Tilbake
Gyldendal Forlag
Privat

Far din er en tyv - V21

Opplesing, forteljing og samtale rundt det å ha ein far i fengsel og om å bli stigmatisert og utfrosen i eit lite samfunn.

Boka «Far din» kom ut i 2016 og har blitt nominert til ulike prisar, som Arks barnebokpris, Bokslukerprisen og Nordisk Råds Litteraturpris for BU. Boka handlar om guten Leo og om korleis lokalsamfunnet reagerer den dagen faren hans blir arrestert for tjuveri. Etter kvart som saka blir kjend og omfanget kartlagt, får dette større og større følgjer for Leo og mora. Visste ikkje dei kva som foregjekk? Kven har skuld og kven er offer i denne saka?

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Bjørn Ingvaldsen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Bjørn Ingvaldsen er ein forfattar med omlag 60 utgjevingar bak seg, og dei fleste er for barn og unge.  Han har lang erfaring som formidlar i DKS.

Publikumskommentarer