Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
I gamle hatter bur mykje latter
Produksjonsliste
Program

I gamle hatter bur mykje latter

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

“I gamle hatter bur mykje latter...”
Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen opnar loket på den musikalske skattekista si. Dei to er musikarar og artistar som ved sidan av å ha auge og øyre for vår eigen musikalske arv også har vore mykje ute i den store verda. Dei har turnert i heile Noreg og over store delar av kloden og samarbeidd med musikarar frå både India, Afrika, Kina og Brasil. Der har dei lært seg songar og melodiar som dei har teke med seg heimatt til Noreg.

Borna vil møte ei verd full av musikkglede og magi som er både stemningsfull, humoristisk og frodig. Gamle, sjeldne instrument, spennande folkeviser og segn, barnerim og regler, og ikkje minst nyskrivne melodiar til tekstar av både Harald Sverdrup, Inger Hagerup, Hans Sande, Ingvar Moe med fleire. 

________________________________________

Før Tone og Hans Fredrik kjem på besøk:

La borna bli kjent med desse songane:

  • Såg du noko te kjerringa mi (vedlagt som mp3-fil)
  • Den store grisen (vedlagt som mp3-fil)
  • Telebondemannen (vedlagt som mp3-fil)

Songane som er henta fra CD’en Langt nord i skogen, og dei tre melodiane fylgjer med både på notar/tekst og vedlagte mp3-filer. Sjå under "vedlegg" i kolonna til høgre. Der finn de også ein samla konsertinformasjon som kan skrivast ut. 

  • Vi ber også om at borna øver på dyrelydane til ku, okse, gris, sau, geit, hane, hest.
  • Høyr på og øv gjerne på ulike fuglelydar etter konserten også.
  • Fint om de held fram med å bruke songane i barnehagen etter konserten!

Songane og musikken er folkemusikk som er arrangert av musikarane eller komponert av musikarane sjølve.

God konsert!

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • I samarbeid med: Rikskonsertane / Kulturtanken
  • Idé/ opplegg: Hans Fredrik Jacobsen og Tone Hulbækmo

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen
  • Tone Hulbækmo (song, harpe, lyre og trøorgel)
  • Hans Fredrik Jacobsen (fløyter, torader og gitar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen
Foto: Privat
Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen
Foto: Privat
Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen
Foto: Privat
Musikk / Tradisjonsmusikk, norsk, Musikk
Trinn: 3 år - 5 år
Turnéplan: I gamle hatter H16
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33
Kontaktperson utøvar
Hans Fredrik Jacobsen, mob. 90 10 55 62
Programlengde
40 minutt
Maks publikumsantal
50
Arena / rom
Eigna rom i barnehagen
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
20 min.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
Rikskonsertene
Medverkande
  • Tone Hulbækmo (song, harpe, lyre og trøorgel)
  • Hans Fredrik Jacobsen (fløyter, torader og gitar)