Tilbake

Superiopera - V21

Superiopera Crescendo Diminuendo Quarto Terso Fermate Legato Cantabile den tredje, heiter ho, romvesenet som landar i klasserommet eller gymsalen på skulen din. Der møter ho Feleonora Frederikke Fiola Klang, den superflinke felespelaren.

Romvesenet kjem frå den vakre planeten Superiora dell'Aria, ein planet med fossefall av sølv og blomar i krystall og kor alle kan synge dei herlegaste songar. Men ein dag kjem mørkret, i form av den intergalaktiske skurken Anti Musicatirius, til Superiora dell'Aria. Han hatar musikk og stel den magiske eliksiren dei treng for å kunne synge desse vakre songane. Og utan songane kan dei ikkje leve, og all musikk vil dø ut!

Superiopera kjem til jorda på leit etter den livsviktige eliksiren. Med seg har ho eit skattekart fylt av gåter, og med hjelp frå Feleonora, og saman med publikum, må ho løyse dei musikalske oppgåvene som kan gi ho den magiske musikkeliksiren tilbake. Hvor kan han finnast? I gymsalen? I dei gamle folkevisene? I fantasien?

Lærarrettleiing

Om framsyninga Superiopera

Dette er ein leiken og fantasifull blanding av Mozart-arier og norsk, tradisjonell folkemusikk ipakka inn i et moderne lydbilete. Bodskapen er at ein kjem lengst med samarbeid og respekt for kvarandre, og at ein alltid kan lage sin eigen musikk så lenge ein har fantasi.

Musikken i Superiopera er eit bestillingsverk frå Rikskonsertene til Knut Sævik.

Fint om de ser denne videoen saman med elevane før konserten:

https://www.youtube.com/watch?v=L7fxzNgSDxs 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Hildegunn Hovde, sopran, har spesialisert seg i Mozart og bel canto-opera, og fullførte sin mastergrad i utøving ved Norges Musikkhøgskole hausten 2011. Med sin brede bakgrunn frå teater og cabarét eksperimenterer ho stadig med ulike måtar å framføre musikk på, både ved å blande ulike musikalske sjangrar og ved å bruke element frå teater og dans. Hildegunn bur i Oslo og Berlin, og debuterte sommaren 2012 som Papagena i Tryllefløyten ved Lyric Opera Studio Weimar.

Gro Marie Svidal er ein av våre fremste hardingfelespelarar med utdanning frå Ole Bull akademiet og Norges musikkhøskole. Ho har turnert for Den kulturelle skolesekken og Riksskonsertene i tillegg til umykje konsertverksemd solo og i ulike grupper  både heime og i utlandet. Gro Marie jobbar også som produsent og prosjektleiar og har vore med på fleire plateutgjevingar. Ho debuterte med eige album i 2009.

Bjørnar Hopland er teknikar og held styr på lyd, elektronikk og projeksjon av bilete.

Publikumskommentarer