We Come from Far, Far away - H20
Denne teaterførestillinga baserar seg på historier frå mindreårige asylsøkarar på Hvalstad transittmottak i Asker. Publikum får oppleve ei nær og intens atmosfære i eit stort telt der dei følgjer ungdomane Omar og Abdallah på flukt frå Aleppo i Syria til Oslo S. Diverre kjem berre ein av dei fram...
Framsyninga varar i 55 minutt og etterpå er det ope for samtale mellom elevane og utøvarane (om lag 10-15 minutt). NIE teater ynskjer å skape dialog om korleis det er å vere barn på flukt.
We Come from Far, Far Away blei tildelt Heddaprisen for beste førestilling for ungdom 2017.
Om utøvarar og produsentar

- Arrangert av: Vestland
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Teaterkompaniet NIE (New International Encounter) vart grunnlagt i Tsjekkia i 2001. Med utøvarar frå fleire europeiske land er kompaniet eit internasjonalt ensemble som turnerer over heile Europa. NIE’s produksjonar skildrar håp, overleving og livskraft.
Publikumskommentarer