Tilbake

dePresno

UNGDOMMENS VAL!

Representantane i Vestland Ungdomsutval har fått velje 6 produksjonar til grunnskulen og den vidaregåande skulen for skuleåret 2020/21, og "dePresno" er ein av desse!

dePresno var Urørt-finalist våren 2016 med låten «Stranger in Disguise», og i løpet av året var han ein av dei mest spelte artistane i norsk radio. Han var også med på Lindmo, Trygdekontoret og Gullruten.  dePresno fangar og engasjerer publikum med si heilt unike stemme og står fram som ein ærleg og ekte popartist og låtskrivar.


dePresno var ein av dei mest spennande debutantane frå Bergen då at han slapp «Forever» i mai 2015. Etter det har han gitt ut fleire låtar som «See You Soon» og «Mr Big» som blei Ukas Låt på P3. Gjennombrotet fekk han i 2016 med singelen «Hide And Seek».  Låten har blitt spelt meir enn 2 millionar gonger på Spotify og har blitt framført bl.a. på Lindmo og TV-Aksjonen. Dei siste åra har han halde fleire konsertar på mellom anna by:Larm, Eurosonic og The Great Escape, og han har vore på Europaturné med Aurora og Bear’s Den.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Publikumskommentarer