Tilbake

Alle tiders Bergen - 950 år kort fortalt - H20

Ei humoristisk og underhaldande historietime!

Tre av DNS sine fremste skodespelarar tar på seg å framstille Bergen sine 950 år som by, ved hjelp av teateret sin magi og teknologi på særs lågt nivå. Ei framsyning for deg som veit mykje, sånn passe eller fint lite om Bergen si historie.

Her kjem svara på spørsmål ikkje alle har stilt: Kor mykje har vi å takke strilane for? Kven var eigentleg Lodin Lepp? Og kvifor dro Johan Nordahl Brun heilt opp til toppen av Ulriken med eit strengeinstrument?

Manusforfattarane Knut Nærum og Morten Lorentzen har saman med regissør Erik del Barco Soleglad satt saman ei underhaldande historietime  på Store Scene. Du kjem til å le til du lærER? , eller omvendt. Song vil førekome...

Speleperiode: ​​​​​​​Veke 47; 16. - 19. november.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Publikumskommentarer