Tilbake
Øyvind Lyslo
Øyvind Lyslo

Cameleonte Musicale

Er det klassisk eller rock? Ja!

Bli med distriktsmusikarane i Gloppen inn i eit musikalsk grenseland mellom den klassiske og rytmiske musikken! Cameleonte Musicale er italiensk og tyder musikalsk kameleon. Ein kameleon skiftar farge alt etter kva omgjevnader den er i. Slik kan det også vere med musikk. Dei fire dyktige utøvarane vil syne korleis musikksjangrar har påverka og inspirert kvarandre på ulikt vis opp gjennom musikkhistoria, og syne korleis ein melodi kan endre uttrykk etter eit møte med ein ny sjanger.  

Førebuing

Utifrå tips frå ein skule har vi lagt ut melodiane som vert å høyre på konserten (men kanskje ikkje i originalversjon). Det er ein god idé om elevane kan få høyre dei på førehand.

  • "Kanon i D" av J. Pachelbel
  • "Nattens dronning" arie frå Tryllefløyta av W. A. Mozart
  • "Ave Maria" av F. Schubert
  • "Preludium og fuge i C-moll" frå Wohltemperierte Klavier av J. S. Bach
  • "Air" av J.S. Bach 
  • "Life on Mars" av David Bowie
  • "Lascia ch´io pianga" frå operaen Rinaldo av G. F. Händel
  • "Runaway" av The Corrs
  • Utdrag frå operaen "Prins Igor" av Borodin
  • "Happy" av Pharrell Williams

God konsert!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Distriktsmusikarane i Gloppen
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • I samarbeid med: Distriktsmusikarane i Gloppen
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med Øyvind Lyslo

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer