Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Frå Bygd til Beat
Produksjonsliste
Program

Frå Bygd til Beat

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

​Hiohop som identitetsbyggjar

Denne konserten knyter saman hiphop og artisten Son of Light (André Hadland) si personlege historie. Etter at han såg filmen "Beat Street" i 1984 opna det seg ei heilt ny verd for Son of Light. Han vart lidenskapeleg oppteken av musikken og gjorde alt for å finne ut meir om ein sjangar ingen før hadde høyrt om i Mandal. Då han som ung gut ville høyre på hiphop i ein by der alt dreia seg om rock, kjende han korleis bygdedyret berre venta på å sable han ned! Korleis ein kvit gut frå Mandal fann ein felles identitet med ein hovudsakleg svart kultur er det ikkje så lett å forstå, men kanskje konserten vil gje eit svar?

I dette prosjektet går Son of Light til til sine røter, nemleg å spele med levande musikarar i staden for programmerte rytmar, slik han gjorde då han var 19 år og ga ut plate saman med Helen Eriksen på plateselskapet Blue Note. Besetninga med orgel, trommer og rap byr på eit "dirty" og ope sound som er lett å like. Denne besetninga skapar også fleksibilitet og gjer det også mogleg å samhandle og kommunisere med elevane som det ikkje er så lett å få til dersom ein berre nyttar DJ.

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Torstein Ellingsen, epost: te@rikskonsertene.no, mob. 917 13 877
  • I samarbeid med: Rikskonsertane
  • Idé/ opplegg: Produsentane i samråd med musikarane. Samproduksjon mellom Akershus og Møre og Romsdal fylkeskommunar.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Son of Light, André Viervoll og Sigmund Nilsen.

Son of Light er ein av dei aller mest krediterte rapparane i Noreg. Få andre norske rapparar kan gjere ein slik turne med like lite bagasje! I samarbeidet med André Viervoll (Noora Noor og Queendom) og Sigmund Nilsen møter han to musikarar som som har svært lang fartstid med denne typen musikk her i landet.


Medverkande

  • André Viervoll (hammondorgel/sampling)
  • André Hadland alias Son of Light (vokal)
  • Sigmund Nilsen (trommer)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Son of Light
Frå Bygd til Beat
Sonoflight.jpg
Foto: Pål Arve Myklebust
Sonoflight2.jpg
Foto: Pål Arve Myklebust

Video/Lyd

Musikk
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Programlengde
40 minutt
Maks publikumsantal
200
Berehjelp
Musikarane treng hjelp av 4 sterke personar før og etter konserten.
Lydutstyr
Musikarane har med alt utstyr sjølv, m.a. eit Hammond-orgel som er svært kjenslevart i høve temperaturendringar. Dei vil truleg ta kontakt med skulen dersom dei ynskjer at innrigg skal skje på skulen på førehand, gjerne kvelden før.
Oppriggingstid
75 min.
Nedriggingstid
60 min.
Straum
2 x 16 A - noko mindre vil sprenge sikringane!
Merknad om publikumsplassering
Vanleg plassering av publikum - vi vil at alle skal kunne sjå og høyre godt!
Scene
6 x 3 meter er det idéelle.
Må blendast
Ja
Merknad for spelestad
Tilkomst til lokalet: Orgelet treng minimum 90 cm døropning. Helst unngå trapper! Dersom det er trapp må ein ha 30 minutt lenger riggetid og meir bærehjelp. Kontakt turneleggar Solfrid Bygstad (epost: solfrid.bygstad@sfj.no) dersom skulen vil bytte spelelokale.
Merknad
Vanleg publikumstal på ungdomsskuleturnéen er 200. På denne konserten kan talet vere høgare dersom lokaliteter og andre tilhøve ligg tilrette.

Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Torstein Ellingsen, epost: te@rikskonsertene.no, mob. 917 13 877
Rikskonsertene
Medverkande
  • André Viervoll (hammondorgel/sampling)
  • André Hadland alias Son of Light (vokal)
  • Sigmund Nilsen (trommer)