Visste du at...? - H20 og V21
Visste du at…? er ein serie faktabøker frå Samlaget. Anna R. Folkestad har illustrert tre av dei, og i dette forfattarmøtet får elevane høyre gøyale fakta frå alle tre bøkene.
Folkestad reiser rundt med desse tre bøkene, som ho også sjølv har illustrert:
Visste du at…? TACO
Visste du at…? SUSHI
Visste du at…? GODTERI
Folkestad vil først lese og vise bilete frå bøkene.
Etterpå finn ho, saman med klassen, på nye Visste du at…? - faktasetningar.
Kanskje veit elevane noko lurt som dei vil lære vidare?
Er det noko dei synest er kult, spanande, ekkelt eller rart?
Kanskje dei nettopp har lært noko nytt på skulen?
Så teiknar Folkestad, med innspel fra klassen, på flip-over eller whiteboard korleis ein eller fleire av setningene kan illustrerast.
Etter turneen vil alle klassane forfattaren har møtt, få ei illustrert PDF-fil der alle "Visste du at…?" setningane som er laga på turneen er samla.
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
- Kunstnarar / grupper: Anna R. Folkestad
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Anna R. Folkestad (1983) debuterte med boka Henrik And i 2011. Ho har skrive og illustrert ei rekkje bøker for barn, både biletbøker og lesestartbøker.
Publikumskommentarer