Tilbake
Øyvind Lyslo
Øyvind Lyslo

Giovanni frå Dalen

Musikalske sjekketriks

Eit skråblikk på kjærleik i musikken. Ein songglad bonde frå Jostedalen møter ein berømt cellist og ein konsertpianist. Då kan litt av kvart skje. 

Om programmet

Don Giovanni eller Don Juan er ein legendarisk, oppdikta figur kjend frå verdslitteraturen, mellom anna i romanar, operaer, film og drama. Don Giovanni var både ein førførar og skjørtejegar som ma. komponistern Wolfgang Amadeus Mozart baserte sin kjende opera på. På skulekonserten «Giovanni frå Dalen» får publikum oppleve ein storsjarmør, her i eit meir aktuelt tidsperspektiv, der Giovanni rett og slett er ein syngande bonde frå ein dal i Sogn og Fjordane. Sjølv om han trivst godt i den mektige naturen, er tilværet som sauebonde litt einsamt. Giovanni lengtar difor etter ei han kan sjarmere, og får etterkvart mange tips av både cellisten og pianisten om kva han kan gjere. I programmet vert det framført musikk i eit  musikalsk spenn frå Mozart, Grieg, Bartok og Schumann, til  Morricone, Grandados og Leonard Cohen.  

Førearbeid

Det er fint om elevane får setje seg inn i legenda om Don Juan og gjerne høyre på musikk frå operaen «Don Giovanni» av Mozart. I framsyninga vert melodiane «Deh vieni alla finestra» og «Madamina, il catalogo è questo» (katalogarien) framført frå denne operaen (sistnemnde på norsk). Søk gjerne på melodiane på YouTube (versjonar på italiensk eller engelsk) eller Spotify. 

Praktisk om konsertbesøket

Vi ber om at kulturkontakten, ev. ein lærar eller elev kan vere med Bjørn Gisle Seter rundt på skulen (td. på lærarrommet) for å kunne ta nokre bilete før konserten. Sjå også dei andre punkta om praktisk konsertførebuing. 

Det er fint om ein elev eller lærar kan lese opp fylgjande rett før konserten tek til (to elevar kan også dele på det):

"Velkomen til forestillinga "Giovanni frå Dalen"! De vil få møte storsjarmøren og skjørtejegeren Don Juan, i dag som ein syngande bonde frå Jostedalen. I møte med cellisten Hans frå Sverige og pianisten Akiko frå Japan får de oppleve eit skråblikk på kjærleik i musikken. Då kan litt av kvart skje!" 

God konsert!

Regi: Jeff Pedersen

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Distriktsmusikarane i Sogn
  • Produsent: Øyvind Lyslo
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med produsent Øyvind Lyslo. Regi: Jeff Pedersen.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Distriktsmusikarane i Sogn er ei av tre distriktsmusikargrupper i Sogn og Fjordane. Tilsaman er det 15 distriktsmusikarar i fylket. Musikarane utgjer ei viktig kjerne i musikklivet i fylket, og dei har mange ulike roller. Distriktsmusikarane utgjer kjernen i ulike større orkester i fylket, som Opera Nordfjord sitt operaorkester, og Sogn og Fjordane symfoniorkester. I tillegg er dei solistar, anten det er med Opera Nordfjord eller i andre større musikalske oppsetjingar i fylket. Stillingane er kombinerer utøving og undervisning 50/50, og musikarane underviser soleis også både i kulturskulane og på vidaregåande. Ein viktig del av arbeidet som distriktsmusikar er å spele skulekonsertar, og gjennom dei siste 25 åra har distriktsmusikarane vore på turne i Sogn og Fjordane med over 100 skulekonsertprogram.

Akiko Anazawa kjem frå Japan, men har budd i Noreg i mange år. Ho har studert piano i Tokyo, Japan og ved Griegakademiet i Bergen. Ho har arbeidd som distriktsmusikar i Sogn og Fjordane sidan 2009.

Hans Holgersson spelar cello og kjem frå Sverige. Han er ein mykje nytta kammermusikar og har vore med i mange samanhengar i musikklivet i Sogn og Fjordane. Hans likar romantisk musikk, for då kan han verkeleg få celloen sin til å synge.

Bjørn Gisle Seter syng baryton og har vore distriktsmusikar i Sogn og Fjordane i mange år. Han er ein ettertrakta songar med fleire roller for Opera Nordfjord og Festspela i Bergen. Men han er også ein dyktig dirigent som har leia mange større musikalske oppsetjingar. 

Publikumskommentarer