Tilbake
Ine Terese Hogstad

Dans vêret!

”Dans vêret!” er eit kunstfagleg prosjekt som  vil bruke lesing, dans og  leik for å lære.

Barna skal bli utfordra til å bruke heile kroppen når dei skal tenkje på vêr og klima. Dei skal få høve til å utprøve og uttrykke eigne røynsler og haldningar. Slik vil prosjektet gå nye vegar for å  auke lesegleda og gi kunnskap om eit viktig tema.

Barna skal få møte ein dansar og ein musikar, men dei skal også sjølve få danse med. Dei skal få bruke både tanke og kropp for å forstå korleis vêret blir til.  Elevane i 3.-4. klasse vert med på ein time innøving på føremiddagen, etter lunsj er dei med på framsyninga som blir for 1.-2.trinn.

LESE, DANSE, LÆRE

Når det regnar i Afrika (Samlaget 1015)  er ei fagbok om vêr og klimaendringar. Boka som er skriven av Erna Osland, er gjennomillustrert av Per Ragnar Møkleby. Denne boka er den faglege ressursen. Men klima og dans høyrer saman – vêr er rørsler, så i tillegg kjem dans. Prosjektet har nyskriven musikk og lydbilde som skal vere med å tydeleggjere og engasjere.

"Dans vêret!"  er delt inn i tre deler:

  1. Undervisningsopplegg som kan takast i bruk av lærarar i for-/etterkant av prosjektet. Dette vert tilgjengelig i førekant.
  2. Møte med elevane og dansar / musikar – danseworkshop rundt tema. Det vil bli tatt utgangspunkt i dei tankane og ideane som deltakarane har om dans, rørsler og lyd i samanheng med fagboka. Elevane øver inn felles song med rørsler.
  3. Framsyning  med dansaren der elevane deltek med lydbilde og rørsler som dei sjølve har laga på workshopen. 

Det er viktig at skulen tek omsyn til dei  rammefaktorane som kan vere med på å mogleggjere eller avgrense  opplegget. Kva rom har vi til bruk? Kva tid har vi? Kva lærarar kan vere med å hjelpe til?  

Lærarrettleiing

Last ned:
Om Dans vêret!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Vestlandske Teatersenter
  • Idé/ opplegg: Erna Osland, Frøydis Flotve, Ine Terese Hogstad og Hanne Vatnøy

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer