Tilbake
Eilif Fjeld Teisbo
Eilif Fjeld Teisbo
Eilif Fjeld Teisbo
Lars Halvor Andreassen
Lars Halvor Andreassen

Jorda rundt på 80 dager - V21

Året er 1872 og nye toglinjer gjennom Asia skal visstnok gjere det mogleg å reise heile jorda rundt på berre 80 dagar.

Vitskapsmannen Phileas Fogg drøymer om å bli teken opp som medlem i Englands prestisjetunge vitskapsklubb, men i alle år har han blitt motarbeidd og latterleggjort av leiarane i klubben.
​​​​​​​Etter eit veddemål legg han ut på reise for å bevise at det er mogleg å koma seg rundt jorda på berre 80 dagar. På vegen møter han fleire hindringar, men Phileas Fogg gjev aldri opp – mykje takka vere den trufaste kompanjongen og tenaren Passepartout, som støttar han heile vegen.
​​​​​​​Saman reiser dei frå London til Suez, Bombay, Calcutta, Hong Kong, Yokohama, San Francisco og New York. Men vil dei rekke tilbake til London i tide? 

Jules Vernes’ roman «Jorden rundt på 80 dager» er for nokon ein klassikar å rekne, men for mange barn og unge i dag er historia heilt ukjent. Forteljinga er eit fargerikt og fantasifullt eventyr, og i Feil Teaters versjon er den eit leikent og fysisk musikkteater.
​​​​​​​
​​​​​​​I framsyninga opptrer tre skodespelarar som ved hjelp av musikk og enkle scenografiske element tek publikum med på ei reise til fjerne land og eksotiske stader.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Feil Teater er eit teaterkompani som blei etablert i 2016. Kompaniet består av 14 medlemmer som alle er utdanna ved HiNT/Nord universitet. Kompaniet har sidan oppstarten turnert landet rundt med fleire førestillingar.   

Publikumskommentarer