Tilbake

Danseverkstad - H20

To dansarar og ein spelemann på hardingfele let elevane ta del i ei reise i lokale dansetradisjonar frå Hordaland. Dei vil få kjenneskap og eigarskap til rytmar og rørsler i lokal folkedans og folkemusikk. Målet er å utfordra og inspirera elevane. Det vert springar, halling, tretur og songdansar. Fokuset vil vere aktiv deltaking, men elevane vil også få sjå instruktørane dansa. Med utgangspunkt i tradisjonen skal elevane få utfolde seg i ein times danseverkstad.

Lærarrettleiing

Forslag til etterarbeid

Fekk de lyst til å lære meir om folkedans?  Her er nyttige lenkjer: 

http://www.folkepedia.no/ eler på Facebook -  https://www.facebook.com/folkepedia/

Kanskje de kan hente inspirasjon frå Dansekompaniet Frikar sine sider:

http://www.frikar.com/no/akademi/frikar-kulturskule/

Frikar kombinerar folkedans , klassisk ballett og akrobatikk.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Bergen ungdomslag Ervingen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer