Tilbake
Carina Gjelsvik
Carina Gjelsvik
Carina Gjelsvik

Screening - med verkstad - H20

“Screening” betyr å undersøke og å kaste lys på noko.

Videokunstnaren Verena Scholz viser ein eigen installasjon der elevane sjølve blir ein del av eit interaktivt kunstverk.

Elevane får sjå og høyre om screening-installasjon som ein del av samtidskunsten. Dei får teste ut korleis ein kan jobbe med lys, skygge og objekt i eit rom, samt motiv, storleik og avstand. Prosjektet stimulerar til å bruke digitale medium og datateknikk som kreative verktøy og utfordrar elevane til å tenke i fleire dimensjonar samstundes.

Produksjonen består av to delar; visning og verkstad. I verkstaden blir elevane delte inn i grupper og får innføring i teknikk, fotografering, digitale medium og bruk av projektor.

Arbeidet med screening-eksperimenta blir dokumentert og presentert avslutningsvis i ei felles framsyning.

Læreplanmål

Faglege kjerneelement

Naturfag

  • Teknologi 

Samfunnsfag

  • Undring og utforsking  

Kunst og handverk

  • Kunst- og design-prosessar
  • Visuell kommunikasjon 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Verena Scholz
  • Idé/ opplegg: Verena Scholz. Produsert i samarbeid med DKS Vestfold.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Verena Scholz har studert kunst & media v/Carl von Ossietzky Universität, Oldenburg i Tyskland, og har mellom anna stilt ut eigen kunst ved Høstutstillingen og Østlandsutstillingen. Ho har lang erfaring med DKS og har turnert både med eigne verk og som formidlar for Nasjonalmuseet.  

Publikumskommentarer