Tilbake
Foto: Tingh
Foto: Tingh
Foto: Tingh
Foto: Tingh
Foto: Tingh
Foto: Tingh

En folkefiende V21

En folkefiende av Henrik Ibsen blir ofte kalla verdas første drama om forureining. Ibsen stiller spørsmål ved skuleverket, den frie pressa, demokratiske prosessar og kapitalismen. Stykket er skrive for over 120 år sidan, men er likevel skremmande aktuelt i dag.


Tomas og Peter er brør.  Peter er konservativ kapitalist, Tomas er ein idealistisk rebell. Peter er byfogd og politimeister, Tomas praktiserer som lege, og brørne lever side om side i ein norsk småby. Ein dag oppdagar Tomas at vatnet i kurbadet er forpesta. Å rette opp dette vil øydelegge økonomien og livsgrunnlaget til den vesle byen, å unnlate å gjere det, vil øydelegge helsa til folk.  Den eine broren har retten på si side, den andre har makta. Begge er sta. Begge er krenka. Begge er egoistar.

En folkefiende av Henrik Ibsen er her produsert for ungdom, og er trykt saman til ei intens framsyning der tre kvinner spelar alle rollene. Med ein enkel scenografi, blir publikum invitert inn på folkemøtet i denne vesle byen. Ibsen gir oss ikkje svara, han stiller spørsmåla, og så får publikum gjere seg opp eigne meiningar om kven som er folkefienden.

Turnéperiode: ​​​​​​​Medio mars.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Philipp Stengele er utdanna ved Hochschule der Künste Zürich i Sveits, og er no busett i Noreg. Han arbeider som regissør, forfattar, skodespelar og scenograf både for det frie feltet og ved institusjonsteater. I 2016 blei han nominert til Heddaprisen i kategorien ‘beste scenetekst’ for produksjonen «Othello, hvem stoler du på».

Elisabet Topp er ein allsidig skodespelar med lang erfaring. Etter avslutta utdanning ved Rose Bruford College of Theatre and Performance i London i 2003, har ho arbeidd free-lance i heile Europa. I Noreg har ho arbeidd ved bl. a. Riksteatret, Teatret Vårt og Figurteatret i Nordland.

Inga-Live Kippersund har arbeidd med teater på ulike arenaer sidan 1982; som skodespelar, regissør, dramaturg og med visuelle konsept - men først og fremst har ho reist landet rundt saman med Turnékompaniet i snart tre ti-år. Ho var ein av dei fire første som blei utdanna scenekamplærer i Nordisk scenekampforbund i 1997. Kippersund er dagleg leiar for Hamar Teater.

Hedda Sandvig er utdanna skodespelar frå London Academy of Music and Dramatic Art og jobbar både som skodespelar og regissør. Ho har jobba på ulike teater som Det Norske Teatret, Teatret Vårt, Brageteatret, Tigerstadsteatret og SPKRBOX. Ho arbeider og mykje med dubbing og les inn lydbøker. Sandvig spelte den vonde heksa i «Trollmannen fra Oz» som vart tildelt Hedda-prisen.

Publikumskommentarer