Tilbake

Lyriaka - H20

Om programmet

LYRIAKA eit program som har som visjon å stimulere born sine skapande og leikande evner, i tillegg til å fremje kultur skapt av borna sjølve. Lyriaka fekk Spellemannsprisen i 1998 for barneplata "Livet i Lyriaka", og hausten 2007 kom den sjette plata deira "Lyriaka i jungelen". På desse platene er born sine eigne tekstar tonesett, born les eller syng sine eigne dikt, eit barnekor syng songane, og det heile vert sydd saman med ei forteljing. Alle CD-platene til Lyriaka har fått god mottaking og gode kritikkar. Lyriaka har også vore representert på ei rekkje musikkfestivalar rundt om i landet, der utøvarane i framkant har samarbeidd med kommunar, kulturskular, kor og skuleklasser. Slike prosjekt vert avslutta med ein konsert der borna deltek med song, diktlesing, dans og andre musikalske uttrykksformer. Lyriaka-konserten som kjem til skulane er ei fantasiforteljing om landet Lyriaka som er utvikla av Petter Moen og Øyvind Gravdal. Innhaldet er inspirert av og basert på dikt laga av born frå heile landet.

Førebuing

Skulane kan få ei urframføring på skulen sin! Vi oppmodar skulen til å sende inn dikt som elevane har skrive, då er det mogleg at skulen vil få ein heilt ny og fersk låt framført på konserten på sin skule! Send dikt til: Lyriaka - Øyvind Gravdal, Skarvaveien 119, 1350 LOMMEDALEN tlf: 915 14 597 e-post: lyriaka@gmail.com (Hugs å merke dikta med eleven sitt namn og skule).

Det har også mykje å seie for konserten at elevane på førehand lærer seg å synge songane som kan lastast ned frå desse nettsidene (sjå nedanfor)!

Notar, tekstar og CD

Det fylgjer med notar, tekstar og 4 melodiar som skal nyttast under konserten. Det er ynskjeleg at elevane lærar å synge desse songane. Last ned songane (mp3-format) og lytt til dei! For å høyre songen Oksens forelskelse, sjå unde "Lenker" på høgre side. Tekstane og notane kan også lastast ned.

Etterarbeid

Elevane må gjerne også skrive dikt i etterkant av konserten. Ta kontakt med musikarane dersom spørsmål!

Sjå også www.lyriaka.no

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Produsent: Øyvind Lyslo
  • Idé/ opplegg: Petter Moen og Øyvind Gravdal

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Øyvind Gravdal spelar saksofon og er komponisten i Lyriaka. Han har musikkutdanninga si frå Østlandets Musikkonservatorium, Trøndelag Musikkonservatorium og Universitetet i Oslo. Han har tidlegare arbeidd som distriktsmusikar på Sør-Helgeland, dirigert korps og kor, laga musikk til fleire teaterstykke og produsert og komponert musikk til barneplata "Livet i Lyriaka" som fekk Spelemannsprisen i 1998. No arbeider han som frilansmusikar og komponist i Oslo. I tillegg til å vere mykje nytta som teatermusikar i Oslo har han også spelt i ei rekkje ulike samanhengar som t.d. i storband, salsa-band, afro-band, jazz- og soulband.

Jon Arne Bjørnstad syng og spelar gitar. Han har utdanninga si frå Leeds College of Music i England og har også studert ved musikkteaterlina på Bårdar Akademiet. Han har drive som songer og skodespelar i fleire ulike samanhengar, m.a. i eit eige jazzprosjekt. Jon Arne har også delteke i ei rekkje revy- og amatørteateroppsetjingar i Bærum og Oslo. Han driv også mykje med dialogdubbing av diverse teiknefilmar og barneunderhaldningsprogram, og han har medverka i kortfilmar som skodespelar.

Øyvind Fossheim kjem opprinneleg frå Høyanger og spelar tangentinstrument. Han har ei rik og variert fortid som musikar, og har vore engasjert av alt frå populære artistar som M2M og Vincens til meir folkelege artistar som Septimus og Jahn Teigen. Siste halvdel av 90-talet var han aktiv i bandet Licorice, som var med på å bringe disco-funken tilbake til norske scener. Dei siste åra har han også arbeidd som produsent i Sirius Studio for nye spanande artistar som Edel, Selina og Silverspine.

Publikumskommentarer