleleiing og lærarar om innhald og praktiske opplysningar.
• Kulturkontakten må vere tilgjengeleg under besøket.
• Det er alltid hyggjeleg å bli møtt med ein kopp kaffi eller te når ein kjem til ein ny stad.
•  Rikskonsertane har god erfaring frå skular som bruker elevvertar og elevarrangørar. Sjå www.rikskonsertene.no/eleversomarrangorer for meir informasjon.STRAUM:
• Musikarane treng tilgang til straumuttak.
• Sidan Mhoo også har med ein liten lysrigg, er det fint om konsertlokalet kan blendast.
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Torstein Ellingsen, Rikskonsertane
Rikskonsertene
Medverkande
  • Miriam Kjølen (song, gitar, trompet)
  • Oda Karoline Dahl (song, gitar)
  • Erlend S. Hølland (bassgitar, elektrisk)