Postkort frå den Arktiske Alven - V21
Nissar, huldrer, tussar og troll var ein større del av kvardagen før i tida. Har desse vesena forsvunne heilt eller finns dei enno?
I denne framsyninga fortel, syng og joikar Elin Kåven historier om mytologiske vesen frå gamal nordisk tradisjon. Eitt av vesena elevane får møte gjennom musikk og digital animasjon er den Arktiske Alven som har sendt eit postkort.
Saman med musikar Espen Wensaas set Elin gamle tradisjonar inn i eit moderne perspektiv og ynskjer å inspirere elevane med joik og samisk musikk.
Lærarrettleiing
Denne produksjonen er utvikla frå prosjektet “Magisk Portal” som i 2018 fekk utviklingsmidlar frå Kulturtankens FoU-avdeling sitt prosjekt "Forsøk med nye formidlingsmodeller ved bruk av teknologi”. Målet er å sjå korleis Augmented Reality (AR) kan nyttast i kunstformidling.
Les meir om satsinga og Den Arktiske Alven på Kulturtanken sine nettsider:
https://www.kulturtanken.no/aktuelt/2021/samisk-folketro-i-digital-ar-drakt/
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
- Kunstnarar / grupper: Elin Kåven
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Elin Kåven er ein samisk songar, joikar og låtskrivar frå Karasjok. Ho har gitt ut tre soloalbum og er kjend i sjangeren «Arktisk folk pop». I 2017 kom Elin på tredjeplass i Melodi Grand Prix med låta “First Step in faith / Oadjebasvuhtii”.
Espen Wensaas er folkemusikar og multiinstrumentalist frå Geilo, og spelar på gitarar og blåseinstrument.
Publikumskommentarer