Danseworkshop med Absence - V21
Dansarar frå Absence Crew held ein intens og morosam danseverkstad for elevane der dei lærer grunntrinn og triks i Hip Hop/Breakdance. Glede og sjølvtillit er sentrale stikkord for denne danseverkstaden og fokuset er at elevane får oppleve meistring gjennom dans.
Desse held workshops:
Veke 11: Christopher Cardoso og Daniel Grindeland.
Veke 12: Hans Kristian Fjeld Andersen og Andreas Roksvåg
Veke 14: Christopher Bottolfsen og Andreas Roksvåg
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Absence Crew er ei prisvinnande dansegruppe med hip hop som hovudsjanger. Dei starta i Bergen i 1999 og har sidan den gong spesialisert seg innanfor spektakulære sceneshow og fysiske teaterførestillingar. Absence er Norgesmeistarar i break-dance og vinnarar av underhaldning- og talentprogrammet Mitt Dansecrew (tv2). Sjå nettsidene deira for meir informasjon.
Publikumskommentarer