Du må ikkje skrive H20
Ei innføring i kreative skriveteknikkar av forfattar Lars Svisdal.
Dette er eit todelt skrivekurs:
- Del ein tek for seg å skrive parodi og travesti (komisk forvrenging) over eksisterande tekst. Ein annan metode er blackout-metoden, der ein tusjar vekk tekst og let enkelte element stå att, som igjen utgjer ei ny meining i teksten.
- Del to tek for seg korleis ein systematisk kan gå fram for å skrive ei historie. Elevane får steg-for-steg-oppgåver, der dei tek utgangspunkt i konkrete personalia, for så å bygge på lag med å introdusere omstende, stadar, relasjonar og konflikt. Bilete og musikk vert element som elevane kan ta utgangspunkt i.
Forfattaren nyttar tekster i fleire sjangrar, alt frå skjønnlitterære klassikarar til wikipediaartiklar. Med leik som dimensjon ønskjer han å framelske skriveglede!
Turnéperiode: Veke 44, 45 og 47 2020.
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
- Kunstnarar / grupper: Lars Svisdal
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Lars Svisdal er utdanna innan litteraturvitskap, skapande skriving, engelsk og nordisk språk og litteratur. Sidan fullført utdanning i 2013 har han jobba som norsk- og engelsklærar i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen i Bergen og Sogn. Han har dessutan jobba redaksjonelt med skjønnlitteratur i skriftserien Ir og kunstantologien ROV. I 2018 gav han ut den første romanen sin, Seg til inkjes, og for denne vart han tildelt den prestisjetunge Tarjei Vesaas`debutantpris.
Publikumskommentarer