Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
TAKK!
Produksjonsliste
Program

TAKK!

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Om programmet

Ann Kristin og Inga reiser rundt i heile landet og syng og spelar for born. No gledar dei seg veldig til å kome på besøk og synge for borna i barnehagen. Songane handlar om takksemd, om venskap og ikkje minst om naturen kring oss. Tekstane er skrivne av Ann Kristin, mens melodiane har Inga og Ann Kristin skrive i lag. Dei gledar seg til å møte akkurat dykk, og håpar at alle i barnehagen blir med og syng!

Bestillingsverket "Takk" vart skrive våren 2014 for Rikskonsertane.
"Takk" har turnert i barnehagar i Buskerud og i Nord-Trøndelag, og har også vorte framført på førskuleavdelinga på St. Olavs Hospital og Bymisjonen i Trondheim. "Takk" er ei framsyning som er godt eigna for både barnehageborn og eldre. 

Tekst: Ann Kristin Andersson 
Musikk: Ann Kristin Anderson og Inga Rennemo Johansen

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Øyvind Lyslo
  • I samarbeid med: Rikskonsertane
  • Idé/ opplegg: Produsert av utøverne i samarbeid med produsentene.Musikk og tekst er utarbeidd av musikaraneKostymer: Solveig Fugelsøy Foto: Cathrine Dillner Hagen 

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Ann Kristin Andersson har arbeidd som frilans songar, skodespelar, songpedagog og sceneinstruktør dei siste 35 åra. Ho har utdanninga si frå Trøndelag Musikkonservatorium og NTNU, Institutt for drama, film og teater. Ann Kristin er ein ettertrakta solist og har vore knytt til Trøndelag Teater i musikalproduksjonar som “My Fair Lady”, “Tordenshow“ og “Spellemann på taket”. Ho har også gjesta Nord-Trøndelag Teater mellom anna i suksessforestillinga “Café Isogaisa” (H. Rotmo). Sidan 1986 har ho reist med eigenproduserte forestillingar for Rikskonsertane. Ann Kristin set stor pris på, og er særskilt glad i å opptre for dei aller minste.

Inga Rennemo Johansen er utdanna frå Jazzlinja i Trondheim, Høgskulen i Nord-Trøndelag og Det Jyske Musikkonservatorium.
Ho har vore tilsett ved den Nasjonale Scene i Bergen og jobba i ulike ensemble frå revy til orkester. Inga har også vore med i fleire band. Blant desse gav “Barkjuk” ut ein EP i 2014 og “Latinga” kom ut med eit album i 2007. Inga jobbar i dag som lærar ved Høgskulen i Nord-Trøndelag, i tillegg til at ho er kordirigent og frilans songar. Inga er glad i å jobbe med musikk og menneske i ulike aldrar og sammenhengar. 


Medverkande

  • Inga Rennemo Johansen (forteljar, song, tangentar, diverse instrument)
  • Ann Kristin Andersson (forteljar, song, diverse instrument)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Ann Kristin og Inga
Foto: Catherine Dillner Hagen
Inga og Ann Kristin
Foto: Catherine Dillner Hagen
Ann Kristin og Inga
Foto: Catherine Dillner Hagen
Inga og Ann Kristin
Foto: Catherine Dillner Hagen
Ann Kristin og Inga
Foto: Catherine Dillner Hagen
Musikk
Trinn: 3 år - 5 år
Praktisk informasjon
Programlengde
Ca. 35 minutt
Maks publikumsantal
50
Arena / rom
Eigna lokale i barnehagen
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
FØR ANN KRISTIN OG INGA KJEM TIL BARNEHAGENDet er fint om borna kan verte kjende med nokre av songane på konserten. Songane kan lastast ned frå desse nettsidene som mp3-filer. Notar og tekstar finn de også vedlagt som ei pdf-fil.• Vi er alle jordens barn • Drømmen kommer • Æ e så glad • Heldige mæ! Ein kopp kaffi og vatn til utøvarane er alltid populært å bli møtt med før konserten.ETTER KONSERTBESØKETKvart born kan td. i samlingsstunda få høve til å takke for noko som har vore fint om morgonen, eller noko som skal bli fint å oppleve i dag...Er det sant at ein blir glad av å seie TAKK? Prøv!Ta gjerne kontakt med musikarane om det er noko de lurer på.GOD KONSERT!
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo
Medverkande
  • Inga Rennemo Johansen (forteljar, song, tangentar, diverse instrument)
  • Ann Kristin Andersson (forteljar, song, diverse instrument)