Se med hendene - V21
Kan hendene våre hjelpe oss med å sjå?
I utstillinga "Se med hendene" blir elevane kjend med keramiske arbeid av ni ulike kunstnarar gjennom å sjå og høyre, og modellere i leire.
Leire er eit materiale vi har brukt i uminnelege tider. Leira er i utgangspunktet mjuk og formeleg, men blir steinhard dersom den vert brent ved høg temperatur. Brent leire blir til keramikk som kan nyttast både som bruksgjenstand i kvardagen og som kunstneriske uttrykk.
I ein verkstadsdel vil elevane bruke modellering som ei sanseleg tilnærming til formane og figurane i utstillinga. Dei får kvar sin klump med leire som dei skal forme med hendene. Leirklumpen er eit skisseverktøy, og skal ikkje ende i eit eiendeleg resultat. Lærarane vert oppmoda til å delta på lik linje med elevane.
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
- Idé/ opplegg: Nasjonalmuséet, Norske kunsthåndverkere og Turnéorganisasjonen i samarbeid.
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Vi får sjå arbeid av Sofie Nørsteng, Irene Nordli, Jim Darbu, John Skognes, Kristin Opem, Guri Sandvik, Lillian Tørlen, Mette Strøm, Heidi Bjørgan og Elin Aasheim.
Publikumskommentarer