Tordivelen flyg i skumringa - H20
I ei doven svensk bygd driv tre unge menneske ut i sommarkvelden med ein bandopptakar. Gjennom insekta si summing og støyen frå lokaltoget plukkar mikrofonen opp ei stemme. Nokon forsøker å nå dei frå ein annan dimensjon. No byrjar eit ferieeventyr som tenåringane Annika, Jonas og David aldri kjem til å gløyme.
"Tordivelen flyg i skumringen" av Maria Gripe er ein sterk romanklassikar for barn og unge. Opphaveleg vart forteljinga laga som eit høyrespel i 1979, og serien vart for nokre år sidan kåra til det beste høyrespelet for ungdom i NRK.
No håpar Det Vestnorske Teateret at denne spenningsklassikaren vert til glede for nye generasjonar på Logen i Bergen.
Lærarrettleiing
Trygt teaterbesøkDet Vestnorske Teateret følger myndigheitenes forskrifter og retningsliner for å skape eit sikkert miljø for publikum og tilsette.
I Logen har teateret grundig reinhald av alle flater i teatersal og publikumsområde. Når elevane kjem til teateret vert dei oppmoda om å vaske hendene eller bruke stasjonane våre med desinfeksjonsmiddel.
Elevane er delt inn i kohortar og vert plassert i ulike «venteområde» før dei skal inn i salen. Publikumsvertane vil følge elevane inn i salen og plassere kvar kohort samla og i god avstand til neste kohort. Når framsyninga er ferdig, vil publikumsvertane følgje ein og ein kohort ut av salen.
Ved eventuell smittesporing vil det vere behov for å kontakte alle som har vore på teateret ein aktuell dato, og DKS Vestland vil i samarbeid med skulane holde oversikt over elevar og lærarar.
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Det Vestnorske Teateret (tidlegare Hordaland Teater) er eit regionteater og vart etablert i 1988. Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk og har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske.
Publikumskommentarer